Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
20. januar 2021

– Pårørande er viktige for meg og pasientane

Fastlege Line Cecilie Christiansen har i dei 13 åra ho har vore lege alltid vore oppteken av å ha dei pårørande med på laget.
Lege%20Line%20Cecilie%20Christensen%20BRUK
– Involveringa av pårørande har auka i løpet av mine år som lege. Det heng mellom anna saman med at pasientar blir utskrivne frå sjukehus tidlegare enn før, mange blir utreda medan dei bur heime. Fleire ønsker også å bu heime den siste tida før dei døyr, fortel Christiansen.

Det er likevel ikkje så ofte pårørande ringer til legen for å gi henne informasjon om ein pasient. Dei gongene det skjer, må ho alltid på førehand avklare om det er greitt at pasienten får vite at den pårørande har ringt. Viss ikkje, kan ho ikkje gå vidare med informasjonen i møte med pasienten, og då kan ho ikkje lytte til det dei har å fortelje, forklarer ho.
 

Kløkt og omtanke

Ifølge fastlegen godtek dei aller fleste pårørande at ho gir beskjed til pasienten om at vedkomande har kontakta henne, for å kunna ta opp ei aktuell problemstilling. Fastlegen er også medviten om at pårørande kan ha sin eigen agenda for å kontakta henne, men legg til at dei aller fleste pårørande berre har det beste i tankane for pasienten. Legen tek difor som oftast i mot informasjon frå pårørande, men må sortere kva som er relevant for henne å vite som behandlar.

– Å vidareformidla slik informasjon til pasienten må gjerast med kløkt og omtanke, spesielt viss det er snakk om spesielt vanskelege tema som til dømes rus eller psykiatri, seier ho.
 

Eg som lege er pasientens advokat, og pasienten skal kunna ha fullt og heilt tillit til meg. Difor må eg og vera open om kven som tar kontakt med meg om pasientens helsetilstand.


– Dersom ei dotter ringer til meg og seier ho er uroa over at faren drikk for mykje, seier eg ikkje desse orda direkte til pasienten min. Det går fint an å omformulere og seie at eit familiemedlem tok kontakt og var uroa over helsetilstanden din, og at du difor ønsker å få tatt nokre ekstra prøvar, eller stiller nokre fleire spørsmål.
 

Teieplikta trumfar alt

Teieplikta er heilag for henne som lege.

– Eg som lege er pasientens advokat, og pasienten skal kunna ha fullt og heilt tillit til meg. Difor må eg og vera open om kven som tar kontakt med meg om pasientens helsetilstand. Det er pasienten liv, og ingen andre har i utgangspunktet rett til å få vite noko om han eller hennar helse, understrekar Line Cecilie Christiansen.
 

Tilleggsinformasjon frå dei som lever tett på pasienten min kan vera veldig nyttig for meg som lege.


Pårørande får difor aldri helseinformasjon om hennar pasientar, med mindre pasienten har gitt ei samtykkeærklæring om at det er greitt. Mange pasientar vel å dele helseopplysningar med nokre få nære pårørande. Ikkje sjeldan set då Line Cecilie Christiansen opp ein eigen pårørandetime, der både lege, pasient og pårørande får ta opp ting dei meiner er viktige for behandlinga.
 

Pårørande utfyller legen
– Eg ser jo berre pasienten på kontoret, det gir meg begrensa innblikk i pasientens liv. Difor kan tilleggsinformasjon frå dei som lever tett på pasienten min vera veldig nyttig for meg som lege. Eg er som lege av og til heilt avhengig av pårørande si hjelp til praktiske oppgåver heime. Pårørande kan også gi meg opplysningar om pasientens liv som gir meg svaret på kvifor me i somme tilfelle ikkje kjem i mål med behandlinga, forklarer ho.

 

Det er best om lege, pasient og pårørande kan danna ein konstruktiv trio.


Involvering av pårørande er spesielt viktig og vanleg der pasienten har ein kronisk sjukdom eller ein tilstand som krev langvarig oppfølging. Dei aller fleste pasientar som står i krevjande helseutfordringar ser også sjølv at dei treng hjelp av pårørande, og gir legen lov til å ta kontakt med nærståande. Etter Line Cecilie Christiansens meining er det best om lege, pasient og pårørande kan danna ein konstruktiv trio, og då er det lurt å kunna snakka saman, påpeiker ho.
 

Dei fleste vil vel

Hennar erfaring er at dei alle fleste pårørande er velmeinande, engasjerte og opplyste menneske med god kunnskap om og innsikt i pasientens situasjon og utfordringar. Dei har også i mange tilfelle oppretta kontakt med pasientorganisasjonar i sin iver etter å vera til hjelp for pasienten, fortel legen.

Line Cecilie Christiansen tok legeutdanninga si for rundt 20 år sidan. Også under legeutdanninga var pårørande tema i fleire fag, spesielt innan geriatri (eldremedisin). Christiansen har inntrykk av at dei fleste legar har eit nokså felles syn på pårørande, men ho reknar med at somme tykkjer teieplikta kan bli ei hindring. Det gjeld då i situasjonar kor legen opplever at pårørande har ein annan agenda, eller eit anna syn på pasientens situasjon, enn pasienten sjølv.
 

I somme situasjonar kan teieplikta følast utfordrande. Det kan vere i tilfelle der ein som lege ønsker støtte eller involvering frå pårørande, men kor pasienten av ulike grunnar, ikkje ønsker dette.


– Sjølv har eg til gode å hamna i ei slik tenkt interessekonflikt. Dei fleste pasientar har forståing for at å dele ein del helseinformasjon og uro rundt eigen tilstand, er ein bra ting for å få avlasting og støtte når ein sjølv er sjuk.
 

Å dela kan vera farleg

Mens andre gonger er det og veldig gode grunnar for å ikkje involvera pårørande, dersom det er misbruk, vald eller overgrep i heimen, eller langvarige konfliktfylte forhold. I somme situasjonar kan teieplikta følast utfordrande. Det kan vere i tilfelle der ein som lege ønsker støtte eller involvering frå pårørande, men kor pasienten av ulike grunnar, ikkje ønsker dette.

Men teieplikta er heilt grunnleggjande for pasienten si tiltru til meg, og eg bryt henne ikkje om pasienten ikkje sjølv har opna for det, presiserer Line Cecilie Christiansen.
 
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut