– I starten var det noko ganske abstrakt, men gradvis blei eg meir og meir interesserte i pårørande. Å jobba for Pårørendesenteret har opna auga mine for kor store belastningar mange strevar med og gjort meg takksam for at eg sjølv til denne tid ikkje har vore pårørande i større grad. Eg opplevde jo at foreldra mine blei sjuke og gamle, men eg budde så langt borte at eg ikkje kunne gå inn i ei krevjande pårøranderolle, seier Marie Rein Bore.
Det kan skje meg også
Ho legg til at som 75-åring er ho svært medviten om at risikoen aukar for at noko skjer anten med seg sjølv eller ektefelle.
– Det gjer ekstra inntrykk å møta pårørande til demente. Mange eldre blir demente, difor veit eg at dette også kan ramma meg. Det å kanskje måtte «svikta» ein ektefelle og sende han eller henne på institusjon fordi livet blir for krevjande, det er ei problemstilling som grip tak i meg, seier ho.
Sjølv er både ho og ektemannen opptekne av å gripa dagen og gjera det beste ut av tilværet så lenge helsa held.
Før ho starta som frivillig i Pårørendesenteret arbeidde ho som journalist i Stavanger Aftenblad frå 1983 til 2012. Før det var arbeidde ho i Vårt Land. Den erfarne journalisten er utdanna lektor og underviste i norsk i sine første år som yrkesaktiv.
– Men det var journalist eg ville bli heile tida, så etter åtte år som lektor blei det avis. Det å undervisa har lært meg mykje om det å formidla som eg har tatt med meg vidare i skrivinga. Det gjeld å våga og skriva enkelt slik at alle forstår, utan at det av den grunn blir banalt, påpeiker Bore.