Gunnhild og tre søsken mista bror sin i ei ulukke
I slutten av desember i fjor døydde 17 år gamle Knut Øygard Dale i ei trefellingsulukke i Hjelmeland. Søskenflokken på fem mista den mellomste broren.
– Eg trur ikkje ennå eg har forstått det heilt at Knut er borte. Like etter han døydde gjekk eg av og til inn og såg om han var på rommet sitt, og om morgonen lytta eg etter lydar av Knut som stod opp og laga seg niste. Det har eg slutta med, for eg måtte berre innsjå at dei lydane vil eg ikkje høyre meir, seier Gunnhild Øygard Dale.
Den unge kvinna på 22 år er storesøster i flokken, deretter kjem broren Ola Sigurd på 19, ein yngre bror på 15 og ei syster på 11 år.
Ingen å klandre
Broren Ola Sigurd var der då ulukka skjedde, han ringte 113 og sette i gong livreddande tiltak, men livet til Knut stod ikkje til å redde. Søstera fortel at Ola Sigurd like etter ulukka fekk ein lenger samtale med kommunelegen, der dei gjekk gjennom alt som hadde skjedd. Broren fekk gjennom legen stadfesta at han hadde gjort alt rett, og at ingen kunne klandrast for den tragiske ulukka. I etterkant fekk Ola Sigurd melding frå fleire fagfolk som hadde vore på ulukkesstaden, med ros om kor dyktig han hadde vore.
Gunnhild som er utdanna blomedekoratør var på arbeid ved eit gartneri i Sandnes då bodskapen om at Knut hadde fått eit tre over seg nådde henne. Like etter kom ei tante og henta henne på jobb.
– Eg var glad for at ho kom og henta meg, og at eg ikkje berre fekk beskjed over telefon. Ei anna tante varsla dei yngste søskena mine, fortel Gunnhild.
Alle var i sjokk
22-åringen seier ho hugsar lite frå ettermiddagen og kvelden ulukkesdagen, men heile familien samlast heime på Hjelmeland og presten kom på besøk, hugsar ho.
– Ingen forstod noko, det var surrealistisk for oss alle. Ikkje så lenge etter bestemte eg og Ola Sigurd oss for å leggje ut ei melding om dødsfallet på Facebook. Me følte trong på å kopla på heile nettverket vårt, og slik få informert dei om tragedien. Det var godt å få omtanke og gode meldingar tilbake, dessutan visste me at rykta om ulukka hadde byrja å gå. I tillegg ville me sikra oss at flest mogleg visste kva me stod i, slik at ein ikkje risikerte å møta folk som ikkje ante kva som hadde skjedd, og difor ville måtta halde på å forklare mange gonger, seier ho.
Me sørger ulikt
Søskenflokken sørger ulikt, og alle har ikkje det same behovet for å prate, ifølge storesøstera. Dette heng nok mest saman med personlegdomen, trur ho.
Sjølv tykkjer Gunnhild det er godt å få snakka om Knut og det som hende, det er ein måte å jobbe seg gjennom tapet, sjølv om sorga vil følgje henne resten av livet.
Ikkje så lenge etter bestemte eg og Ola Sigurd oss for å leggje ut ei melding om dødsfallet på Facebook. Me følte trong på å kopla på heile nettverket vårt.
Nyttårsaftan blei det laga til ei samling i kyrkja, kor mellom anna kriseteamet deltok. Gunnhild og alle søskena var også med. Etterpå var det syning, også her var alle i familien med. Det kjendest godt å få ta farvel slik, seier Gunnhild.
Både Gunnhild og Ola Sigurd fekk melding frå kvar siv helsesjukepleier om at dei var velkomne til samtale om dei skulle ønska det. Den yngste jenta i familien har også snakka med helsesjukepleier, men guten på 15 fekk ikkje noko direkte tilbod, men det kom eit generelt tilbod stila til foreldra. Gunnhild trur kanskje det hadde vore betre om helsestasjonen hadde tatt direkte kontakt også med den yngste guten i familien.
Medlemmene i kommunens kriseteam er folk som Gunnhild og familien kjenner godt. Ho tenkjer at i slike tragediar, kunne det vore betre å snakka med fagfolk som ikkje kjenner dei frå før. Når det er sagt, er ho positivt overraska over alle tilboda familien har fått frå helsevesenet, men også frå bygdefolket.
Familien fekk også møta rektor og to lærarar ved Strand vidaregåande der Knut var elev. På denne samlinga var også tre av dei beste kompisane til Knut. Her fekk dei snakka og mimra saman.
Ein tom pult
Læraren til broren i 10. klasse tok kontakt for å diskutera korleis dei best kunne leggja det til rette for han når han kom tilbake på skulen. Gunnhild har inntrykk av at skulen har vore flinke til å ta omsyn til dei to yngste. Gravferda til Knut blei også vist på storskjerm, for klassekameratane deira. Det same skjedde på Strand vidaregåande.
– Ei stund etter gravferda kom Knut sin lærar på besøk med ei bok med mange bilde og helsingar frå klassekameratane, det gjorde veldig godt for oss, understrekar ho. Gunnhild fekk også lengre e-postar frå studierettleiaren sin og studentpresten. Etter Knut døydde, kutta både Gunnhild og Ola Sigurd litt ned på studiane. Begge har vore mykje heime og hjulpe til med arbeidet på garden. Gunnhild har i tillegg deltidsstillinga som blomedekoratør.
– For meg har det vore godt og befriande å få jobba med blomar, og eg har ein god sjef som har vist forståing.
Ein vil alltid mangla
Samhaldet har alltid vore stort blant dei fem søskena, og ho føler bandet dei i mellom er like tett, sjølv om søskenflokken har fått eit hol i midten. Hendinga har ikkje tatt i frå dei evna til å smile og le, men sorga ligg alltid på lur, kan ho fortelja.
I starten kjende ho dårleg samvit om ho smilte og lo. Men ho veit at ho ikkje kan leve slik, ikkje ville Knut ha ønska det heller.
– Knut hadde eit lyst sinn, han var ein smarting som alltid hadde nokre gode kommentarar på lur. Han kunne blitt så mykje for han hadde mange interesser og stor kunnskap innan mange felt. Eg veit han vurderte teologi, men han var også ein dugande organist, og hadde stor interesse for husdyrvitskap.
Etter ulukker må både vaksne og barn forhalde seg til mange ulike folk. Det kan til tider kjennast krevjande. Det er ikkje alltid Gunnhild har lyst til å snakke. Av og til kan det komme nokon innom som er oppløyst i tårer, mens ho sjølv har ein betre dag. Då kan det vere tungt å gå inn ein samtale. Ikkje alle vågar å møta henne heller, har ho merka seg. Gunnhild veit at det ikkje er av vond vilje, men reknar med at dei ikkje veit kva dei skal seie. Ho har heldigvis fleire vener ho kan snakka med om sorga, men det er ikkje alle ho føler ho kan snakka med om dette.
Fire egg i staden for fem
Gunnhild føler sorga går opp og ned. Og heile tida vil det dukka opp hendingar som vil få sorga til å flamma opp. No har dei nettopp feira første påsken utan Knut.
– Me plar alltid få påskeegg av farmor og farfar. Søster mi la av gamal vane fem egg i posen, men me måtte jo ta ut det eine.
Ei stor trøyst for Gunnhild, søskena og foreldra er at dei trur dei vil få møta Knut igjen i himmelen. Utan kristentrua er ho sikker på at denne tida ville vore endå tyngre å komme igjennom. Foreldra driv gard. Dei har både høns, sauer og mykje frukt, bær og pyntegrønt. Både små og store har difor nok å hengja fingrane i, spesielt no når det vårast.
– Eg veit ikkje kor mange som har tilbydd seg å hjelpa med å henta egg, det er i alle fall mange, men for familien har det vore godt å kunne halde tak i dei daglege gjeremåla oppi det tragiske, forklarer Gunnhild.
Dei lever i det
I det daglege snakkar ikkje familien så mykje om sorga, men Gunnhild seier det ligg der heile tida. Sjølv snakkar ho ein del med eldste bror sin. Ho veit ho kan ikkje grave seg heilt ned i det, men samstundes er det viktig for henne at Knut aldri forsvinn. Det vil for alltid vera ein som manglar i flokken, men minnet om han skal leva.
Det var vanskeleg å laga til gravferd for Knut, koronarestriksjonane gjorde at det berre var lov å ha 50 personar i kyrkje. Knut kjem frå ei stor slekt, dermed var det berre rundt ti plassar å fordela på kompisane hans. Familien måtte difor driva ei krevjande utveljing blant venene.
For oss har det vore godt å kunne halde tak i dei daglege gjeremåla oppi det tragiske.
– Trøysta er at svært mange fekk sett gravferda på nett, sikkert endå fleire enn dei som hadde møtt opp om me hadde hatt ei vanleg gravferd. Kista til Knut var mellom anna pynta med blomar som Gunnhild og den eine tanta hadde laga til. For Gunnhild kjendest det godt å laga til blomar til brorens siste reis.
Godt å vera få
Minnesamvær kunne dei ikkje ha, men dei sat ei stund til inne i kyrkja etter at kista til Knut var boren ut i våpenhuset. Kamera blei skrudd av, og dei som ville kunne få seie nokre ord, i tillegg blei det sunge fleire samlar, for Knut sette svært stor pris på salmar, kan søstera fortelja. Gunnhild mista ein yngre onkel for nokre år sidan. Gravferda hans samla mange hundre. På eit vis følte ho det godt å sleppa å forhalda seg til så mange menneske som skulle helse og klemma etter gravferda. Når Knut døydde, hadde ho trass alt menneska som betydde mest i livet rundt seg, sjølv om mange måtte nøya seg med å gi kvarandre luftklemmar. Jula blir tøff å ta tilbake for familien, erkjenner ho.
– Knut og eg spelte i kyrkja julaftan i fjor og forfjor. Han spela orgel og eg blokkfløyte. Eg sa til han no sist at dette er i ferd med å bli ein tradisjon. Då svara Knut at me må gjera noko tre gonger for at det skal bli ein tradisjon, men det skal bli ein tradisjon, forsikra han. Men det blei aldri ein tredje gong, må søster Gunnhild trist erkjenna. Og snart står innhaustinga av bær for døra. Gunnhild minnest korleis mora og dei fem søskena snakka og tulla i bringebærteigen, medan far stod på torget i Stavanger og selde bær.
Det utenkelege skjedde
– Knut var ikkje den raskaste bærplukkaren av oss, han hadde lett for å snakka seg vekk, men han var svært nøye. Det fanst ikkje rusk i bærkorgene hans. Dersom han ikkje var ferdig med si rad, før matpause, gjekk han alltid ut og gjorde seg ferdig etterpå, for han var svært pliktoppfyllande, minnest Gunnhild.
Den yngste guten i flokken blei konfirmert i fjor haust. Familien snakka om å utsetja konfirmasjonen til denne våren, no er dei glade for at dei ikkje gjorde det, for då fekk dei tatt flotte familiebilde av dei fem søskena samla. Men det vil bli ei sorg når yngstesøstera skal konfirmerast.
– Me har jo tenkte på at det ikkje er sikkert ho får ha alle besteforeldra på festen sin, men ingen av oss kom på at ein av oss søskena skulle mangle, seier Gunnhild alvorleg og stille.
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist