Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
20. juli 2019

Kjersti måtte gje slepp på sonen sin

«Kjersti» ønskjer å vere anonym. I november i fjor flytte guten hennar på snart ni år inn i barnebustad på permanent basis. Heime sit mor og kjenner ei stor lette for at kvardagen for resten av familien er blitt enklare. Men samstundes ber ho på ei veldig sorg fordi ho ikkje makta å ha eldsteguten buande heime.
Illustrasjonsfoto
I fleire år var ho åleine om omsorga for guten ho fekk i 2007. Barnefaren var aldri inne i biletet, så ho hadde ingen å dele ansvaret med.
 
Barnet hennar sov svært lite, og guten var mykje sjuk det første leveåret. Han hadde også problem med å ta til seg næring. Då han var rundt åtte månadar gammal, begynte utviklinga hans å stagnera. Først tre år gamal lærte han seg å gå.

I 2012 fekk han diagnosen uspesifisert psykisk utviklingshemming, med trekk innanfor autismespekteret. For mora har det vore ein døgnjobb å passa på sonen.

Eg har aldri visst kva eit normalt småbarnsliv er.


Guten må konstant haldast i aktivitet og han kan ha utagerande åtferd. Heile tida må han haldast auge med fordi han vandrar rundt. Han søv lite og dårleg, og kan ha veker i strekk der han nesten ikkje søv i det heile.

Språk har han ikkje, men familien kommuniserer med han ved hjelp av bilete og teikn. Han kan eta sjølv, men får tilført veske og medisin gjennom ein knapp i magen. Guten er stor og fysisk sterk, noko som også er ei utfordring til tider, og kan setje andre i fare, då han ikkje tenkjer gjennom handlingane sine.
 

Har levd i unntakstilstand

– Eg har aldri visst korleis eit normalt småbarnsliv har vore. Alle kreftene har gått til sonen min, men svevnmangel har ført til at eg har vore utruleg sliten.

– Då eg for nokre år sidan møtte ein ny mann og fekk eit barn til, blei utfordringane endå større, fordi eg også måtte ha krefter til dei andre i familien, fortel kvinna som er utdanna sosionom og ventar sitt tredje barn.

I ein periode har ho jobba 80 prosent. Då har ho hatt ein dag med ulønna permisjon. Den fridagen har ho behøvd for å kvila seg ut, men hausten 2016 toppa det seg.
 

Han eller meg

Guten hennar blei nemleg stadig meir krevjande, og ho måtte til slutt ringe kommunen og be om akutthjelp.

– Anten måtte dei ta han, eller meg, for eg makta ikkje meir, vedgår ho.
 
Kommunen handla raskt og guten hennar fekk permanent plass i barnebustad med det same.

– Eg har berre godt å seie om kommunen, det blei laga eit kjempegodt tilbod til han på svært kort tid. Det har aldri vore problem å få dei tenestene eg har hatt behov for. Heldigvis var guten min kjent i bustaden frå før, sidan han jamleg har vore her på avlastning dei siste åra, fortel mora.

Kjersti har vald å ikkje bruka brukarstyrte personlege assistentar i heimen fordi dette ville kravd at ho administrerte ordninga, noko som inneber mykje arbeid.
 

Eit traume

– Det vil ta tid å forsona seg med at eg måtte sende han bort. Dette er ei stor krise for meg og ei kjelde til skuldkjensle, men eg hadde prøvd så mykje. Samstundes gler eg meg over at han nå møter ei opplagt og utkvilt mor.
– Før gjekk eg på stumpane og var utslitt, nå har me kvalitetstid saman, og eg kan besøka han nett når eg vil fordi eg har eigen nøkkel til bustaden hans. I starten besøkte eg han ikkje så ofte, fordi han då trong litt tid til å falla til ro i den nye heimen sin, men nå byrjar ting å gå seg til, forklarer 31-åringen.

Nå ser Kjersti fram til eit meir normalt liv. Ho ser at det nok er vanskeleg for andre med friske barn å setja seg inn i korleis livet hennar har vore dei siste åra.

– Når andre klagar over ei dårleg natts søvn, blir det for meg ein bagatell. Du må ha stått i det sjølv, for å kunna forstå korleis livet med eit funksjonshemma barn kan vera. Å pleia vennskap har også vore vanskeleg, fordi livet med sonen min har vore altoppslukande.

– Difor set eg ekstra pris på å vera saman med andre foreldre i regi av NFU (Norsk forbund for utviklingshemma), men framover håpar eg også å kunna få eit meir normalt sosialt liv. Det vil vera viktig for meg og sjølvtilliten min. Dessutan gler eg meg til å ha tid til kjærasten min, dei to andre barna mine, og det å kunna klaga på tidsklemma på ein heilt vanleg måte, avsluttar ho.
Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Din helse
Group%20947
Vanlige reaksjoner og belastninger
Group%20947
Tips og råd
Group%20947
Søsken
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut