Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
Kursportal_1440
Kursportal_1440_hover
Bj%C3%B8rn%20Vidar%20Ler%C3%B8en_jpg%5B29%5D%20copy
Heidi%20(2)
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Publiseringsdato: 11.01.22
Tilbake_pil
Tilbake
Aktuelt

Foreldre sette i gong å bygga privat bufellesskap for barna sine

Bjørn Vidar Lerøen sin 26 år gamle son, Martin, skal i februar få flytta inn i eit privat bufellesskap for personar med psykisk utviklingshemming. Det er 10 foreldrepar som i 12 år har jobba hardt for å få dette til. Det er første gong i Stavanger at unge med psykisk utviklingshemming får eiga sin eigen bustad, organisert som eit burettslag.
Lerøen bur i Stavanger kor kommunen har eit stort etterslep på bygging av offentlegt eigde bufellesskap. Han håpar han og dei andre foreldra kan ha kvista opp ei løype som andre pårørande kan følgja.


Eit underprioritert område

Private bufellesskap av denne typen er ikkje nytt – fleire har laga slike rundt i landet, men Lerøen veit at altfor mange menneske med psykisk utviklingshemming står på venteliste for slike bustader rundt i landet. Berre i hans heimkommune står det meir enn 70 personar på venteliste. Det betyr at menneske med store omsorgsbehov blir buande heime heilt til foreldra blir gamle og ofte svært slitne.

Lerøen meiner velferdssamfunnet bør leggja langt betre til rette for menneske som er fødde med litt mindre bagasje enn resten av oss, og tykkjer det er urovekkjande at bustader til denne gruppa stadig tapar når fellesskapet gjer sine prioriteringar.

Bjørn Vidar Lerøen er leiar av foreldregruppa som har drive bufellesskapet Solborg fram. Det har vore viktig for foreldra å få til ei buform som bryt ned institusjonspreget både arkitektonisk og organisatorisk, understrekar han.


Ein modell for alle

– Dei unge vaksne som skal flytta inn har kjent kvarandre sidan dei var små barn. No skal dei få bli gamle saman her, difor har bustadane deira livsløpsstandard. Dette initiativet blei sett i gong då me fekk beskjed av kommunen om at dei ikkje hadde kapasitet til å bygge eit slikt bufellesskap til barna våre. Me som pårørande har difor hatt styringa med utforminga av fellesskapet, forklarer Lerøen.

Det vart hyrt inn eit eksternt arkitektfirma. Kommunen står ansvarleg for prosjektgjennomføringa, men foreldregruppa har heile tida hatt stor innflyting på prosessen. Bufellesskapet har 11 leilegheiter til brukarane, samt ein baseleilegheit til tilsette. No er ei ny foreldregruppe i gong med eit liknande prosjekt i Stavanger, fortel han.
 

Dei unge vaksne som skal flytta inn har
kjent kvarandre sidan dei var små barn.
No skal dei få bli gamle saman her...


– Me som står bak bufellesskapet Solborg er nok ressurssterke foreldre, men det er ikkje økonomien som er det avgjerande her. Det har vore viktig for oss å få til ein modell som gjer at dette er noko alle foreldre og brukarar kan ha råd til. Modellen legg opp til at bustadane blir finansierte gjennom rammetilskot og Husbank-lån, samt trygda til den enkelte brukar. Det skal såleis vera økonomisk mogleg for alle menneske med psykisk utviklingshemming å eiga eit husvære i eit privat bufellesskap, heilt uavhengig av kva økonomi foreldra har, poengterer Lerøen.


– Håpar me har brøyta veg

Han håpar denne nye modellen vil gjera det enklare for andre foreldre å gå i gong, dersom dei bur i kommunar som ikkje har nok slike offentlege bufellesskap.

– Retten til å eiga sin eigen bustad står nedfelt i FN-konvensjonen. Ein kan innvenda at ikkje alle menneske med psykisk utviklingshemming vil kunna ta inn over seg at dei eig bustaden sin, men det er etter mitt syn lite relevant. For dette har ein verdi i seg sjølve og handlar om korleis samfunnet behandlar, og ser på, denne gruppa menneske. Det har med menneskeverd å gjera, seier han.

Han viser til at burettslagstanken prega heile etterkrigstida. Gjennom fellesskapet kan ein saman løysa ganske store prosjekt. Det er også Solborg eit døme på.

Prosessen har vore krevjande og tatt svært lang tid. Bjørn Vidar Lerøen seier prosjektet har fått støtte frå alle parti i heimkommunen. Det er sjølve systemet, byråkratiet, som har vore bremseklossen, sidan mange prosessar tek veldig lang tid. Han håpar nye foreldre vil oppleva at prosessen går raskare i framtida.
 

Det har vore viktig for oss å få til ein modell
som gjer at dette er noko alle foreldre og
brukarar kan ha råd til.


Slitne aleinemødrer på åtti

Han har møtt mange slitne foreldre, ofte eldre kvinner på rundt 80, som framleis har ein vaksen son eller ei vaksen dotter buande heime. Mange av desse bur heller ikkje saman med far til barnet, og er difor åleineforeldre. Det er difor avgjerande å få fart på bygginga av slike bufellesskap – både i privat og offentleg regi, understrekar han.

Kvar brukar i bufellesskapet eig sin 55 kvadratmeter store leilegheit. Denne inneheld alle fasilitetar. Burettslaget er ei eiga juridisk eining. Generalforsamlinga er sett saman av brukarane sine foreldre eller verger. Desse vel eit styre for burettslaget som syter for gjennomføring av praktiske oppgåver som betaling av lån og straumrekningar og snømåking.

Alle brukarane har vedtak på at dei treng tilsyn i varierande grad. Det er kommunen som tilset dei som skal stå for dette tilsynet i bufellesskapet.

– Me foreldre har møtt stor forståing frå kommunen når det gjeld våre ønske om korleis bufellesskapet skal bemannast. Barna våre treng kvardagar med rutinar, difor er det viktig at folk i størst mogleg grad arbeider i fulle stillingar. Det er også viktig for oss at dei tilsette har erfaring med denne brukargruppa frå før. Gode norskkunnskapar er også noko me har lagt stor vekt på. Me bryr oss ikkje om den tilsette kjem frå Vietnam eller Kosovo, men alle må kunna snakka godt norsk. Barna våre krev tydelegare kommunikasjon enn dei fleste, difor har dette vore eit sentralt krav frå oss, forklarer Bjørn Vidar Lerøen.


Erfarne tilsette viktig

Dei fleste som skal bu på Solborg har Downs syndrom. Lerøen forklarer at for desse er det særs viktig å ha faste og føreseielege rammer rundt kvardagen, for at dei skal kjenna seg trygge.

– Desse menneska lever mykje i augneblikket og det krev mykje å vera i deira verd og gjera det slik at dei får eit godt liv. Tilsette med erfaring er difor heilt avgjerande, påpeiker han.

Bjørn Vidar Lerøen er nøgd med samarbeidet med alle etatar i prosessen, sjølv om alt har tatt mykje lenger tid enn ønskeleg. Han er glad han har fått retta folkevalde og byråkratars merksemd mot ei gruppe menneske han meiner til dels blir forsømde av velferdsstaten. Noko som også går ut over gamle foreldre som sårt treng litt avlasting i alderdommen.
 
Tilbake_pil
Flere aktuelle saker
Aktuelt
printer
Skriv ut

← Gå tilbake

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Far til Siv Stafsnes Gregersen var to personar i ein, ein karismatisk og sjarmerande far det eine augneblikket, ein hustyrann det neste.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten