Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
15. august 2018

Anne Torill heiar på dei pårørande

Heile sitt yrkesaktive liv har Anne Torill Brimsø arbeida med menneske i utfordrande livssituasjonar.
Anne%20Torill
Å skapa eit respektfullt og tillitsfullt samarbeid mellom pasient, pårørande og helsepersonell har alltid vore viktig for henne. Sidan i fjor har ho kunne jobba med pårørande på heiltid ved Pårørendesenteret i Stavanger.


Stor samfunnsverdi

– Pårørande utfører eit enormt viktig arbeid for samfunnet. Me har nesten eit heilt helsevesen i sving gjennom innsatsen deira, seier Anne Torill, og viser til at dei pårørande utfører arbeid tilsvarande 100 000 årsverk. Helsevesenet utfører årleg 130 000 årsverk.

Anne Torill er utdanna sjukepleier og har ei vidareutdanning i veiledning og sosialkompetanse. Ho har også tatt pedagogisk utdanning etter dette.

Som sjukepleiar på kreftavdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) var ho oppteken av at den pårørande også skulle føle seg sett og inkludert.
 
– Sjukdom rammar ikkje berre pasienten, men også dei som står den sjuke nær. Dei pårørande kan lett komma i skuggen av pasienten, samstundes som me veit at pårørande spelar ei stor rolle for korleis den sjuke har det i kvardagen. Mi erfaring er at det var utruleg lite som skulle til for at dei pårørande kjende seg ivaretekne og sett av oss.


Skulevegrarar

Ei gruppe pårørande som står hjartet hennar ekstra nær er foreldre til ungdom som av ulike årsaker fell ut av skulen, såkalla dropouts.

– Mange pårørande har eit helsevesen å kontakta – nokon som overtek omsorga når det er nødvendig. Foreldre til barn som ikkje vil på skulen har ikkje det, dersom barnet ikkje har nokon diagnose i helsevesenet. Desse blir difor ei ganske usynleg gruppe. Eg møter fleire av desse foreldra på Pårørendesenteret. Mange ber på mykje sorg og skam og spør seg sjølv om dei har gjort noko gale sidan barnet deira aldri kjem skikkeleg i gong med livet sitt. Det ligg også ei stor sorg i dette å ha ein ungdom som berre sit heime, medan nabojenta har fått seg kjærast og er godt i gong med studiane, seiar ho.

Anne Torill sin jobb handlar om å vera der for den pårørende, og å gi dei verktøy til å ta vare på seg sjølv midt i det vanskelege.

– Som helsepersonell kan me hjelpa pårørande å oppdage eigne ressursar. Det å forstå situasjonen dei er i, samt sine eigne reaksjonar, kan gjera situasjonen lettare og vidare bidra til meistring.
 

Det ligg også ei stor sorg i dette å ha ein ungdom som berre sit heime, medan nabojenta har fått seg kjærast og er godt i gong med studiane.


Frå avmakt til meistring

Brimsø legg til at ordet meistring står sentralt ved Pårørendesenteret. Som pårørande blir du stilt overfor mange påkjenningar og utfordringar som det kan vere vanskeleg å takle.

– Gjennom «Mestringskurs» kan me bidra til at pårørande får ny kunnskap og innsikt i eigen situasjon. Det å få auka innsikt kan gjera oss i stand til å vurdera ulike handlingar, noko som igjen hjelper oss å tilpassa oss vanskelege livssituasjonar.  Slik kan kjensla av avmakt blir erstatta av ei kjensle av meistring, fortel ho.

Pårørande kan også oppleva å få økonomiske problem som følge av langvarig sjukdom i familien.

– Difor er eg glad for at tilboda på Pårørendesenteret er gratis. Slik får me vera med på å gi noko tilbake for den jobben dei pårørande gjer for sine og samfunnet, understrekar Anne Torill.


Stortrivst i jobben

Som 35-åring opplevde ho å mista ein bror.

– Mi erfaring er at pårørande som er helsepersonell i somme tilfelle kan bli skuffa over seg sjølv når dei opplever sjukdom i nær familie. Dei trudde kanskje at dei skulle kunne bidra med meir på grunn av utdanninga si, men det er ikkje alltid tilfelle. Helsepersonell er også pårørende. Då er det viktig å minna kvarandre om at me berre er menneske alle saman, framheld ho.

Anne Torill satsar på å bli ved Pårørendesenteret lenge.

– Jobben min her er utfordrande, lærerik og kjekk. Ein dag på Senteret inneheld mykje alvor, men det er også plass til latter og glede, både saman med pårørande og kollegaer. I tillegg har eg mange kollegaer med høg kompetanse og kvar dag har me spanande faglege diskusjonar på jobb.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut