Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
08. april 2019

– Politiet bruker mykje tid på pårørande

Kvardagen til politiet er tett befolka med pårørande. Svært mange hendingar som involverer politiet, handlar også om eit stort tal pårørande. Difor har Sør-Vest politidistrikt to eigne pårørandekoordinatorar.
John%20Andreassen%20(2)%20kopi
Politiinstruksen seier at politiet har plikt til å informera eller syta for at pårørande får informasjon dersom nokon er omkomne. Politiet har også plikt til og varsla eller syta for varsling av pårørande til personar som er sakna eller skadde. I tillegg skal politiet syta for å gjenforena pårørande med evakuerte og sakna personar, opplyser pårørandekontakt John Andreassen.

Frå to bilar kolliderer går det ikkje så lang tid før operasjonssentralen går i gong med å få tak i dei næraste pårørande.


Høg prioritet

Etter å ha sikra skadestaden og teke hand om dei skadde eller omkomne, er det å få varsla pårørande det som har høgast prioritet, fortel Andreassen.

I sine 30 år i politiet, mellom anna som lensmannsbetjent og etterforskar, har han hatt mykje kontakt med pårørande.

– Politiet har alltid hatt tanke for pårørande og arbeidd med denne gruppa, men dei siste åra er me blitt flinkare til å laga gode system rundt arbeidet vårt. Slik sikrar me at alle pårørande blir fanga opp.

Politidistriktet har utvikla rutinar både for små og store hendingar som involverer pårørande.
 

Etter å ha sikra skadestaden og
teke hand om dei skadde eller
omkomne, er det å få varsla
pårørande det som har høgast
prioritet.


I saker av mindre omfang er det etterforskaren som tek seg av kontakten med pårørande. I større saker er det leiaren i eit geografisk område sitt ansvar å plukka ut ein pårørandekontakt blant sine folk.

Andreassen legg til at politiet si oppgåve ikkje er å drive psykososialt arbeid.

– Me legg likevel vekt på å vera empatiske medmenneske for pårørande og etterlatte. Vårt viktigaste oppdrag mot pårørande er å informera dei i tråd med det lovverket krev. Kva har skjedd, kva gjer politiet og kva rettar har dei pårørande. Dessutan informerer me dei om kor dei kan vende seg for å få anna type hjelp og støtte enn den me kan gi. Er det mindreårige inne i bildet, kontaktar me alltid kommunen som er plikta til å varsla kriseteamet sitt, forklarer han.

Politiet sitt ansvar for pårørande varer heilt frå saka oppstår til ho er avslutta eller lagt bort. Ved dødsfall har pårørande rett til å bli orienterte om obduksjonsrapportane, både den førebelse og den endelege. Ønskjer dei det, kan dei og få lesa rapportane. Pårørande kan dessutan klaga på avgjerda om å henlegga ei sak, fortel Andreassen.


Brutalt for pårørande

Politiet opplever frå tid til anna at sosiale media gjer livet ekstra brutalt for pårørande.

– Sosiale medium er eit tviegga sverd. Politiet kan få mykje hjelp i etterforskinga herifrå, samstundes kan det vera fortvilande og sjokkerande for pårørande når privatpersonar publiserer bilete frå ein ulukkesstad, gjerne før politiet er komne fram, fortel han.

Då kan pårørande risikera å sjå bilen til sonen eller dottera på eit bilete, utan å heilt vita kva som har skjedd. For privatpersonar sladdar ikkje registreringsnummer. På mindre stader, vil ein uansett ofte kunne kjenne att dei involverte køyretøya, framheld han.
 

Politiet har alltid hatt tanke for
pårørande og arbeidd med denne
gruppa, men dei siste åra er me
blitt flinkare til å laga gode system
rundt arbeidet vårt.


Polititenestemannen har sjølv opplevd at pårørande kjem til ein åstad der politiet og dei andre naudetatane ennå er i full sving med bergingsarbeid. Då kan det vera krevjande å få tatt i mot den pårørande på ein skikkeleg måte, vedgår han.

Av og til hender det at etablerte media ikkje følgjer politiets bønn om å venta med publisering til alle pårørande er varsla om ei hending.

– Når trongen til å vera først med ei ulukke går over omsynet til pårørande, føler me i politiet at media gjer overtramp. Det er ofte vanskeleg for oss å forklare dei pårørande at me ikkje har høve til å stoppe media frå å publisere. Men heldigvis har me dei aller fleste gongene eit godt samarbeid med pressa, understrekar Andressen.


Ikkje hvis, men når

Han fortel at politidistriktet er førebudde når den store katastrofen skjer.

– Me veit at slike hendingar skjer med jamne mellomrom. Det kan vera ei plattformulukke, ein flystyrt eller ei anna hending som fører til massedød. Difor har politidistriktet oppretta ein pool med totalt rundt 35 pårørandekontaktar. Desse er spesielt utvalde menneske som har erfaring med å handtera pårørande. Skal me kunna serva eit stort tal pårørande etter ein katastrofe er me nøydde til å ha førebudd oss på førehand.

Ved ei slik større hending vil det også bli oppretta evakuert- og pårørandesenter. Kven som har ansvar for å oppretta og driva eit slikt senter, avheng av kvar ulukka skjer. Kommunen og store bedrifter blir ofte ansvarlege.

Ved ei ulukke i Nordsjøen er det operatørselskapet sitt ansvar å få eit slikt senter på beina.

Somme politifolk vil bli via etterforskingsarbeid, medan andre får i oppgåve å møte pårørande/evakuerte som også i somme tilfelle blir avhøyrde på senteret.

Politiet opprettar også eige telefonsenter for nasjonalt kontaktpunkt for pårørande ved større ulukker og har mannskap som har sagt ja til å bemanna eit slikt senter, forklarer pårørandekoordinatoren.
 

Det har skjedd mykje sidan terroraksjonen
på Utøya. Mitt inntrykk er at kommunane
også er blitt flinkare på krisehandtering.


Politiet har ansvar for pårørande både til døde, skadde og sakna. Likeeins når nordmenn forsvinn i utlandet.

– Om ein mann i Suldal saknar dotter si i Thailand, er det politiet i Norge sitt ansvar å ha kontakt med thailandsk politi. Det er det enkelte land som avgjer når og korleis dei skal etterforska slike saker. Norsk politi hjelper til med informasjon om den sakna og kan stilla mannskap dersom dette er ønskelig.

Pårørandekoordinatorane i Sør-Vest politidistrikt har god kontakt med store selskap i distriktet, likeeins arbeider dei tett mot sentrale aktørar som trussamfunn og andre nødetatar.

– Det har skjedd mykje sidan terroraksjonen på Utøya. Mitt inntrykk er at kommunane også er blitt flinkare på krisehandtering.


Stort informasjonsbehov

Pårørande kjem med både ros og ris til politiet.

– Mitt inntrykk er at dei fleste er nøgde til slutt. I starten, derimot, er dei pårørande ganske ofte misnøgde med informasjonsflyten. Dei tykkjer dei får for lite informasjon og at ting går altfor seint. Like etter ei ulukke er informasjonstrongen nesten umetteleg, så eg har forståing for at situasjonen kan opplevast slik. Men politiet har også eit ansvar for å kvalitetssikra informasjon før me gir han vidare til dei pårørande, påpeiker Andreassen.

I tilfelle der politiet må ut med ei pressemelding skal pårørande alltid varslast i forkant.
 

Men til tross for belastninga er dette
først og fremst ein givande jobb, kor
eg føler eg gjer noko nyttig og viktig.


Andreassen kan av eiga erfaring slå fast at pårørandearbeid er krevjande både mentalt og fysisk.

– Du må vera topp motivert, empatisk og ganske robust. Saker der barn er involverte, er alltid mest krevjande. Men til tross for belastninga er dette først og fremst ein givande jobb, kor eg føler eg gjer noko nyttig og viktig. Det er naturlegvis ekstra gildt om familien i etterkant tek kontakt og seier dei er nøgde med oppfølginga.

Han legg til at ein må vera glad i folk for å kunne gjera ein god jobb i ei slik stilling, og dei pårørande kan ha svært ulike krav.


Alle er like

– Somme er svært krevjande, medan andre nesten ikkje krev nokon ting. Då er det viktig at eg ikkje mistar dei stillfarande av syne, for eg er også ansvarleg for at dei får oppfylt rettane sine.

– Kan du bli sint på pårørande?
– Nei, men litt oppgitt kanskje. Samstundes er det lett å forstå at folk i krise og som kanskje ikkje har sove på mange netter, ikkje greier å ta inn all informasjon. Difor er det viktig at eg informerer grundig og heile tida forsikrar meg om at dei forstår det eg seier.

For John Andreassen spelar det inga rolle om den pårørande er ein rik forretningsmann eller ein prostituert.

– Eg skal sjå alle på same måte. Kven du er og kva liv du har betyr ingenting. Alle skal behandlast likt. Likskapstanken står sterkt i politiet og blei tidleg planta inn i meg. Alle skal behandlast med respekt og dei har alle rett på same informasjon, understrekar han.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut