GJERDRUM%20Lars%20Lier

← Gå tilbake

Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Publiseringsdato: 03.02.21

Lokalavisa i Gjerdrum: – Media må nærma seg pårørande varsamt

Redaksjonen i Romerikes Blad har i mange år vore medvitne om å vera forsiktige i si tilnærming til pårørande etter ulukker. Dette gjaldt også då leirskredet ramma Gjerdrum 30. desember i fjor og lokalavisa fekk konkurranse frå dei riksdekkande media om å levera siste nytt frå katastrofeområdet.
Jaget etter gode historier frå overlevande og pårørande går ikkje ut over ei høfleg framferd, er redaktørens inntrykk.
 

Folkeskikk i ryggmargen

– Alle journalistar skjøna fort kva katastrofe dette var både for dei som blei redda, dei evakuerte og dei pårørande. Mitt inntrykk er at alle journalistane oppførte seg bra i Gjerdrum, også våre folk. Folkeskikk veg tyngre enn å vera først ute. Eg føler det generelt har vore ei forbetring dei siste åra, før var det nok vanlegare at mange gjekk meir brutalt til verks, seier konstituert ansvarleg redaktør i Romerikes Blad (RB), Lars Lier.
 

Avisas pårørandestrategi har vore tema i mange gode diskusjonar i åras løp, og dei tilsette visste korleis dei skulle gå fram.

 
 Til lokalavis å vere er RB ei av dei større med ein redaksjon på knappe førti personar. Avisa sitt dekningsområde spenner over 12 kommunar med rundt 300 000 innbyggarar, blant desse er Gjerdrum ein av dei minste.

– Redaksjonen kjende ikkje nokre av dei som var hardast ramma, ingen av journalistane som dekka skredet bur i Gjerdrum.

Då alarmen gjekk, samla både journalistar og leiarar seg i avisa for å få dekka katastrofen. Avisas pårørandestrategi har vore tema i mange gode diskusjonar i åras løp, og dei tilsette visste korleis dei skulle gå fram.
Eit tidleg element i dekninga var også kva bilde frå rasområdet som skulle publiserast.
 

Dei første bilda

Eit element i den tidlegaste fasen er å være varsam med levande bilde som viser for mange detaljar. Dette er nok endå viktigare vurderingar frå medium som berre sender levande bilde, men også for oss var det viktig å ikkje bruke bilde som kunne gi pårørande ein sjokkarta beskjed, nesten heilt ut av det blå, før dei offentlege etatane var komne skikkeleg i gong med arbeidet sitt, seier Lier.
 

Fleire pårørande la ut meldingar der dei etterlyste sine kjære. Som så ofte før kjem informasjonen raskare ut her enn via dei redaktørstyrte media.


– Som alltid ved ulukker var det viktig for oss at me ikkje tråkka for nært på dei pårørande for fort. Samstundes var informasjonsbehovet der ute, både blant pårørande og andre, enormt. Kven er råka? Kven er sakna? I starten var 26 personar sakna. Ei viktig oppgåve for våre journalistar var naturlegvis å finne ut kven desse var, utan å forstyrra dei pårørande for mykje. Svara me leitte etter låg ofte på sosiale medium som Facebook, og desse blei ei viktig kjelde til informasjon i denne første fasen. Fleire pårørande la ut meldingar der dei etterlyste sine kjære. Som så ofte før kjem informasjonen raskare ut her enn via dei redaktørstyrte media, erkjenner redaktøren.
 

Facebook, ein invitt

– Slik kom vi tidleg i kontakt med den første pårørande vi intervjua. Innlegget han posta offentleg på Facebook gjorde det mogleg for oss å ta kontakt og spørje om han ville dela si historie gjennom avisa også. Det første forsøket på å ta kontakt, bør vere skriftleg, anten på Messenger eller via sms. Å ringe, kan vere litt for direkte like etter ei ulukke. Dersom nokon ikkje svarar på ei melding, går det an å ta kontakt på nytt etter ei stund, er mi erfaring. Det er nemleg ikkje slik at fordi om dei ikkje svarar med det same, så betyr det at dei ikkje kontakt med journalistar. Det kan like gjerne vere fordi dei står opp i noko som er så overveldande, at nokre meldingar går dei hus forbi, forklarer Lier.
 

Utfordringa for pårørande kan vera at det blir eit stort trøkk samla sett.


Redaktør Lier meiner dei aller fleste journalistar er forsiktige når dei prøver å etablere kontakt med pårørande etter ulike ulukker. Dei fleste journalistar har eit felles syn på korleis pårørande skal behandlast. Redaktøren kjenner seg difor rimeleg sikker på at avisa ikkje har tråkka på nokon gjennom si dekninga av leirskredet.
 

Ha følarar ute

Lars Lier meiner det kan vere lurt å nærme seg pårørande via omvegar, dersom dei ikkje sjølve har lagt ut noko på nettet. Då kan me først vende oss til nokon som kjenner dei, før me tek direkte kontakt, forklarer han.
Lier trur journalistar i både lokale og nasjonale media har omtanken for pårørande langt framme når dei dekker ulukker. Hans inntrykk er at journalistane fór fint fram i Gjerdrum.

– Utfordringa for pårørande kan vera at det blir eit stort trøkk samla sett. For har du snakka med ei avis, ringer snart fleire og vil snakka med deg om det same. Det kan nok kjennast litt krevjande for somme, trur Lars Lier.

Av og til tek pårørande sjølv kontakt med avisa for å gje tilleggsinformasjon i ei sak. Det tek redaktøren som eit teikn på at journalisten har klart å skapa tillit hjå den pårørande.

Sjølv om avisas redaksjon tidleg fann fram til namn på involverte og pårørande, venta dei med å ta kontakt. RB fungerte også som ein kanal for kommunal informasjon ut til omverda, slik at mange fekk svar på mykje av det dei lurte på av praktiske ting under krisa.
 

Pass på kva dei seier

Å intervjua pårørande, evakuerte elle redda som kanskje er i sjokk, krev eit ekstra vake blikk frå journalisten. Lars Lier meiner det er viktig å vurdera om den pårørande er i ein tilstand som gjer det rett å bruke vedkomande som intervjuobjekt.

– Somme snakkar kanskje for mykje, eller må hjelpast til å få fram det dei ønsker å formidla på ein måte som ikkje kan slå feil ut, forklarer redaktør Lier.

For han er bilulukker ei stadig påminning om kor viktig det er å ta omsyn til dei pårørande og ikkje leggje ut bildet frå ulukkesstaden med lett gjenkjennelege teikn.
– Hendinga må me registrere, men det er ikkje naudsynt å vise for mykje av dei involverte køyretøya, for å ikkje risikera at pårørande får beskjeden via oss og ikkje via helsevesenet, prest eller politi. Når det er sagt, kan jo ofte dei pårørande ha fått vita om ulukka gjennom sosiale medium, men det er jo ikkje vårt ansvar, me ønsker uansett å skåna dei pårørande i størst mogleg grad, påpeiker Lars Lier.
 

Pårørande ønsker å vita

Det er for tidleg å evaluera avisa si totale rasdekning ennå, konkluderer han, men Lier meiner RB oppfylte informasjonsbehovet til innbyggarane. Eit ledd i det var å låse opp fleire artiklar enn vanleg, for å sikre at folk fekk viktig og relevant informasjon i unntakstilstanden som oppstod etter leirraset. Her kunne folk til døme finna ut kvar dei kunne henta vatn.

Informasjonsbehovet i slike situasjonar er stort. I andre samanhengar  har pårørande fortalt at dei las kvart ord. Det er altså ikkje uvanleg at dei som er involvert har eit ekstra stort informasjonsbehov, seier redaktør Lars Lier.
 

← Gå tilbake

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Lisa Edland Albrigtsen og Sindre Stokkebø Idland fekk vita at dotter deira Liva hadde eit svært alvorleg syndrom. Beskjeden fekk dei frå Barne- og ungdomshabilitering (HABU) i Stavanger ein fredag ettermiddag. Deretter blei dei sende heim med ei bunke brosjyrar.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten