Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
22. mars 2019

Tøft å vera pårørande til folk som har forsvunne

Til ei kvar tid er over 100 personar sakna berre i Rogaland. Politiet har ei eiga liste kor namna på alle desse står. Desse over hundre menneska har alle ei rekke pårørande som undrar seg på kva som har skjedd med deira kjære.
Saknalista
rosseb%c3%b8– Eg ser at det kan vera ekstra tøft å vera pårørande til ein som er sakna. Å leva i uvisse er krevjande, mange gonger kan det nok kjennast betre å ha ei grav, erkjenner Ernst Kristian Rossebø, leiar for felles enhet for etterretning og etterforskning i Sør-Vest politidistrikt.

Då denne artikkelen blei skriven stod totalt 109 namn på lista for Sør-Vest politidistrikt, men tala svingar noko, månad for månad, men held seg vanlegvis stabilt rundt 100, fortel Rossebø.


Dei fleste dukkar opp

Når pårørande kontaktar politiet for å melde ein person sakna, tilpassar politiet sin innsats etter omstenda rundt forsvinninga. For det første er det viktig å finne ut kor personen sist blei sett. Opplysningar frå dei pårørande avgjer kor omfattande politiet går ut og søker.

– Det vil vanlegvis bli gjort ein større innsats for eit barn på sju enn for ein på 17. Men er det omstende som openbert tyder på at personen har forsvunne mot sin vilje, startar politiet raskt opp søk og etterforsking, fortel han.

Kvar veke får politiet telefon frå urolege pårørande. Det kan vera ungdommar som ikkje er komne heim frå fest, eller personar som er sakna frå institusjon. Er foreldra redde ungdommen er i eit uheldig miljø, kan politiet dra ut og undersøka i det aktuelle miljøet.

– Det aller mest løyser seg heldigvis innan kort tid, og lenge før politiet får tid til å føra vedkomande opp på den offisielle lista over sakna personar i Norge.


Pårørande leitar sjølv

Han legg til at Riksadvokaten har laga eit eige rundskriv for korleis politiet skal handtera saknameldingar for å sikra alle pårørande lik behandling.

I mindre alvorlege tilfelle ber politiet ofte pårørande sjølv leita litt først, hjå naboar eller vener. Dersom personen ikkje blir funnen, kjem politiet på banen.

– Dersom ting tyder på at noko alvorleg har skjedd, reagerer me raskt, uavhengig om personen som er sakna er mann eller kvinne, ung eller gamal, påpeiker han.

I denne aktive søke- og etterforskingsfasen har politiet tett kontakt med pårørande til den sakna. Dersom tida går og den sakna ikkje blir funnen, blir kontakten sjeldnare.

Personens namn blir ståande på lista, men politiet tek ikkje kontakt med pårørande med mindre det skjer noko nytt i saka, anten personen blir funnen, død eller levande.


Få drepne på lista

Dette skjedde nyleg i Sandnes då ein mann som hadde vore sakna sidan 2015 blei funnen i samband med bygningsarbeid i januar i år. I 2006 skapte funnet av leivningane til sauesankar Leiv Aarhus frå Suldal store overskrifter landet rundt. Mannen hadde då han blei funnen i suldalsheiane vore sakna i 31 år.

Somme står på sakna-lista i årevis, ofte ei heil stund etter det er håp om at vedkomande lenger kan vera i live. Til dømes står suldølen Gjermund Stråbø på lista etter han forsvann sporlaust i hausten 1997.
 

Det er ikkje kriminelt å stikka av, sjølv
om det kjennest tøft for dei etterletne.


Denne saka blei etterforska som eit mogleg drap, men politiet greidde ikkje finna nok prov til å sikta nokon i saka, fortel Rossebø.

Politiet har likevel von om at dei ein dag kan dukka opp leivningar etter fleire av dei sakna personane på lista.


DNA-testar pårørande

Av den grunn blir det også ofte tatt DNA-prøve av nære slektningar, eller av eigendelar til den sakna, som kan brukast ved seinare identifisering av leivningar, fortel Rossebø.

– Eg trur det finst få straffesaker blant dei sakna på lista. Somme har truleg gøymt seg bort og tatt livet sitt, andre held seg i skjul med vilje, anten fordi dei ikkje har fått opphaldsløyve i landet, fordi dei har gjort noko straffbart, eller rett og slett fordi dei har stukke av for å starta eit nytt liv ein annan stad. Det er med andre ord ikkje alle på lista som ønsker å bli funne, påpeiker Ernst Kristian Rossebø.

Han legg til at det ikkje er kriminelt å stikka av, sjølv om det kjennest tøft for dei etterletne.

Ernst Kristian Rossebø har i si noverande stilling ikkje direkte kontakt med pårørande, men i si lange politikarriere har han møtt mange pårørande.

– I politiet har me alltid lagt vekt på å ha god kontakt med pårørande, men arbeidet mot denne gruppa er blitt meir systematisk og innarbeida dei siste tiåra.

Han har fleire gonger opplevd at pårørande kan vera krevjande å jobbe med. 

– Men det er deira jobb å mase. Politiet må på vår side prøve og gjere så godt me kan og informere om det me veit på beste vis, framheld Ernst Kristian Rossebø.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut