Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
15. september 2017

Kommunane får skjerpa krav til å støtte pårørande

Første oktober i år trer den nye lova om pårørandestøtte i kraft. Professor Alice Kjellevold gir her ei kort innføring i kva lova betyr, kva ho manglar og kva ho er uklar på.
alice-kjellevold
Heile føredraget hennar om lova kan du høyre under konferansen Pårørendesamarbeid og pårørendestøtte i kommuner og helseforetak på Gardermoen 14. november. 


Rikt konferanseprogram

Under den to dagar lange pårørandekonferansen (som startar 13. november) vil ei rekke kjende fagfolk snakka om korleis ein får visjonar til å bli røyndom, og det bli vist til praktiske eksempel på godt pårørandearbeid. Årets Pårørandekommune vil også bli kåra under arrangementet.

Professor Alice Kjellevold har sett seg godt inn i den nye lova som vil gi kommunane eit meir forpliktande ansvar overfor pårørande. (Se lovdata her.)

I lova som professor Kjellevold skal snakke om står det at til pårørande med særleg tyngande omsorgsarbeid skal kommunane tilby naudsynt pårørandestøtte, mellom anna i form av opplæring og rettleiing, avlastningstiltak og omsorgsstønad.

Den nye lova er eit viktig skritt i å tydeleggjera
kommunane sitt ansvar overfor pårørande,
men kva betyr lova i praksis? Kven gjeld ho?


Ho meiner det er nyttig å reflektera over og problematisera enkelte deler av lova.


Kva med dei andre?

Kva betyr det å ha særleg tyngande omsorgsarbeid, spør Alice Kjellevold. Kjellevold reknar med at det er pårørande som har så tunge omsorgsoppgåver at kommunane ville ha måtte overta ansvaret for pasienten om den pårørande ikkje hadde vore der.
 

Det er vel og bra at kommunane får
tydeleggjort plikta dei har overfor
desse, men kva med pårørande med
mindre tyngande omsorgsoppgåver?


Pårørande til menneske med rusproblem eller psykiske problem? Lova inneheld ingenting om dei, sjølv om også desse kan ha enorme psykiske belastningar. Desse vil også kunna trenga råd, støtte og rettleiing, innvender Alice Kjellevold, som meiner definisjonen av målgruppa må diskuterast.


Pass på den pårørande

For det andre meiner professoren at det må diskuterast kva som er meint med opplæring og rettleiing i tilknyting til oppgåver som pårørande. Ifølge Kjellevold er det viktig å tenkja både på å gjera den pårørande i stand til å utføre oppgåver for pasienten, men det er like viktig å førebyggja helseproblem hjå den pårørande.
 

Ein skal ikkje berre sjå den pårørande
som ein som er flink til å hjelpe.


– Den pårørande skal også sjølv kunna få hjelp og støtte til eigne problem, poengterer ho.

Kjellevold meiner loven kunne vore tydelegare på dette punktet.

Når det gjeld kommunens plikt til å gi avlastning og omsorgsstønad til pårørande, tykkjer Alice Kjellevold at det ville vore meir effektfullt og gitt pårørande rettskrav til avlastning og stønad.


Rettskrav ville vore betre

Har du eit rettskrav til noko, kan du klage om du ikkje er nøgd. Når kommunen berre har plikt til å yta desse tenestene, gir det rom for ulik behandling i ulike kommunar, alt etter kva kommunen har av tilbod. Til dømes kan omsorgsstønad avvisast fordi kommunen heller vil sette inn heimesjukepleie og heimehjelp.

Likeins blir det når det gjeld avlastning, kommunen kan kanskje berre tilby avlastning på sjukeheim, sjølv om både den pårørande og pasienten ønsker avlastning i heimen, eksemplifiserer ho.

Ho understrekar at ved ei slik formulering i loven, er det til sjuande og sist kommunen som bestemmer kva form avlastinga og stønaden skal ha, utan at den pårørande eller pasienten har stort å slå i bordet med.

Den nye lova er likevel absolutt eit skritt i rett retning i å sikra rettane til dei pårørande i kommunane.
 

Nå er det viktig at kommunane tek innover seg
dette, og ser til at både kompetanse og pengar
er på plass til å oppfylla lovas krav.


Kommunane må vera klar

Ho meiner kommunane må vurdera om dei har nok og rett kompetanse. Dersom det skortar på kompetanse bør kommunen finna ut om ein vil bygge opp eigen kompetanse, eller kjøpe tenester for sine pårørande hjå til dømes Pårørendesenteret i Stavanger.

Kjellevold viser til at Pårørendesenteret i Stavanger gjennom mange år har bygd opp eit godt miljø og høg kompetanse som særleg nabokommunane på Nord-Jæren bør kunna dra nytte av.

Ho viser til at det er viktig at kommunane tek godt vare på dei pårørande som ofte utfører arbeid som kommunane sjølve elles ville måtta ta seg av.

Tal viser at pårørande utfører rundt 100 000 årsverk i pleie- og omsorgssektoren.

Ennå har kommunane ein veg å gå når det gjeld å dokumentera til statlege myndigheiter korleis situasjonen for dei pårørande er, avsluttar ho.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut