Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
28. mars 2022

Sex på sjukeheimen

Kva gjer du når den demente partnaren din finn seg kjærast på sjukeheimen?
MicrosoftTeams-image
Spesielt demens kan føra til eit anna seksualmønster for mange par. For somme kan det også vera vanskeleg å liggja med nokon som ikkje lenger er heilt seg sjølv, for andre kan auka sexlyst hjå den eine, skapa utfordringar i samlivet.

Fagsjef demens og kognisjon og professor Siren Eriksen ved Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse har arbeidd ein del med dette. Ho har spesielt konsentrert seg om seksualitet, nærleik og demens.
 

Sex meir enn samleie

– Eg brukar Verdas helseorganisasjon sin definisjon av seksualitet. Denne famnar mykje breiare enn sjølve samleiet og utløysinga, og handlar også om fysisk nærleik som hudkontakt og intimitet, seier Eriksen.

– Grunnen til at det er viktig å sjå seksualiteten som eit tema også i eldre menneske sitt liv, er at dette er eit grunnleggjande behov alle menneske har. Men seksualiteten kan naturlegvis endra seg som følgje av alder, sjukdom eller ting som skjer i parforhaldet, seier Eriksen.

Ho seier det ikkje er grunn til å tru at dei som bur på sjukeheimar har mindre behov for seksualitet enn andre menneske.
 

Eg ville tenke meg godt om
før jeg skilte dei to forelska
ved å flytta dei til ulike avdelingar.

 
– Dei som bur her kan også bli forelska og dei kan ha fysisk nærleik til både partnar eller nye dei blir kjent med på sjukeheimen. Det er ikkje forska spesifikt på seksuell aktivitet på slike institusjonar, men fleire studiar viser at eldre er seksuelt aktive, påpeiker seniorforskaren.

Ved demens skjer det ein sjeldan gong at den sjuke blir hyperseksuell, men det vanlegaste er at demenslidingar gir mindre seksuell lyst. Likevel kan ei slik auka lyst på sex skapa forvirring og utfordringar for partnar og pårørande.
 

Seksualitet som trøyst

– Menneske med demens kan også av og til ha ei åtferd som blir tolka som seksuell, men som like gjerne kan ha med tryggleik å gjera. Handlingar som personen med demens føler er med på å dempa uro og redsle. I staden for å berre sjå på handlingane, må ein prøva å finna ut kvifor personen oppfører seg slik, seier ho.

Siren Eriksen legg til at demens kan gi mindre impulskontroll.

Det er likevel hennar erfaring at for mange par der ein part får demens, er seksualiteten noko av det som gir trøyst i det vanskelege og fungerer ganske lenge før sjukdommen tek overhand.
Men for ein del kan sjukdom og gjere seksualiteten meir utfordrande, gjerne for begge partar. For den friske kan det kjennast vanskeleg å liggja med ein person som ein no også er blitt pleiar for. Den nye rolla gjer at mange synest det er vanskeleg å behandla partnaren som ein kjærast.

– Samtykke til sex er like viktig for pårørande som for andre. Og det må gå begge vegar, korkje pårørande eller sjuke skal tvingast til seksuelle handlingar dei ikkje ønsker. Alle skal få ha sine grenser og ingen skal ha sex med nokon berre for å vera grei, eller fordi dei tykkjer synd på nokon. Men det går kanskje an å vera fysiske på ein måte som kjennest naturleg for begge? Kanskje ved å sitja i ein armkrok eller kvila saman tett inntil kvarandre?
 

Tok vekk dobbeltsenga

Ho fortel om ei 80 år gamal kvinne som hadde ein demenssjuk mann som var blitt veldig seksuelt aktiv. Kvar natt vekte han henne og ville ha sex, noko ho verken orka eller hadde lyst til, dette blei difor svært slitsamt, men løysinga blei å fjerna dobbeltsenga og i staden setja inn to enkeltsenger med litt avstand mellom. Dette enkle grepet gjorde at ektemannen blei mindre oppteken av å ha sex om natta.
 

Sex er eit grunnleggjande behov
og ein bør difor sjå seksualiteten som ein ressurs

 
Det hender også at den friske ektefellen opplever at personen med demens finn seg ein ny kjærast når han eller ho flyttar på sjukeheim. Det kan vera både sårt og frustrerande.

– Men det er viktig at me grip slike situasjonar an med klokskap, og ikkje kallar det utruskap. Personar med alvorleg demens har problem med å forstå situasjonar og konsekvensen av handlingane sine. Å flytta på sjukeheim kan kjennast svært skremmande for mange. For personen med demens kan den nye personen vera noko som skapar tryggleik og som gir trøyst og glede. Difor er det viktig at me ikkje definerer dette som eit svik mot partnaren, seier Eriksen.

– Eg ville tenke meg godt om før jeg skilte dei to forelska ved å flytta dei til ulike avdelingar. Eg trur det er viktig å la dei få vera saman, samstundes er det viktig at ein prøver å finna løysingar som kan fungera for alle partar, framheld Siren Eriksen.

Då gjeld det å minna den pårørande om at dette ikkje handlar om at deira ekteskap ikkje var bra, men det handlar om ein person med ein sjukdom som har behov for trøyst og tryggleik.
Ho har sjølv møtt rause pårørande som har sagt at om den nye kvinna kan gi mannen tryggleik, er det det viktigaste.
 

Rause pårørande

Ifølge Eriksen manglar tilsette i helse-og omsorgstjenestenes kunnskap om eldre sin seksualitet. Ho har difor kurs for både legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar om emnet.

– Sex og eldre, og sex på sjukeheimen, blir ofte snakka om noko som skapar utfordringar og som det er vanskeleg å handtera. Men ein bør sjå motsett på det. Sex er eit grunnleggjande behov og ein bør difor sjå seksualiteten som ein ressurs, seier Siren Eriksen.

– Ved nokre sjukeheimar er dei flinke å leggja til rette for at bebuarane skal få leva ut seksualiteten sin og ha besøk av partnar. Det er viktig å ikkje lukke auga for at også gamle og sjuke menneske har seksuelle behov. Difor må dei som bur på sjukeheim, få ha ein viss grad av privatliv, og den enkeltes sitt rom er ei slik privat sone. Eg veit også om sjukeheimar som regelmessig steller bebuaren for natta og der han eller ho blir med heim til den heimebuande partnaren for å sove.

– Seksualitet handlar også om at sjukeheimen og pårørande hjelper den sjuke til å vera den beste versjonen av seg sjølv. Å vera velstelt og rein er viktig og betyr mykje for livskvalitet. For menneske med demens handlar det også om at dei tilsette på sjukeheimen, eller den pårørande, ikkje overtek alt stell, men let personen med demens få ta på eigen kropp, kanskje ved å smørje seg inn med bodylotion eller vaska seg sjølv.
 

Vaksne barn skal ikkje styra sexen

Vaksne barn som reagerer på eldre foreldre sin seksualitet, legg ikkje Siren Eriksen så mykje vekt på. Barn skal ikkje korkje ha kunnskap eller meina for mykje om denne delen av foreldra sitt liv, meiner ho.

Det er helsepersonell sitt ansvar å syta for at den sjuke og ein eventuell partnar får utfalda seksualiteten sin. Men når det gjeld uønska seksuell merksemd skal både pårørande, bebuarar og tilsette på sjukeheimar, naturlegvis setja grenser. Men det er likevel viktig å ha i bakhovudet at det som ved første augnekast kan tolkast seksuelt, ikkje alltid er det, om ein går inn og ser kvifor den aktuelle personen oppfører seg slik.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut