Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
07. oktober 2020

Å bli enke, snur om på alt

– Å bli enke, kan du ikkje førebu deg på. Ingen kan fortelja deg korleis det er før du har opplevd det sjølv, fortel Marie Rein Bore frå Stavanger.
Marie%20
Sjølv har den 77 år gamle kvinna vore enke i rundt ni månadar no. Livet byrjar så smått å falle på plass, men å bli åleine var som å bli ramma av eit takras, vedgår ho.
 

Rart å bruka ordet enke

– Det var som ein vegg fall ut og det blei så stille og tomt heime. Plutseleg skulle eg omtala meg sjølv som enke. Eg måtte trekka pusten før eg sa ordet i starten, minnest ho.

Maries ektemann gjennom 55 år, Thor Bjarne Bore, døydde 20. desember i 2019. Ekteparet var budde på at Thor Bjarne truleg kom til å døy først, for halvtanna år før hadde han fått konstatert lungefibrose. Dei visste at om sjukdommen blei verre, var det lite å gjera.

Thor Bjarne og Marie fekk fleire månadar saman der dei kunne leve tilnærma normalt. Som ektepar flest hadde dei fleire gonger opp gjennom åra  snakka om kva som ville skje dersom ein av dei blei åleine.

– Me kunne snakka om det både i skjemt og i alvor, minnest eg. Samtalane endra karakter då Thor Bjarne blei sjuk, men me hadde gode og praktiske samtalar om det som venta. Begge er me ganske nøkterne og praktiske av natur. Thor Bjarne slo fast: Marie, du kjem ikkje til å sitje heime og gråte. Mannen min tenkte nok kanskje meir på framtida enn eg gjorde i den tida, for han var ennå i god form og me var aktive og drog på turar slik me pleidde.
 

Sjukehuset tok meg på alvor

Hausten 2019 fekk Thor Bjarne fleire lungebetennelsar og vart innlagt på sjukehus. Han blei på nytt dårleg like oppunder jul, og det blei bestemt at han skulle bli på sjukehuset over høgtida.

Det var som ein vegg fall ut og det blei så stille og tomt heime. Plutseleg skulle eg omtala meg sjølv som enke. Eg måtte trekka pusten før eg sa ordet i starten.

Thor Bjarne hadde eit langt liv som avismann bak seg, og var heilt til det siste levande engasjert i samfunnsdebatten. Han hadde fleire verv og var også aktiv på sosiale medium. PC-en var difor aldri langt unna. Også på sjukehuset med tung pust, sat eller halvvegs låg han og skreiv på pc-en.

Men to dagar før han døydde la han PC-en bort for godt. Dagen etter var han mykje sjukare, og alle i den næraste familien kom for å ta farvel. Dei siste døgna han levde vaka familiemedlemmer over han etter tur.

– Eg følte meg godt tatt vare på som pårørande. Eg kunne vere hjå mannen min så mykje eg ville og fekk god informasjon om utviklinga av sjukdommen. Vår uro var at han skulle lida mykje på slutten, men det skjedde ikkje, for legane var flinke til å gi han medisinsk lindring, difor fekk Thor Bjarne døy fredeleg, og eg var der då det skjedde. Det er eg veldig glad for.

Tida etter ektemannen sovna inn kjende Marie seg ganske nomen. Heldegvis har ho tre barn som trødde til og ordna det praktiske rundt gravferd og minnesamvær.

– Ektemannen min hadde før han døydde gitt klare føringar for korleis gravferda hans skulle vera. Det gjorde det langt enklare for oss pårørande. Viss han ikkje hadde gjort det, ville mitt instinkt vore å laga det til ganske enkelt, men Thor Bjarne ville ha ei skikkeleg gravferd og eit stort minnesamvær, og slik blei det.
 

– Rørande omtanke

Marie let seg overvelda over omtanken frå familie og vener etter Thor Bjarnes død. Det store vennenettverket dei to hadde kom verkeleg til sin rett. Dei stilte naturlegvis opp i gravferda, men også i tida etterpå, blei den ferske enka regelmessig beden på kaffi og kvardagsmiddagar hjå vennene sine.

Ektemannen min hadde før han døydde gitt klare føringar for korleis gravferda hans skulle vera. Det gjorde det langt enklare for oss pårørande.

Også i sosiale medium var omtanken og støtta til dei etterletne overveldande, både frå nære og meir perifere kjenningar. Marie kjende at støtta og medkjensla, både digitalt og fysisk, gjorde henne godt.

Ni månadar utan Thor Bjarne har lært henne at saknet må ho leva med, for det vil aldri gå over, sjølv om det går i bølger. Ho sit ikkje inne i husværet sitt og tenkjer på sin døde ektemann heile dagane. Slett ikkje, ho prøver å leva slik Thor Bjarne visste ho ville.

– Det kjem ingenting godt ut av å dyrka sorga heile tida, difor syter eg for å halda meg aktiv, men eg passar meg for å bli hyperaktiv, eg prøver å gripa fatt i dei aktivitetane eg dreiv med før Thor Bjarne døydde.

Marie er mellom anna aktiv i sin lokale kyrkjelyd, og ho arbeider som frivillig ved Pårørendesenteret. Ein stor vennekrins og tre barn, svigerbarn og barnebarn syter også for at livet hennar er fullt av gilde og meiningsfulle møtepunkt og aktivitetar, og på biblioteket er ho ein flittig gjest som før.

– Eg er ei heldig enke av så mange grunnar. Den viktigaste grunnen er at eg trur at Thor Bjarne er hjå Gud no og der har han det godt. Mi enkle gudstru har vore til stor hjelp i denne tida. Om eg vil møta han att nokon gong, er meir uklart for meg, men det er ei stor trøyst å vita at han ennå lever ein stad.


Sakn er prisen for kjærleik

Sakn er ein pris ho er villig til å betala i takksemd for å ha fått oppleva kjærleiken.

– Me to fekk eit langt og godt liv saman. Det gjer det lettare å pressa seg framover i kvardagen. Det hadde nok vore mykje meir krevjande om eg hadde mista eit barn til dømes, eller om eg hadde vore utan så stor familie og nettverk. Likevel trur eg ikkje at det finst nokon annan måte å komma seg vidare på, enn å tvinga seg til å vera aktiv, uansett kor tragiske omstenda er, påpeiker ho.
Grava hans besøker Marie ofte, då klappar ho gjerne  litt på steinen hans og pratar  med han, sjølv om ho ikkje er sikker på at han kan høyre henne. Marie snakkar med Thor Bjarne stadig vekk. Ennå kan det hende ho gløymer seg ut heime, og snur seg for å kikka etter han. Saknet etter å fortelje han det ho opplever, melder seg med jamne mellomrom.

– Å vera på grava hans, gir meg fred, difor går eg dit ofte. På steinen hans er det eit ledig felt til mitt namn. Å bli enke gjer at eg tenkjer meir på at eg også skal døy ein dag, men eg fryktar ikkje døden, for han har gått føre.

Tårene dominerer ikkje livet til Marie, men ho opplever naturlegvis regelmessig episodar med klump i halsen og auge som fløymer over.
 

Tårene kan komma brått

– Dei kan gjerne komma når eg minst ventar det, som ein gong då eg opna ei skuff og såg den gamle lommeboka hans. Thor Bjarne døydde ein søndag midt i kyrkjetida, det gjer at tårene ofte kjem når eg er på gudsteneste. Ei anna enke tok meg til sides i kyrkja ein gong, ho sa: Det er hardt, men det blir betre. Dei orda gjorde meg godt.

Å vere heime åleine er blitt ein vane no, og ho er medviten på å laga seg skikkelege måltid. Difor dekker 77-åringen fint på til frukost, i staden for å stå og ete ei skive ved kjøleskåpet.

Marie trur mange får sorga komplisert med praktiske ting knytt til eigedomar og økonomi. Ho og Thor Bjarne eigde berre ei leilegheit og hadde alle barna saman, enka slepp dermed å gruble over og søkje juridiske råd om kva som skal skje med hytter og båtar. Dessutan sit ho i uskifta bo.
Infolapp%20med%20binders

Vanlige reaksjoner og sorg

Reaksjonene man får når man lever nært en som er alvorlig syk kan ta mange former. 

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Ta vare på deg selv
Group%20947
Sorg
Økonomiske utfordringar er noko fleire enker og enkemenn kan kjenna på. Brått går ein frå å ha god økonomi, til å få dårleg råd. Marie og Thor Bjarne hadde ein ordna økonomi, og Marie har vore yrkesaktiv i alle år. Det er ho takksam for no, elles kunne også ho som fleire kvinner i hennar generasjon, fått smake på utfordringane med å ha mindre pengar å rutte med.

Noko av det gildaste Marie veit er når nokon nemner Thor Bjarne der ho ferdast.

– Det er vel og bra at dei spør korleis det går med meg, men eg vil jo så gjerne at Thor Bjarne ikkje skal bli gløymt og det gler meg når han er samtaleemne, for han var eit så levande og engasjert menneske heilt til han døydde. Eg er i ettertid takksam for at eg slapp å sjå  han sjuk og svak i lang tid før han døydde. Det hadde vore tungt både for han og meg.
 

Fersk enke i koronatida

Knappe tre månadar etter at Marie blei enke, stengde landet ned på grunn av korona-pandemien. Livet vart no snudd på hovudet, ikkje berre for henne som enke, men for alle andre også. Planlagde utanlandsreiser med barna blei avlyste, og det blei vanskeleg å møta barna på Austlandet fysisk ein periode. Men Marie klaga ikkje.

– Dette var jo noko som ramma alle, og det må ha vore langt verre for menneske i fullt arbeid og med omsorg for barn. Eg hadde jo berre meg sjølv å ta ansvar for, og eg og vennene fann fort ut at me kunne jo gå tur ute, eller treffast i mindre grupper med god avstand innomhus.

Marie føler ho lever eit godt liv igjen. Dette er inga B-løysing, slår ho fast.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut