Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
08. april 2020

Se Meg kan bli lagt ned

Se Meg-stasjonen på Jæren har sidan starten i 2016 hjulpe rundt 400 familiar. Tilbudet er retta mot barn og unge som pårørande.
AKTUELT%20Se%20meg
Etterspørselen aukar stadig, men ved årsskiftet står dette gratistilbudet i fare for å bli lagt ned, av økonomiske årsaker. Se Meg-stasjonen er diagnoseuavhengig. Det betyr at barn og unge ikkje treng ha ei pårøranderolle til nokon som er fysisk sjuke, også barn som til dømes lever nær rus, vald, psykisk sjukdom, eller opplever sjølvmord eller skilsmisse, kan få hjelp hjå Se Meg.

Oddbjørg Vigrestad Mellemstrand grunnla saman med no avdøde Venke Kjetilstad Muff Se Meg for snart fire år sidan.
 

Stor givarglede

Før Mellemstrand vil fortelje om dei økonomiske utfordringane, ønsker ho først og fremst å uttrykke si djupe takksemd til alle som har gitt noko til Se Meg- stasjonen, anten i form av gåver, arbeidsinnsats eller pengar.
 

Det kan gå mot ei styrt avvikling
i løpet av året om me ikkje får til
ein berekraftig og meir langsiktig
økonomisk modell.


– Arbeidet vårt har i alle år vore avhengig av gåver og donasjonar frå lag, organisasjonar og næringsliv, samt innsats frå mange frivillige. Me har fått veldig mykje hjelp frå svært mange aktørar, men då helst i form av hjelp og gåver. Utfordringa vår er at me lever frå hand til munn. Difor har me ingen langsiktige og stabile inntekter. Av den grunn har me komme fram til at det blir for slitande for oss tilsette å arbeida slik i lengden. Det kan dermed gå mot ei styrt avvikling i løpet av året, om me ikkje får til ein berekraftig og meir langsiktig økonomisk modell, seier Mellemstrand som er ein av tre tilsette ved Se Meg-stasjonen.
 

Stor frivillig innsats

Sjølv er ho helsesjukepleiar. Stasjonen har også ein sosionom og ein miljøterapeut. Elles er rundt 100 frivillige med og lagar faste og varierte aktivitetar for barna kvar månad. I fjor la dei frivillige ned over to årsverk, fordelt på 4000 timar.

Rundt 400 familiar har vore i kontakt med Se Meg stasjonen sidan 2016. Stasjonen tilbyr mange kjekke opplegg der barn som pårørande kan møta andre likesinna. Se Meg driv også ulike sorggrupper og tilbyr individuelle samtalar til barn og unge som treng det. Ein har også eit eige tilbod til barn som har fedre i fengsel.

Oddbjørg Vigrestad Mellemstrand har vore i kontakt med både statsminister Erna Solberg og familie og omsorgsdepartementet for å tala Se Meg-stasjonen si sak.
 

Drøymer om faste summar

Draumen då ho og Venke starta tilbodet i ein nedlagt jernbanestasjon på Vigrestad, var at tilbodet skulle bli nasjonalt. Det er det ikkje blitt, difor er det også vanskeleg å få inn pengar frå staten, innser Oddbjørg Vigrestad Mellemstrand.
 

Altfor mykje tid går med til å få
inn nok pengar, tid som heller
burde blitt brukt på barna.


Men ho drøymer om at jærsk næringsliv og fleire kommunar i regionen, samt fylket kan gå inn for å gi Se Meg årlege pengeoverføringar, slik at dei heile tida slepp gå rundt med hatten i handa og tigge etter pengar.

– Altfor mykje tid går med til å få inn nok pengar, tid som heller burde blitt brukt på barna, meiner ho og er klar over at pengane ho ønsker seg, truleg ikkje sit lausare i eit korona-prega næringsliv.

Mellemstrand har også eit sterkt ønske om at kommunane i det geografiske nedslagsområdet for stasjonen set av ein fast sum til stasjonen kvart år.
 

Det siste me vil

Det vil likevel vera med svært tungt hjarte dei tilsette og styret må fatte ei avgjerd om avvikling. For eigentleg drøymer dei om å utvida med ein stasjon til.

Ho fortel at brukarundersøkingar blant barn og unge som har brukt tilboda ved stasjonen, får det lettare kjenslemessig, mange  tykkjer det er svært godt å få møta likesinna på sine eigen alder.

– Me driv arbeid både mot barn og unge som pårørande til sjuke, men også retta mot unge som har mista sine kjære på grunn av sjukdom eller brå død. Sorgstøttearbeid mot unge er eit forsømt område i Rogaland, så også her meiner me at Se Meg er og har vore ein viktig ressurs, påpeiker ho.

Oddbjørg Vigrestad Mellemstrand meiner stasjonen kan få ein langsiktig økonomi om alle dei gode samarbeidspartnarane som har vore der heile tida, vågar å tenkja litt innovativt.
 

Min draum er at vårt konsept kunne
blitt sett på som ein del av skulehelsetenesta.


– Bedriftene som har gitt oss gåver har i fleire høve vore med og hjulpe menneske som seinare vil bli arbeidstakarar hjå desse verksemdene. Arbeidet me gjer blir i stor grad utført på dugnad gjennom frivillige, men den samfunnsøkonomiske verdien er svært stor. Me avlastar fleire kommunale tilbod innan psykisk helse, til dømes. Min draum er at vårt konsept kunne blitt sett på som ein del av skulehelsetenesta, seier ho.
 

Heilskap og ikkje fragment

– I dag er arbeidet rundt mange barn og unge så fragmentert. Se Meg prøver å sjå heilskapen rundt barna me hjelper. Difor skjer samtalane i skuletida, slik at eleven ikkje må skofte handballtreninga for å gå på sorggruppe om kvelden. Tanken er å møta barna på deira heimebane, og leggja til rette for at dei normale kvardagsaktivitetane i minst mogleg grad blir forstyrra. I tilfelle der Se Me Stasjonen er med på møte om ein elev på skulen, dreg me også inn trenaren til barnet, slik at flest mogleg av dei eleven har rundt seg i livet sitt, får eit innblikk i korleis han eller ho har det.  Av den grunn hjelper stasjonen ikkje berre barnet, men også familien om det trengst. Familiar som slit kan mellom anna  få hjelp til køyring av barn og husmorvikar, fortel Mellemstrand.
 

Ved å vera eit gratis og frivillig tilbod,
får me familiar som oppsøker oss,
fordi dei verkeleg ønsker hjelp.


Ho presiserer at ho ikkje ønsker at Se Meg stasjonen skal bli eit kommersielt tiltak der barn og unge må betala for å komma. Tilbudet skal framleis vera ein kombinasjon av fagfolk og frivillige.

– Skulle me vore reindyrka profesjonelle, ville me mista lågterskelpreget vårt og meir bli eit tilbod for familiar som var «tvungne» til å oppsøka oss. Ved å vera eit gratis og frivillig tilbod, får me familiar som oppsøker oss, fordi dei verkeleg ønsker hjelp. Sjølv om me får ei langsiktig finansiering i boks, så er vår tanke at den frivillige innsatsen framleis skal stå sterkt. I alle år har me fått til utruleg mykje for relativt små summar. Men for at folk ikkje skal slita seg ut, treng me ei viss utviding av det økonomiske tryggleiksnettet vårt, understrekar ho.
 

Psykiske helse er satsingsområde

– Med tanke på forsking som viser at mange barn og unge slit, burde tilbodet vårt vera verd å bruka pengar på, påpeiker Oddbjørg Vigrestad Mellemstrand.

– Psykisk helse er eit satsingsområde, men mi erfaring er at pengane helst blir brukte på nye prosjekt, i staden for å satsa på noko som fungerer.

Oddbjørg Vigrestad Mellemstrand understrekar at ho framleis brenn for dette arbeidet, men at ho ikkje kan tøye strikken lenger. Og ho håpar verkeleg at alle gode givarar skjønar utfordringa dei står oppe i.

Du kan lesa meir om Se Meg på Facebook her, eller på nettsida semeg.no
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut