Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
20. februar 2023

Vegen til eit pårørandevenleg arbeidsliv

Pårørande sine vilkår må i større grad inn i diskusjonane om korleis arbeidslivet skal innrettast framover, seier Iren Mari Luther, leiar yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.
Iren%20Mari%20Luther
– Samfunnet må sjå på pårørande som ein stor ressurs, men også syta for å gi dei backup og støtte i den krevjande rolla mange står i. I Helsepersonellkommisjonen, der eg deltek, er pårørande eit av tema. Pårørande bør også løftast endå meir fram i debatten, seier Luther.
 

Seine kveldar på jobb

For korleis er det å stå i jobb og samstundes vera pårørande? Det har leiaren av yrkesseksjonen sjølv kjent på kroppen i fleire år, då ho hadde gamle foreldre som budde heime. Spesielt i åra før mora fekk sjukeheimsplass, følte Iren Mari Luther at døgnet ikkje strakk til. Ho hadde rett nok nokså fleksibelt arbeid, og veit at det ikkje er tilfelle for alle som har ein fysisk arbeidsstad. Men arbeidsoppgåvene måtte uansett gjerast, og i den perioden blei det mange seine kveldar og netter på jobb, for å ta unna det ho ikkje rakk på dagtid, hugsar ho. Heldegvis har ho ein bror som og tok sin del av ansvaret, men veit at det også er mange som står heilt åleine om alle oppgåvene, fordi dei ikkje har søsken, eller fordi dei andre søskena bur langt borte.

Det er viktig å sjå på kva me kan gjera slik at det blir enklare å kombinera full jobb med pårørandeansvar.

Iren Mari Luther, leiar yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet

– Då pandemien kom, kjendest det som ein lette for meg som pårørande fordi mykje av møtene og reisene forsvann, fortel ho.
 
I tillegg hadde Iren Mari heile tida dårleg samvit fordi ho ofte måtte gå frå møte for å ta ein telefon. I det heile tatt følte ho at det blei for lite tid både til jobben og til mora.
 

Full av dårleg samvit

Men det dårlege samvitet stoppa ikkje der. I tillegg til å ha dårleg samvit for jobben, hadde Iren Mari også dårleg samvit for mannen, sønnen og barnebarnet, som ho følte ho fekk altfor lite tid saman med.

– Då sa mannen min ein gong til meg: Det er mest deg sjølv du skulle hatt dårleg samvit for. Ja, skvisen ein står i som pårørande har eg kjent på kroppen. No når mor er på sjukeheim, kjenner eg kor godt det er å berre kunna ha tid til å prata med henne som dotter, utan å ha tusen tankar om praktiske ting i hovudet samstundes, vedgår ho.
 
Iren Mari Luther rosar frivillige sin innsats på sjukeheimen. Mora har nemleg fått ein besøksven, som også blir som ein slags pårørande, forklarer ho.
 

Pårørande og arbeidstakar

Luther meiner satsinga på pårørande bør bli sterkare og meir systematisk i arbeidslivet og i Fagforbundet. Pårørandeorganisasjonar bør difor koblast meir inn, i tillegg til at pårørande også bør bli tema i fleire type utdanningar, meiner yrkesseksjonsleiaren.
 
– Me veit at når arbeidstakarar er slitne kan det ofte ha sosiale årsaker, dermed endar det med at fleire søker permisjon eller går ned i stilling. Difor er det viktig å sjå kva me kan gjera slik at det blir enklare å kombinera full jobb med pårørandeansvar.
 

Partane i arbeidslivet må ta ein overordna samtale om pårørande og eit pårørandevenleg arbeidsliv. 

Iren Mari Luther, leiar yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet

Også frå andre sine historiar veit Luther at rolla som arbeidstakar og pårørande kan vera slitsame å få til å kombinera på ein god måte. Med tanke på at helsevesenet i framtida vil måtta lita endå meir på pårørande, meiner Iren Mari Luther at det er særs viktig at partane i arbeidslivet får på plass gode rammer rundt arbeidstakarar som har krevjande pårøranderoller på heimebane. Ho erkjenner at me i framtida må venna oss til færre tenester og at helsevesenet ikkje vil gå rundt utan pårørande.
 

Få tidsklemma mindre hard

– Pårørande må viast meir merksemd i samfunnet og dei må få eit nettverk rundt seg. Partane i arbeidslivet må ta ein overordna samtale om pårørande og eit pårørandevenleg arbeidsliv. Ein snakkar alt om ein seniorpolitikk som skal få eldre til å stå lenger i jobb, men det er ofte også denne gruppa som har den tyngste pårørandebøra fordi dei har gamle foreldre. Korleis skal me gjera dei ti siste åra i arbeidslivet lettare for desse, er eit viktig spørsmål å drøfta. Kva grep kan ein ta for å gjera tidsklemme nummer to mindre hard? spør ho.
 
 
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut