Å skapa eit respektfullt og tillitsfullt samarbeid mellom pasient, pårørande og helsepersonell har alltid vore viktig for henne. Sidan i fjor har ho kunne jobba med pårørande på heiltid ved Pårørendesenteret i Stavanger.
Stor samfunnsverdi
– Pårørande utfører eit enormt viktig arbeid for samfunnet. Me har nesten eit heilt helsevesen i sving gjennom innsatsen deira, seier Anne Torill, og viser til at dei pårørande utfører arbeid tilsvarande 100 000 årsverk. Helsevesenet utfører årleg 130 000 årsverk.
Anne Torill er utdanna sjukepleier og har ei vidareutdanning i veiledning og sosialkompetanse. Ho har også tatt pedagogisk utdanning etter dette.
Som sjukepleiar på kreftavdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) var ho oppteken av at den pårørande også skulle føle seg sett og inkludert.
– Sjukdom rammar ikkje berre pasienten, men også dei som står den sjuke nær. Dei pårørande kan lett komma i skuggen av pasienten, samstundes som me veit at pårørande spelar ei stor rolle for korleis den sjuke har det i kvardagen. Mi erfaring er at det var utruleg lite som skulle til for at dei pårørande kjende seg ivaretekne og sett av oss.
Skulevegrarar
Ei gruppe pårørande som står hjartet hennar ekstra nær er foreldre til ungdom som av ulike årsaker fell ut av skulen, såkalla dropouts.
– Mange pårørande har eit helsevesen å kontakta – nokon som overtek omsorga når det er nødvendig. Foreldre til barn som ikkje vil på skulen har ikkje det, dersom barnet ikkje har nokon diagnose i helsevesenet. Desse blir difor ei ganske usynleg gruppe. Eg møter fleire av desse foreldra på Pårørendesenteret. Mange ber på mykje sorg og skam og spør seg sjølv om dei har gjort noko gale sidan barnet deira aldri kjem skikkeleg i gong med livet sitt. Det ligg også ei stor sorg i dette å ha ein ungdom som berre sit heime, medan nabojenta har fått seg kjærast og er godt i gong med studiane, seiar ho.
Anne Torill sin jobb handlar om å vera der for den pårørende, og å gi dei verktøy til å ta vare på seg sjølv midt i det vanskelege.
– Som helsepersonell kan me hjelpa pårørande å oppdage eigne ressursar. Det å forstå situasjonen dei er i, samt sine eigne reaksjonar, kan gjera situasjonen lettare og vidare bidra til meistring.