Nakstad%20Finn%20Oluf%20NyquistHelsedirektoratet-1

← Gå tilbake

Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

Ingen fare å senda sine kjære på sjukeheim

Smitte og fleire dødsfall på sjukeheimar har gjort at pårørande nøler med å senda sine kjære på avlastning. Det er det ifølge Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet ingen grunn til.
– Eg forstår at ein kan vera uroa over smitte på sjukeheimar, men det er nå svært lite koronasmitte i samfunnet, og sjukeheimane har etablert gode rutinar for smittevern. Difor er risikoen nå veldig mykje mindre enn den var for å bli smitta på helse- og omsorgsinstitusjonar.

Helsebyråkraten Espen Rostrup Nakstad har vunne folkets hjerte under koronakrisa. Han har fått eiga fanside på Facebook, og blei nyleg utpeika til den personen nordmenn tenkjer mest positivt om i desse koronatider. Helsedirektoratets Nakstad dankar ut både statsministeren og helseministeren i undersøkinga Norstat gjorde for ABC Nyheter.
 

Komplisert tittel, enkelt språk

Mannen med den lange og kompliserte tittelen har i eit enkelt og forståeleg språk forklart oss kva koronaviruset er, og korleis me best kan beskytta oss mot det. Den fungerande assisterande direktøren har også delt litt av si eiga personlege historie i mellom anna Aftenposten og TV2.
 

– Eg forstår at ein kan vera uroa over smitte på sjukeheimar, men det er nå svært lite koronasmitte i samfunnet, og sjukeheimane har etablert gode rutinar for smittevern.


Her kjem han inn på kva tapet av tvillingbroren Anders i 2014 har gjort med han. Broren som arbeidde som lege, døydde då ein luftambulanse styrta. Han har mellom anna sagt at det kjem lite positivt ut av å mista ein bror, men at han likevel prøver å gjere det beste ut av det. For han har det vore viktig å ta med seg gode minne og bygge på det, i tillegg til å vera til stades for dei i familien som treng det. Nakstad har dermed førstehands kjennskap til rolla som pårørande.
 

Tøft for pårørande nå

Espen Rostrup Nakstad har stor omtanke for pårørande og føler spesielt med dei som opplever at deira kjære blir lagt inn på sjukehus i desse tider.

– Det kan vera ei stor påkjenning å vera pårørande til ein som blir lagt inn på sjukehus. Ein er ofte usikker på kor alvorleg sjukdommen er og om behandlinga hjelper. Dette gjeld ikkje minst ved covid -19, som nok har gitt mange uro for sine næraste, skriv Nakstad.

– Pårørande til menneske med andre sjukdommar enn covid-19 har opplevd at mange av hjelpetilboda har forsvunne eller blitt utsette då helsevesenet gjekk inn i krisemodus. Dei har dermed fått ein meir krevjande situasjon enn nokon gong før, gjerne med døgnansvar for eit familiemedlem med alvorleg sjukdom. Tenkte de på desse gruppene før de gjekk til dei inngripande tiltaka i mars?

– Koronapandemien har fått store konsekvensar ikkje berre for dei som blir smitta av sjukdommen, men også for andre som er avhengige av helsetenester. Me har sett i dei fleste land i verda at di fleire pasientar som blir innlagde med covid-19, di meir går det ut over andre pasientgrupper som får redusert oppfølging og utsette operasjonar. Dette er ein av årsakene til at me i Norge har hatt som mål å få ned smittetala gjennom aktive tiltak, slik at helsetenesta ikkje blir overbelasta og kan fungera mest mogleg normalt, forklarer Espen Rostrup Nakstad.
 

Pårørande er ikkje politi

På spørsmål om kva ein som pårørande kan gjere dersom ein er uroa over at eldre menneske ikkje beskyttar seg noko særleg mot å bli smitta av koronaviruset, svarar Nakstad at ein bør diskutera og vurdera  risikoen med den ein er pårørande til. Men han legg til at ein samstundes må respektera at menneske har ulike ønske og tek ulike val.
 

– Det kan vera ei stor påkjenning å vera pårørande til ein som blir lagt inn på sjukehus. Ein er ofte usikker på kor alvorleg sjukdommen er og om behandlinga hjelper.


Nakstad har lang erfaring som lege og var på vakt på akuttmottaket på Ullevål 22. juli 2011 då hardt skada terroroffer kom inn. Tre år seinare organiserte han operasjonen då Norges første ebolasmitta pasient kom til Ullevål. Han fekk også oppgåva å overtyda folk om at smitten ikkje ville spreia seg.

Til Aftenposten seier Nakstad at krisesituasjonar han har stått i har lært han at det veldig viktig å kommunisera ærleg i usikre tider. Hans filosofi er at det truleg gjer folk tryggare at ein ikkje skjuler det ein er usikker på.
 

Pårørande til stor hjelp

Til Pårørendesenteret skriv han at han ser på pårørande som ein viktig ressurs både for pasientar og helsetenesta. Dei fleste pårørande oppfattar han som støttande og dei er med og bidreg positivt når ein av deira næraste er innlagt på sjukehus. Det er også viktig for innlagte pasientar å få besøk av pårørande, sjølv om dette dessverre har blitt vanskelegare under koronapandemien.

Foto: Finn Oluf Nyquist/ Helsedirektoratet

 

← Gå tilbake

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Som pårørande til ein dement, har Anne-Brit blitt spesialist på å fortelje det same på ti forskjellige måtar. Før mannen hennar fekk demens-diagnosen, blei ho ofte sint på Otto som spurte om det same om att og om att.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten