Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
31. mai 2022

Våg å still dei tøffe spørsmåla, det kan redda liv

Blir du utsett for vald? Eller utset du nokon for vald? Å formulera eit spørsmål med eit slikt innhald til eit medmenneske, krev at ein tek sats og går ut av komfortsona. Temaet vald i nære relasjonar er tabutungt og krevjande å gå inn i for alle berørte, både valdsoffer, valdsutøvar, pårørande og meir eller mindre tilfeldige observatørar.
IMG_0042%20copy
– Det gjeld å stå i ubehaget, det verste og beste som kan skje, er at mistankane dine var feil. Og er det sant, kan den du snakkar med endeleg få hjelp til å komma seg ut av situasjonen.

Dette er det krystallklare bodskapet til Randi Mossefinn. Ho arbeider no som rådgivar ved Norce, RKBU vest, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge psykiske helse og barnevern. Tidlegare arbeidde ho mange år i stiftinga Alternativ til Vold (ATV) som behandlar menneske som treng hjelp til komma ut av eit valdeleg reaksjonsmønster. Dei behandlar også valdsutsette og familiane deira.


Kva ligg bak frykta?

Den alvorlege valden i nære relasjonar har auka litt den siste tida. Under nedstenginga i pandemien fekk mange valdsoffer det endå verre, fordi dei i større grad blei isolerte heime saman med valdsutøvar, forklarer Randi Mossefinn.

Ein trur kanskje at vald i nære relasjonar er noko berre folk med låg utdanning og dårleg råd opplever, men slik er det ikkje. Familievald skjer i alle samfunnslag, understrekar ho.

– Ein skal difor ikkje sjå seg blind på at nokon har ein tilsynelatande ressurssterk «vanleg» familie. Om noko skurrar, kan det vera vald inne i bildet. Ver spesielt merksam på om personen endrar seg, blir stillare eller trekker seg unna. Kanskje han byrjar å snakka nedsettande om seg sjølv? Legg merke til korleis personen samhandlar med andre. Er det ei frykt der som ikkje gir meining? Blåmerke kan vera eit anna teikn. Våg å seie kva du har sett. Sei rett ut: «Eg ser du har eit blåmerke,» eller sei: «Eg ser deg så sjeldan. Kva skjer? Du har forandra deg.» Vis uro og empati for den du fryktar er utsett for vald, er Mossefinn sitt råd.
 

Om noko skurrar,
kan det vera vald inne i bildet. 


Menneske som er utsette for vald kan og ha ein tendens til å gå ofte til lege med diffuse symptom, som brannskadar, sjølvskading og uro. Dei kan kjenna seg nedstemte og halda andre på avstand, ha problem med å sova og få i seg nok mat. Irritabilitet og det å ikkje ønska å bli rørt ved, er også vanlege teikn.

 
Eit svært lada ord

Ho seier at ein ofte bør vurdera om ein skal bruke andre ord enn vald, med mindre du er heilt sikker på at det er vald som føregår. I slike tilfelle må ein vera tydeleg med å bruka ordet for å visa alvoret.

Ordet skaper nemleg ofte ein distanse mellom den som spør og den som blir spurt, forklarer ho. Det er eit ord som ingen eigentleg ønsker å bli assosiert med. Ein bør difor velja bruken av orda sine med omhug, slik at ein ikkje endar opp med å skremme bort personen ein eigentleg ønsker å få i tale. Dette gjeld spesielt der teikna er vage og du er veldig usikker på kva som eigentleg skjer, minner ho om.

«Er du redd heime?», eller «er det noko du blir utrygg av?», er indirekte måtar å spørja på.

I tilfelle der ordet vald blir brukt, må gjerne den du spør bruka litt tid på å ta stilling til sjølve ordet, for det kan vera vanskeleg for eit valdsoffer å vedgå både for seg sjølv og omverda, at det er vald han eller ho er utsette for. Dette er spesielt vanleg når det er snakk om psykisk vald.

Det blir ein overlevingsstrategi for mange å fortrenga kva som eigentleg skjer, påpeiker Randi Mossefinn.

– Dersom du får den som du mistenker blir utsett for vald, i tale, er det viktig at denne personen får ha kontroll over situasjonen, for du veit ikkje heilt kor farleg dette kan bli for vedkomande. Difor bør du prøva og finna ut korleis valden er, når valden skjedde sist og om personen er redd for at det skal skje igjen? Du kan spør: «Er du redd for at det skal skje igjen? Er det fare for liv og helse? Har du vore i kontakt med politi eller krisesenter tidlegare. Kva trur du vil skje dersom du ber om hjelp? Kva risiko ligg det her?»

Ein inngripen utanfrå kan nemleg akselerera valden. Målet med ein slik samtale må vera at den valdsutsette får profesjonell hjelp, ved eit krisesenter, eller andre stader der ein har kompetanse på denne type vald.

– Som nabo, venn eller familiemedlem er det viktig at du tryggar den valdsutsette og forsikrar om at han eller ho har di støtte. Du må og vise forståing for at dette kan kjennast skamfullt for offeret.


Ikkje gi deg, spør igjen!

Ho seier ein ikkje må vera redd for å spørje fleire gonger om den valdsutsette ikkje vedgår kva som skjer dei første gongene spørsmålet blir stilt. For somme kan det vera godt å vita at det er nokon som ser dei der ute, sjølv om ein treng tid på seg for å bearbeida kjenslene, før ein er klar til å snakke.

– Det gjeld altså å ikkje gi seg, presiserer Mossefinn.

På nettstaden dinutvei.no og ung.no finn ein eigne temasider om vald i nære relasjonar, her kan også pårørande gå for å få meir kunnskap om korleis ein skal nærma seg menneske ein mistenker lever i familiar med vald.

Mossefinn meiner me alle bør handla på magekjensla i slike saker, sjølv om det er eit tema som ofte vekker skam både hjå offer og utøvar. Også om ein mistenkjer at ein person utøver vald, bør ein konfrontera vedkomande med dette, og samstundes visa forståing for at aggresjonen og valden ikkje er ei slags lettvint løysing, men eit symptom på ei kjensle av avmakt og fortviling. Også ein potensiell valdsutøvar bør ein nærma seg litt forsiktig, og med empati. Dersom du er vitne til aggressivitet frå personen kan du til dømes seie: «Eg såg du blei sint og eg kjende meg redd i den situasjonen. Er det noko som plagar deg? Står du i noko vanskeleg?»

Det viktige når ein oppdagar at nokon blir utsette for vald, er at ein rettar merksemda mot desse, slik at ein kan få dei i tryggleik og gitt dei tilstrekkeleg hjelp. Ingenting er betre om ein er i posisjon til å motivera nokon med valds- og aggresjonsproblem til å ta imot hjelp.


Skremmer bort familien

Vald set sitt preg på ein familie, og det blir eit mønster at dei andre familiemedlemmene trekker seg unna. Den som utøver valden greier ikkje å ta inn over seg at han eller ho faktisk skremmer familien sin.

Omgrepet vald er ifølge Mossefinn så lada og hefta med tabu at det krev mykje av alle å snakka om det, anten ein er utøvar offer eller observatør.
 
Dette kan vera døme på korleis ein samtale kan starta: «Eg såg eit blåmerke… Eg har tenkt mye på deg og har lurt på korleis du har det? Korleis har du det heime? Eg har lagt merke til… Du verkar sliten…»
 

Menn blir i mindre grad utsett for fysisk vald,
men opplever meir psykisk og materiell vald.


Dersom den andre byrjar å fortelja, lytt til det som blir sagt, prøv å ikkje få panikk og tenk at du skal fiksa og ordna der og då.

Viss dei startar å fortelja, lytt til det som blir sagt og prøv å ikkje få panikk. Ho råder dei rundt til å ta små skritt om det er mogleg. Om den du snakkar med kjenner deg, vil vedkomande truleg lettare kjenna seg trygg på at du vil vel og at du vil hjelpa. Er det ein meir perifer person, er risikoen for at han eller ho går i forsvarsposisjon større, forklarer ho.

Psykisk vald kan vera vanskelegare å oppdaga. Dette handlar om nedsetjande og krenkande kommentarar. Somme opplever å få kritikk for alt dei gjer, og same kor hardt dei slit, er det aldri godt nok. Psykisk vald kan også vera trugslar om kva som ventar, dersom ein ikkje gjer som ein får beskjed om. Så har du det som ligg mellom verbal, psykisk vald og den fysiske valden, nemleg gestar og blikk, som gjer at den valdsutsette forstår at ein har gått for langt. Slike gestar kan sendast frå utøvar til offer gjennom eit rom fullt av folk, utan at andre legg merke til det. Så har du den latente valden, frykta for valden som har skjedd før og som du aldri heilt veit når skjer igjen, og som får deg til å gå på tå hev og vega kvart ord du seier. Eller du sjekkar korleis kjøkkenskapa blir lukka att når du kjem heim, for å få ein peikepinn på korleis stemninga er i huset. Slik får du eit signal om det ventar vald, eller om du kan slappa av.


Å slå neven i bordet

Randi Mossefinn fortel at ein også snakkar om materiell vald. Denne kan vera like skremmande og krenkande som dei to andre typane vald, spesielt for barn, presiserer Mossefinn. Materiell vald handlar om å skada eller knusa ting, kasta fjernkontrollen i veggen eller slå knyttneven i bordet når familien et. Denne reaksjonsforma er eksplosiv og kjem ofte ut av det blå. Dei som blir utsette for slike handlingar, kjem gjerne ikkje i første omgang på at dette er ei form for valdsutøving, seier Mossefinn.

Materiell vald ber i seg ein sterk symbolikk, viser ho til, og det er ikkje uvanleg at menn blir offer for denne type vald. For også menn er valdsoffer, minner ho om. For dei kan det vera ekstra skamfullt å stå fram som eit valdsoffer, fordi stereotypiane i samfunnet enno handlar om at valden går motsett veg frå ein mann mot ei kvinne. Det kan vera vanskeleg å sjå kjønnsrollene bytta om, poengterer ho. Menn blir i mindre grad utsett for fysisk vald, men opplever meir psykisk og materiell vald.

Vanlegvis er eit valdsoffer utsett for ei blanding av både fysisk, materiell og psykisk vald.


Avvergingsplikta

Randi Mossefinn peikar på den plikta me alle har til å forsøke å avverja enkelte typar vald og overgrep. Avvergingsplikta er noko folk generelt sett veit for lite om, påpeiker ho.

På nettstaden plikt.no kan ein lesa meir om kva som utløyser denne og kva ein bør gjera.

Du kan drøfta saker anonymt med krisesenteret og politiet, barnevernet eller barnehuset. Organisasjonen Sara er og ein god stad for å drøfta korleis du skal handtera ein situasjon der du lurer på om nokon er utsette for vald.

Har du ei konkret uro eller bekymring eller bevis for at det er vald, skal du melda det til politiet, understrekar Randi Mossefinn.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut