Flytting%20bruk

← Gå tilbake

Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

Pårørendesenteret på flyttefot

Frå andre veka av august vil Pårørendesenteret bli å finne i Innovasjonsparken på Ullandhaug i Stavanger, der de blir en del av en voksende helseklynge.
– På Ullandhaug kjem me nær Universitetet og det nye sjukehuset og vil bli ein del av HelseCampus Stavanger. Nye samarbeidspartnarar vil styrka oss fagleg, forklarer dagleg leiar, Unn Birkeland.
 

Mye ekspertise samla

HelseCampus Stavanger er navet på ei regional forskingsbasert helseklynge der eit av måla er å stå for nyvinningar innafor helse- og omsorgstenestene.

– Flyttinga vil komma både pårørande og tilsette ved senteret til gode, forsikrar dagleg leiar Unn Birkeland.
 

Å flytta dit kor så mykje ekspertise er samla, vil styrka pårørandeperspektivet generelt. Samstundes er det  motiverande for oss som er eit nasjonalt tilbod og komma tettare på andre fagmiljø.


– Dette er óg ei anerkjenning av dei pårørande. Å flytta opp dit kor så mykje ekspertise er samla, vil styrka pårørandeperspektivet generelt. Samstundes er det  motiverande for oss som er eit nasjonalt tilbod og komma tettare på andre fagmiljø. På den måten kan me bidra inn med meir erfaringsbasert kunnskap frå pårørande, framheld Ingvil Aarrestad Godeset som er tilsett ved Pårørendesenteret kor ho er tillitsvald. Ho sit også i styret for stiftelsen.
 

Rusta for vekst

– Me har est ut av lokala i Stavanger sentrum. For å vekse både i talet på tilsette og fagleg, er det naudsynt å flytta på seg. På Ullandhaug kjem me nær Universitetet og det nye sjukehuset og vil bli ein del av HelseCampus Stavanger. Det vil styrka oss fagleg, forklarer Birkeland.

Ei kartlegging Prospera Stiftelsen gjorde av Pårørendesenteret nyleg viser at senteret treng vekst og utvikling med tanke på å styrka posisjon og merkevare. Ei flytting til eit stad med større fagmiljø er ein viktig del i denne prosessen, ifølge Unn Birkeland.
 

På Ullandhaug kjem me nær Universitetet og det nye sjukehuset og vil bli ein del av HelseCampus Stavanger. Det vil styrka oss fagleg.


Huset i Vaisenhusgata i Stavanger, som senteret har halde til i sidan 1998, har ikkje universell utforming, noko dei nye lokala i Innovasjonsparken på Ullandhaug har.

– Her vil det også bli langt betre plass for dei tilsette. Nå vil alle få eige kontor. Senteret vil også få tilgong til flotte møterom som kan husa store forsamlingar. Det blir dermed slutt på å  måtta leiga møterom på hotell. Møteromma på senteret i Vaisenhusgata har dessutan ikkje hatt ventilasjon, og ein har difor ofte måtta opna vindauga for å få inn frisk luft, med dei forstyrringane det kan gi. Familierommet vil også bli mykje større og betre.
 

Eldorado for walk and talk

I dag må pårørande gå inn same dør som alle andre ved Pårørendesenteret, og venterommet er lite. I dei nye lokala blir det eigen inngang for dei pårørande som ønsker det. Venterommet er også langt romslegare.
 

Noko av det heimekoselege som dei pårørande set pris på, vil me naturlegvis ta med oss.


For dei som vel hovudinngongen, trur Ingvil Aarrestad Godeset det vil kjennast godt å sjå at Pårørendesenteret ligg i lag med mange ulike typar bedrifter. På den måten kan dei pårørande bli minna om at pårørandearbeid har sin naturlege plass i samfunnet. Godeset håpar også at folk som kjem til Innovasjonsparken i andre ærend, kan få ei påminning om at det å vera pårørande er ein del av livet, ved å sjå skiltet til senteret her.

– I korornatida har pårørande ikkje kunna komma og få samtalar ved Pårørendesenteret. I starten føregjekk alt over telefon, då smittevernsreglane blei lempa på lanserte me eit nytt tilbod. «Walk and talk», eller gå og snakk på godt norsk. Det har vore så populært blant mange pårørande at me vil ta tilbodet med vidare, uavhengig av smittesituasjonen. På Ullandhaug ligg det mykje betre til rette for slike gåande samtalar enn nede i bysentrum, påpeiker Unn Birkeland.
 

Kaffimaskina blir med

Ho meiner dei nye lokala vil stå meir i stil til dei tilboda senteret faktisk gir. Slik det er nå kan ein fort få ei kjensle av å komme inn i eit privathus i lokala i Vaisenhusgata.

– Det betyr ikkje at det skal bli kaldt og klinisk i lokala på Ullandhaug, noko av det heimekoselege som dei pårørande set pris på, vil me naturlegvis ta med oss. Både møblane og kaffimaskinen blir med på flyttelasset, forsikrar ho.

Ullandhaug har gode bussforbindelsar, og for besøkande som kjem med bil, finst det mange parkeringsplassar.

Ved å flytta kjem Pårørendesenteret også nært SUS sitt treningssenter for pasientar og pårørande. Unn Birkeland ser fram til at senteret vil få ei sterkare fagleg tilknyting til HelseCampus Stavanger gjennom flyttinga.

Meir om Helsecampus Stavanger kan du lese her.

← Gå tilbake

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Som pårørande til ein dement, har Anne-Brit blitt spesialist på å fortelje det same på ti forskjellige måtar. Før mannen hennar fekk demens-diagnosen, blei ho ofte sint på Otto som spurte om det same om att og om att.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten