Bente%20Lund%20Jacobsen

← Gå tilbake

Heidi%20(2)
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Publiseringsdato: 29.11.21

– Spør sårbare eldre om det er vanskeleg å takka nei til telefonseljarar

Eldreombod Bente Lund Jacobsen fortel at dei regelmessig får vita om ein del eldre som slit med telefonsal eller henvendingar via e-post. Både dei eldre sjølv og pårørande tek kontakt om slikt sal.
– Telefonsal er kanskje det verste, fordi ein då blir meir overrumpla, enn ved å få ein e-post. Men eg har høyrt at også e-postar kan stressa somme eldre menneske, då somme er formulerte slik at dei kan tolkast som ein slags trussel om at noko trist vil skje, om ikkje du som mottakar kjøper eit spesielt produkt, forklarer Jacobsen.


To straumabonnement

Ho har blitt kontakta av ein pårørande som kunne fortelja at ein eldre person i hennar familie brått sat med to straumabonnement. Eldreombodet seier fleire pårørande som tek kontakt er fortvila og ønsker råd om korleis dei kan beskytta dei gamle i å bli utsette for sal via telefon.

– Me tipsar dei om reservasjonsregisteret til Brønnøysundregistrene. Der kan du reservera deg mot telefonsal og uadressert reklame. Her skal du kunna reservera deg mot sal av produkt frå selskap der du ikkje er kunde frå før. Generelt sett burde vegen til å reservera seg mot denne typen sal vore gjort lettare, for det er nok langt i frå alle som veit at ein kan ta kontakt med Brønnøysundregistrene for å reservera seg, påpeiker ho.


Får ikkje bort alt

Å reservera seg mot telefonsal via desse kanalane, demmer likevel ikkje opp for alle henvendingar. Både organisasjonar og politiske parti og selskap som driv marknadsundersøkingar, vil likevel kunna ta kontakt.

Bente Lund Jacobsen fortel at det fort kan bli mykje å betala på for snille og gåvmilde eldre. Som eksempel viser ho til ein 89 år gamal minstepensjonist som enda opp med å bli fast givar til Røde Kors, Munn-og Fotmalende Kunstnere, Kreftforeininga, Barnekreftforeningen og den lokale kreftforeininga i eige heimfylke.

– Eg tykkjer dette er eit krevjande tema. Desse organisasjonane er truleg avhengige av slikt telefonsal for å overleva, samstundes er nokre eldre lette å påverke. Ein del sit gjerne mykje åleine og då kan ein telefonsamtale med ein seljar bli eit hyggeleg avbrekk, dessutan kjenner dei på ei lyst til å hjelpa, dermed blir dei meir mottakelege for slike tiggetelefonar, påpeiker ho.


Ta ein god prat

Hennar råd er at dei som er pårørande til sårbare, eldre menneske, tek ein god prat om temaet. For her er det viktig å ikkje blanda seg for mykje inn i sjølvråderetten til den gamle, minner ho om. Likevel kan det vera lurt å minna sin eldre slektning om at det kan vera lurt å vera litt forsiktig, slik at ein ikkje samla sett endar opp med altfor mange giroar å betala på. Det er også fornuftig å forsiktig minna om fellene ved telefonsal, som kan bli både dyrt og plagsamt i lengden, om mottakaren er veldig gåvmild, legg ho til.
 

Ein del sit gjerne mykje åleine og då kan ein
telefonsamtale med ein seljar bli eit hyggeleg
avbrekk, dessutan kjenner dei på ei lyst til å
hjelpa, dermed blir dei meir mottakelege for
slike tiggetelefonar

– Bente Lund Jacobsen

Det er også lurt å minne dei mest sårbare eldre om at det føregår mykje sleipt via e-post også, legg Jacobsen til. Dersom den gamle ønsker det, bør pårørande hjelpa til med å kontakta reservasjonsregisteret og Brønnøysund.  Desse skal ein også kunna ringa til om ein ikkje har høve til å nytta deira digitale løysingar for reservasjon.

Dersom den gamle er aktiv kunde hjå ei bedrift eller fast givar, må ein ta direkte kontakt med bedrifta eller organisasjonen, om ein ikkje lenger ønsker å bli kontakta via telefon, opplyser Bente Lund Jacobsen.


Skal me sjå gjennom giroane?

Dersom ein mistenker at den gamle har mykje å betala på, kan ein spørje om ein saman skal gå gjennom giroane, slik blir det lettare for både den pårørande og den gamle å få eit overblikk over utlegga. Dette kan vera forma som eit spørsmål til den gamle om han eller ho ønsker at ein i fellesskap skal setja seg ned og sjå gjennom det som kjem i posten. Det kan og vera lurt for den pårørande å sjekka om den gamle har for dyre abonnement på straum eller andre ting.

– Eit problem er også at fleire av giroane som blir sende ut, opererer med purring, sjølv om det eigentleg er ei frivillig gåve ein ber om.

Dette gjer somme gamle skremde, slik at dei betaler når purringa kjem, fordi dei trur det dreier seg om ei ekte purring på ein vanleg rekning, forklarer eldreombodet.

Det kan vera vanskeleg for pårørande å vita kor mykje ein skal gripa inn i livet til ein eldre slektning, minner ho om.


Mange bekkar små

For mange oppstår ei spesielt krevjande tid når den gamle er i ein mellomfase mellom å vera velfungerande og oppegåande, og til å bli dement. Dette kan vera ein glidande overgang der det er lurt for pårørande å vera litt ekstra vakne, meiner ho.

Heller ikkje dagleg leiar i Pårørendealliansen, Anita Vatland, er ukjent med fortvilte pårørande i samband med telefonsal mot eldre.

– Ofte får pårørande greie på at deira eldre takkar ja til ulike tilbod frå seljarar, når dei begynner og hjelpa dei med å betala rekningar, og ymse purrefakturaer dukkar opp, på symjekurs for Redningsselskapet eller ulike helseprodukt. Då kan det vera utfordrande å vita korleis ein skal gripa saka an for å ikkje overstyra den gamle. Men mitt råd er då å spørja om ein ønsker å halda fram med å betala på desse produkta, og om vedkomande veit kva alt dette kostar i løpet av eit år? For som alltid er det dei mange bekkane som til saman kan bli ei stor elv, og for ein minstepensjonist kan det fort bli for mykje å betala på, understrekar ho.


Greier du seia nei?

Ein kan også spørja den gamle om han elle ho tykkjer det er vanskeleg å seia nei til seljarar? Viss svaret er ja kan den pårørande kontakta Brønnøysundregisteret og få telefonnummeret sperra for telefonsal i reservasjonsregisteret som ligg på nettsida deira, forklarer Anita Vatland. Av og til må ein reservera seg på ei nettside, det er ikkje alltid det går an å ringe, dermed er det viktig at pårørande hjelper eldre som ikkje har tilgong til nett med å fjerna telefonnummeret frå ringelista, viser ho til.

Dersom den gamle framleis ønsker å få slike telefonar, er Vatlands tips er å råde den gamle til å velja seg ut ei sak å støtta. Då er det lettare å seia nei til dei andre som ringer. Det er også lurt å be den gamle spørja om det er eit eingongsbeløp eller ein fast årleg sum han eller ho går med på å betala, dersom vedkomande takkar ja til å støtta ei sak.


Du treng ikkje ta telefonen

Ho veit at mange seljarar peikar seg ut målgruppa som ennå har fasttelefon. Medan yngre menneske ofte let vera å svara når det ringer frå eit ukjent nummer, sit det djupt i fleire eldre menneske å alltid svara når telefonen ringer, noko anna føler dei er uhøfleg, påpeiker Vatland. Dessutan har eldre utan nettilgang heller ikkje høve til å slå opp nummeret. Derfor kan det vera lurt å seie til dei gamle at det er lov å ikkje svara når nokon med ukjent nummer ringer.

Ho veit at mange av seljarane er drilla i argumentasjonsteknikkar og er trente i å appellera til det snille i dei eldre.

← Gå tilbake

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Rødt-politikaren Mímir Kristjánsson frå Stavanger er 35 år, og har stort sett vore pårørande heile livet. Det vil merkast i innsatsen han skal leggja ned på Storinget i komande periode, lovar han.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten