Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
06. mars 2020

Kva tenkjer du når du høyrer ordet pårørande?

Pårørendesenteret jobbar ut frå ein vid definisjon av ordet pårørande. Det som betyr noko er ikke kva folk har rett på som pårørande, men korleis nokon sin sjukdom, psykiske helse, avhengigheit, fengselsdom, eller død påverkar dei som står nære. Men kva tenkjer folk flest om begrepet pårørande? Me har spurt seks tilfeldige personar om deira tankar.
caroline-hernandez-TMpQ5R9mbOc-unsplash

judith

Judith Sørhus Litlehamar (36):


– Eg tenkjer på ei krevjande rolle å vera i, men samstundes treng det ikkje berre vere vanskeleg og trist. Det kan også vera ei positiv rolle i livet der du må forhalde deg til nokon andre, utanom deg sjølv. Det å ta seg av nokon kan kjennast godt, sjølv om det krev noko av deg.


monica

Monica Erfjord Berg (50):


– Ordet pårørande får meg til å tenkje på dei næraste i familien, men ein pårørande kan sikkert og vera venner, for dei kan også vera ganske nære i livet. Eg føler ordet har noko positiv med seg, det er godt å ha pårørande for dei som er sjuke.



geir

Geir Skjefstad (62):


– Pårørande er noko me høyrer om i samband med sjukdom, ulukker og død, og det har hatt ein negativ klang, men etter kvart har seg sett at ordet kan romma noko positivt også. For meg betyr pårørande den næraste familien.



marit

Marit Fløgstad Halvorsen (72):


– Ordet får meg til å tenkja på noko trist. Sjukdom og død, nokon som hjelper i vanskelege situasjonar.

For meg er pårørande næraste familie, ein kan vera pårørande til foreldre, ektefelle eller barn.




sigbj%c3%b8rn

Sigbjørn Steine (41):


– Eg tenkjer til dømes på slekt som stiller opp for nokon som ligg for døden. Som pårørande har du plikt til å syta for at den som er sjuk har det bra, eller å støtta nokon som er triste. Å vera pårørande kan også vera ei fin og koseleg rolle.
 


tor kopi

Tor Møgedal (15):


– For meg er pårørande slekt og andre som bryr seg om deg. Pårørande blir ofte brukt i negative samanhengar, men eg synest det er noko positivt. Pårørande handlar om omsorg og føle at nokon er der for deg.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut