Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
16. desember 2020

Legen skal ikkje gå pårørande sitt ærend i skjul

Ofte blir fastlege Kåre Reiten kontakta av pårørande som ønsker å fortelja noko om pasientane hans. Viss eg ikkje kan vidarefortelja det du har sagt til pasienten, vil eg vanlegvis ikkje vita det, slår Reiten fast.
Reiten
Å kombinera omsynet til pasient og teieplikt med behovet til pårørande, er komplekst og det finst ingen absolutt fasit, for det kan vera tilfelle der sunn fornuft endåtil trumfar teieplikta, legg Kåre Reiten til.

Han har vore fastlege i snart førti år. Sekretæren på legekontoret skal alltid spørja den pårørande som tek kontakt om han eller ho tillèt at legen kan seie at vedkomande har ringt og kva som er sagt. Blir svaret nei, blir dei fleste samtalar avslutta. Er svaret ja, er Kåre Reiten overlukkeleg, fordi han veit at pårørande ofte kan sitja på mykje nyttig og relevant informasjon som kan komme behandlinga av pasienten til nytte.
 

Mitt råd til pårørande er å manne seg opp til å ta den krevjande helsepraten med sine nærståande, sjølv om eg veit at det mange gonger kan enda med sinne, fortviling eller fastlåste situasjonar. 


Det kan vera ein son som ringer fem dagar før faren skal ha time hjå legen. Sonen vil då gjerne gi beskjed om at faren ikkje lenger er skikka til å køyra bil, og at han aldri får køyra tur med barnebarna lenger. Eller det kan vere ei dotter som vil fortelja at ho tykkjer mora drikk altfor mykje.
 

Lett å gjennomskode

– For meg er det aller viktigaste at pasienten har tillit til meg, og dermed sjølv fortel meg det eg bør vita. Legekontoret er nemleg ein av dei få stadene folk snakkar sant. Får pasienten då ei kjensle av at legen går bak ryggen på ein, og går andre sitt ærend, kan pasientens tillit forsvinna og legen får ikkje lenger vita det han treng. Ein skal ikkje vere spesielt skarp for å få forstå at nokon har ringt legen om han i ein konsultasjon som handlar om noko heilt anna, brått legg inn nokre spørsmål om alkoholvanar.
 

Det er ikkje alle pasientar som er tilgjengelege for hjelp, spesielt dei som er i ferd med å utvikle demens, og då må ein i særskilte tilfelle gå omvegar.


For å vera ein truverdig lege, vil ikkje Kåre Reiten driva skodespel for pasientane der han brått stiller mange krøkkete og rare spørsmål. Legen skal opptre ope og redeleg overfor pasientane, tilliten mellom dei to partane er svært viktig for han.

– Mitt råd til pårørande er å manne seg opp til å ta den krevjande helsepraten med sine nærståande, sjølv om eg veit at det mange gonger kan enda med sinne, fortviling eller fastlåste situasjonar. Løysinga ligg likevel ikkje i å lesse alt over på ein lege som endar opp med å ha masse informasjon som han ikkje kan bruke, seier Kåre Reiten.
 

Viktig å bruka skjønn

Samstundes skjer det i nokre få tilfelle at Reiten vurderer det å få pårørandeinformasjon bak pasientens rygg på ein annan måte. Det skjer gjerne i tilfelle der pasienten er i ferd med å bli dement, eller har psykisk sjukdom. Det hender det kan vera viktig informasjon å få i tilfelle der pasienten ikkje ønsker å fortelje eller nektar behandling.

– I slike kompliserte og gjerne destruktive situasjonar kan eg ein sjeldan gong bryte teieplikta i samtalar med pårørande, og ta i mot informasjon frå dei utan at pasienten veit det. Alt dette blir naturlegvis gjort med pasientens beste i tankane. Det er nemleg ikkje alle pasientar som er tilgjengelege for hjelp, spesielt dei som er i ferd med å utvikle demens, og då må ein i særskilte tilfelle gå omvegar, påpeiker Reiten.

Ein skal også hugse at pårørande som ringer legen og vil gi tilleggsopplysningar, ikkje alltid gjer det av edle grunnar. Somme gonger er det familiekonfliktar som ligg bak sonens ønske om at legen undersøker faren for demens, og ikkje ektefølt omsorg, legg fastlegen til. 
 

Som legar vil me aller helst ha informasjonen direkte frå pasienten.


– I familiar som fungerer godt er det utruleg korleis pårørande får ordna tilhøva rundt pasienten. I dysfunksjonelle familiar, derimot, kan ein aldri vere heilt sikker på kva som er kva. Ringer dottera av omsut for mora eller ligg det ein interessekonflikt bak? Det har også slått meg at det ikkje alltid er den sjukaste i familien som blir lagt inn på psykiatrisk.
 

Eit etisk minefelt

Kåre Reiten har inntrykk av at organisasjonar som Pårørendesenteret trur det er enkelt for legen å flette inn informasjon frå pårørande i ein samtale med pasienten, utan at det merkast.

– Det er ikkje enkelt, og det er som oftast ikkje rett heller. Helsepersonell held teieplikta høgt. Vi prøver å verne pasienten sitt liv og journal mot samfunnets krav om innsyn og kontroll. Som legar vil me aller helst ha informasjonen direkte frå pasienten.
 
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut