Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
04. september 2019

Korleis kan du takla livet slik det er?

Det er det grunnleggjande spørsmålet Åse Frafjord Johnson etterkvart lærte å stilla seg, etter at ho miste ektemannen Ivar i kreft i 2009.
A%CC%8Ase%20Frafjord%20Johnson_Fotograf-Knut%20Vindfallet
Foto: Knut S. Vindfallet
Åse er ein av føredragshaldarane under årets Pårørendekonferanse i Sandnes 25. og 26. september.

58-åringen er busett i Stavanger. Ho er forfattar, illustratør og føredragshaldar – med lang fartstid som lærar.


Kaos og sjokk

Ivar og Åse møttest ganske seint i livet og ho skulle berre få fem og eit halvt år saman med han som ho karakteriserer som sin store kjærleik. Å mista Ivar, var å mista fotfestet.

– Eg sat igjen i eit kaos av vanskelege kjensler. Det var både fysisk og psykisk krevjande, men det aller tyngste var kjensla av å vera åleine, fortel ho.

– Av natur er eg ein person som kan vera litt uroleg og grublande. Ivar hadde ei anna grunnhaldning. Han var ein løysingsorientert optimist. Måten han takla kreftsjukdommen på gjorde sterkt inntrykk på meg.

Ektemannen hennar insisterte på å konsentrera seg om det som var bra og som fungerte, i staden for å grava seg ned i det sjukdommen tok i frå han. Ivar var ein meister til å dyrka dei små gledene.


Korleis skal dette gå?

Dei første vekene etter han døydde sat Åse att i sjokk og sorg og undra på korleis ho skulle komme seg gjennom dette. Etter eit par månadar byrja ho å spørje seg sjølv kva ho kunne gjere for å gå vidare og gjennom det ta vare på essensen av det Ivar hadde lært henne om å sjå det ein har, og ikkje berre det ein ikkje har.
 

Å prøva å læra meg å forhalde
meg til livet slik det er, og ikkje
slik det burde vore, gjorde at eg
følte meg  litt mindre låst.


Åse tok fram ei notisbok der ho ville skriva opp ting som gjer henne glad, i Ivars ånd.

– Dette gjorde eg ikkje som ei slags flukt frå sorga, men for å hjelpa meg sjølv vidare, presiserer ho.

Bodskapen frå boka «Kaja» av Olav Gunnar Ballo der han skriv om dotteras sjølvmord, beit seg fast i Åse. Livet er korkje rettvist eller urettvist, livet berre er.

– Denne innsikta gjorde inntrykk på meg. Vi kan føla livet er urettvist og meine vi burde sloppe smerte og sorg. Å prøva å læra meg å forhalde meg til livet slik det er, og ikkje slik det burde vore, gjorde at eg følte meg litt mindre låst. Eg får uansett ikkje Ivar tilbake, så kva kan eg gjere for å hjelpe meg sjølv vidare?

Åse fortel at det gjekk med små skritt i starten. Notisboka blei eit viktig verktøy.


Teikna glade jenter

– Å skriva og teikna hjalp meg vidare. Til mi forundring teikna eg smilande jenter i sterke og glade fargar. Det var det eg trong der og då. Teikningane løfta meg og hjalp meg å meistra det eg stod i. Og så brukte eg mange sitat, for eg klarte ikkje for mange ord. Sitat sa mykje viktig med få ord. Teikningane og skrivinga blei min måte å halda meg fast i livet, forklarer Åse.

Seinare fekk teikningane av dei glade jentene også selskap av jenter som var både triste og sinte.

Notisboka blei til boka «Livet er…» som kom ut eit år etter Ivar døde. Nytt opplag kom i 2013, og i haust kjem ein utvida versjon av boka som har fått tittelen «Livet bare er» Undertittel: «Om motgang og tunge steiner, om håp, inspirasjon og usynlig gull.»
 

Eg kjente på at eg slett ikkje alltid
klarte å leva slik eg sjølv hadde
teikna og skrive om. Eg fiksa det
ikkje, og er glad eg nå har fått
høve til å laga ein omarbeidd
versjon.


Åse har fått mange tilbakemeldingar om at livsmeistringsboka hennar har vore til hjelp for både fagfolk, pårørande og menneske som er sjuke.

– Folk seier at dei kjenner seg att. Eg har og erfart at bilete gir ein tilleggsdimensjon. Det kan fort bli vel mange ord. Bileta gir hjelp til å forstå ting på ein annan måte, og hjelper oss å setje ord på tankar og kjensler, påpeiker forfattaren.


Møtte meg sjølv i døra

For Åse blei det etter kvart viktig å utdjupe og nyansere innhaldet i den første boka.

– Eg har møtt meg sjølv i døra nokre gonger. Nå kan eg bli provosert av dei glade jentene eg teikna i den førre boka. Til og med der det handla om ein drittdag smilte jenta. Eg kjente på at eg slett ikkje alltid klarte å leva slik eg sjølv hadde teikna og skrive om. Eg fiksa det ikkje, og er glad eg nå har fått høve til å laga ein omarbeidd versjon. Tida har gått og eg bearbeider ting på ein annan måte nå enn då.

58-åringen fortel at ho stort sett har det bra nå, men sorga og saknet vil alltid vera der, så alle dagar er ikkje like lette.

Åse poengterer at det er viktig å akseptere seg sjølv på godt og vondt. Den nye boka reflekterer at ho er kommen lenger, og har endå fleire refleksjonar og dimensjonar å komma med, enn då ho var i ein heilt fersk sorgprosess, og trong dei glade jentene å klamre seg fast i.

Slik tek Åse også vare på gåva Ivar gav henne, evna til å leita etter det som er godt midt i det vanskelege.

– Ivar lærte meg at det er vårt val kva me vil konsentrera oss om. Eg seier ikkje det alltid er enkelt, men dette har hjulpe meg mykje i åra etter eg mista han, seier Åse Frafjord Johnson.


Ønsker du å delta på Pårørendekonferansen?

Pårørande kan delta til redusert pris. Les meir og meld deg på her.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut