Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
15. oktober 2018

Inger har alltid hatt blikk for dei pårørande

Som tilsett ved Pårørendesenteret får Inger Grødem brukt dette blikket i fullt monn.
Inger%20og%20Gry%20Anette%201
Inger har individuelle samtalar og sit på hjelpetelefonen og chatten.


Tettare på

Då ho utdanna seg til sjukepleiar på åttitalet var pårørandearbeid ingen del av pensum. I sin første faste jobb som nyutdanna hamna ho på Haukeland sjukehus sin infeksjonspost. Dette var på den tida då sjukdommen AIDS byrja å spreie seg.

– Då kom eg i tett kontakt på pårørande og såg kva sosialt stigma denne lidinga bar med seg for alle involverte. Alt då prøvde me å bruka ein del tid på pårørande.

Til denne posten kom også folk direkte som var alvorleg sjuke av hjernehinnebetennelse eller hadde blodforgiftning.

– Slik møtte eg mange pårørande i krise, og fleire opplevde å mista sine kjære. Me hadde ikkje noko systematisk oppfølging av dei pårørande, men somme blei slusa vidare til sjukehuspresten. Mange forsvann også, utan noko oppfølging.

Det hende Inger møtte motstand blant kollegaer når ho snakka om kor viktig det er å bruka tid på pårørande.

– Då sa eg at me ikkje har tid til å la vera. Det å sjå pårørande har ligge i meg heile tida, og eg har nok trekt med meg eiga pårørandeerfaring inn i arbeidet. Eg er oppteken av korleis folk rundt den sjuke blir sett og ivaretekne, seier ho.


Ikkje for alle

Somme av kollegane tykte arbeidet med pårørande var utfordrande. Grødem erkjenner at for nokre kjennest det å arbeida nært med pårørande meir utfordrande enn for andre. Det er difor viktig å ha merksemd på pårørande for å spela kvarandre gode.

For Inger kjennes det godt å kunna via heile arbeidsdagar til pårørande, men også ved Pårørendesenteret kan ho kjenna at ho kjem til kort og får gjort for lite med tanke på behovet der ute.

– Ofte kan eg kjenne på ønsket om å kunne gjere meir, og då er det godt å ha noko konkret å tilby, i form av kurs og samtalar. Og går det eit par veker før ein får ein avtale på huset, kan ein ringe og få prata med nokon på linja i mellomtida, fortel Inger.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut