Lise Rasmussen har arbeidd ved Pårørendesenteret sidan 2011. Ho er utdanna familieterapeut og arbeidar som fagkonsulent for barn og unge.
Lise Rasmussen hadde ein bestefar som var schizofren, eller «gal», som ho sjølv pla seia som barn.
– Foreldra mine tillèt meg å bruka det ordet, sjølv om dei eldre søskena mine ikkje likte dette ordet, og heller sa «sjuk». Men bestefar min var rar, og eg tykte det var befriande at eg kunne få snakke om dette på min måte, og at familien var opne om kva som feilte bestefar, seier Lise.
Besøkte bestefar på asylet
I Lises barndom drog familien regelmessig på besøk til asylet der bestefaren budde.
– Stundom var han for dårleg til å ha besøk, då besøkte me nokre andre i staden, hugsar Lise.
Bestefaren hennar var blant dei som blei lobotomerte. Då Lise var 17 år døydde han.
– Eg er overtydd om at bestefar kunne hatt eit friskare og betre liv om han hadde levd i dag, påpeiker ho.
I tenåra fekk ho ei ny pårøranderolle då mora fekk hjernehinneblødning og måtte opererast. Mora overlevde, men livet blei aldri heilt det same etter dette.
– Far vår har tatt det meste ansvaret for mor, og skåna oss søskena for det tyngste pårørandeansvaret, fortel ho.
Lise er utdanna barnevernspedagog og familieterapeut. Etter kvart som ho byrja å arbeida forstod ho gradvis at ho også var ein pårørande og hadde vore det heile livet. Før ho kom til Pårørendesenteret arbeidde ho med barn som levde i rusbelasta familiar ved Rogaland A- senter.
– Eg trudde det ville bli veldig annleis å møta barn som pårørande til foreldre med psykisk og somatisk sjukdom, men svært mykje viste seg å vere likt. Også i min nye jobb møtte eg barn som gjekk på tå hev for foreldra og gjorde kva dei kunne for å hjelpe familien. Eg kjende igjen svært mange mekanismar, fortel ho.
Det siste året har ho teke faget Samarbeidsorientert tilnærming. Faget handlar om måten terapeuten møter brukaren på.
– Årsaka til at eg valde studiet er at me alle er pårørande, og her lærer me å møta andre på ein meir likeverdig måte, forklarer ho.
I studiet har dei mellom anna lært å bli meir medvitne på eigne erfaringar, og korleis dei kan brukast i samtalane.
Må bruka meg sjølv
– Inni meg tek eg vegen om mi eiga erfaring før eg spør om noko, men det er viktig å heile tida vere medviten på kor mykje av sitt eige ein bruker i samtalane.
I jobben ved Pårørendesenteret møter ho barn heilt ned i toårsalderen. Møta med barn krev ei meir kreativ tilnærming, og andre i innfallsvinklar, så ofte leikar, teiknar eller speler Lise spel med barnet.
Lise vil helst at den friske forelderen kjem saman med barnet. Hennar erfaring er at barn snakkar friare då. Kjem dei åleine, kan dei vera redde for å opptre «illojalt». Dersom mor eller far sit på sida og nikkar oppmuntrande, kan det vera lettare for barnet å opne seg, framheld ho.
– Det er viktig for meg å skape tillit, og få barnet til å forstå at me ikkje skal snakka stygt om nokon. Eg må vise at eg forstår kor glade dei er i familien. Får eg den tilliten, kan ein sidan via omvegar, nærma seg det som er vanskeleg, seier ho.