Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
15. august 2018

Har hatt mange gode samtalar på telefonen

– Det som har overraska meg mest i denne jobben er kor nær eit anna menneske du kan komme på telefon. I studiet lærer me mykje om korleis rom og kroppsspråk spelar inn, men også utan desse faktorane kan me få til mykje på telefonen, og mange av innringarane har eg fleire samtalar med, fortel Kjersti Ringheim Vestbø.
Kjersti%20pa%CC%8A%20kontoret
Ho er ei av totalt fem personar som bemannar Pårørendesenteret si pårørandelinje. Her har Kjersti også kontakt med pårørande via chat og andre skriftlege kanalar.


Nærkontakt og oversikt

Vestbø som er utdanna kreftsjukepleiar har arbeidd ved senteret i eit år. Jobben hennar er delt mellom pårørandelinja og arbeidet med å kartlegga pårørandearbeidet i kommunane.

– Eg likar kombinasjonen av å jobbe tett med folk, men samstundes få løfte pårørandearbeidet opp på systemnivå, fortel ho.

Arbeidet med å kartlegga pårørande arbeidet i kommunane har teke mykje tid.

– Eg følte trong for å feira med ein is då eg var ferdig med Finnmark fylke, seier ho og ler.


Få kommunane på glid

Engasjementet og krafta i pårørandearbeidet varierer naturleg nok mykje frå kommune til kommune, men Kjersti er blitt gledeleg overraska fleire gonger over kor mange kommunar som ser verdien av dette arbeidet.

– Pårørendesenteret tilbyr også kommunane hjelp til å lage ein strategi for arbeidet. Det kjennest godt å kunna tilby kommunane noko viktig. Eg håpar å få skapt eit engasjement rundt pårørande i kommunane, for engasjement smittar, og gjennom dette prosjektet får kommunane høve til å samanlikne seg med kvarandre, fortel Kjersti.

Før ho kom til Pårørendesenteret arbeidde ho på kreftavdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus. Ho har også arbeidd ved Ryfylke DPS på Randaberg.


Eg håpar å få skapt eit engasjement rundt pårørande i kommunane, for engasjement smittar...


Å sjå ved å forklare

Kor travel det er på linja varierer veldig, men ifølge Kjersti er trykket minst i feriar og høgtider. Dette heng truleg saman med at mange pårørande då får det travlare fordi ein del hjelpetilbod blir reduserte, fortel ho.

Pårørendesenteret ønsker å gjere linja endå meir kjent og har planar for å styrka marknadsføringa av tilbodet.

Kjersti trives godt med å få via heile arbeidsdagen sin til pårørande. Dette er ei gruppe ho alltid har engasjert seg for, også då ho arbeidde som sjukepleiar.

– For dei pårørande er det utruleg viktig å bli sett, og det skal ofte så lite til for å gjere ein forskjell. For eksempel berre det å møte eit blikk på sengeposten, i staden for å trekkje auga bort, seier Kjersti.

– Å bli sett handlar også om å få ting forklart. Mange har eit behov for å vita kvifor legane vel, eller vel bort, ein type behandling. Å forstå kan redusere vonde kjensler hjå pårørande, understrekar ho.


Pårørande i utdanninga

Pårørande var ikkje noko eige tema då ho gjekk på sjukepleiarstudiet. Temaet blei fletta inn i fag som etikk og kommunikasjon. Ho meiner pårørande bør bli meir sentrale i utdanninga.

Ifølge Kjersti er det viktig å heile tida hugse på at sjølv om pårørande har historier som liknar forteljingar ho har høyrt før, så er den enkelte sine behov ulike og høgst individuelle. Hjå Kjersti får menneske i krise snakka om det som er vanskeleg og setje ord på «forbodne» kjensler.

– Det å få snakka med nokon kan gjere at ein kjenner seg mindre einsam etterpå. Og det kan hjelpa på det dårlege samvitet å få høyre at alle kjensler er normale, påpeiker ho.

Og som alltid handlar det om å finne den gylne middelvegen der den pårørande greier å setje grenser rundt seg sjølv, samstundes som han eller ho strekker seg for den sjuke.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut