Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
06. september 2020

Kunnskap gir tålmod

Som pårørande til ein dement, har Anne-Brit blitt spesialist på å fortelje det same på ti forskjellige måtar. Før mannen hennar fekk demens-diagnosen, blei ho ofte sint på Otto som spurte om det same om att og om att.
annie-spratt-49879-unsplash
(Illustrasjonsfoto)
– Å få ein diagnose, gav meg ei anna forståing og større tålmod. Dermed gjorde det meg ikkje noko å heile tida gjenta ting eg hadde sagt. Men i tida før diagnosen var eg så sint at endåtil barna påpeika det. Då sokk det inni meg, vedgår Anne-Brit.
 

Få nok hjelp

Nå er det eitt år sidan den 74 år gamle kvinna mista mannen sin. Som ho forsonte seg med demens-diagnosen i si tid, har ho no óg forsont seg med livet som enke. Framleis er ho med i pårørandegrupper kor ho snakkar med likesinna.

– Her møter eg menneske som framleis står midt oppi det. Eg prøver å gi råd etter beste evne, men kvart tilfelle er unikt, alle opplever dette ulikt, fortel ho.

Eit av råda ho gir, er å skaffa nok hjelp og avlastning.

– Om du ikkje tør å nemne dette til den som slit med demens, få nokon i helsevesenet til å ta praten om dagsenter og avlastning. Eg hadde heller ikkje lyst til å ta dette opp med Otto, så eg fekk ein tredjepart til å forklare mannen min at han måtte bu borte frå heimen i periodar, slik at eg skulle få avlastning. Mi erfaring er at det er enklare å få den sjuke til å lytte til ein utanforståande, og slik skape ei forståing hjå den sjuke om at dette er naudsynt. Ikkje fordi ein ønsker å få den andre ut av huset, men for å unngå at begge to blir sjuke, forklarer ho.

Få nokon i helsevesenet til å ta praten om dagsenter og avlastning. Eg hadde ikkje lyst til å ta dette opp, så eg fekk ein tredjepart til å forklare mannen min at han måtte bu borte frå heimen i periodar.

Til slutt måtte Otto bu fast på sjukeheim, men Anne-Brit besøkte han kvar einaste dag. Kvart besøk varte mellom halvannan til to timar.
 

Ver tålmodig

– Mange av dei pårørande slit med sinne mot den som har demens. Mitt råd er at ein likevel bør prøve å vere tålmodig. Dersom ein bur med den sjuke døgnet rundt, vil dette vera svært tøft, men har ein avlastning, meiner eg me bør greia å bita sinnet i seg under kortare besøk,  seier Anne-Brit.

Ektemannen hennar var 15 år eldre enn henne. Ho var difor i arbeid då han byrja å bli dårleg i 2015.

Symptoma kom snikande. Otto byrja å sjå syner og gjorde rare ting, og spurte om att og om att om det same, i det uendelege. I ettertid har Anne-Brit fått høyre av ein kamerat  at han hadde merka seg forandringar hjå Otto. Ho trur det kan vera vanskelegare å registrera slike endringar for dei som er tett på heile tida.

– Eg trudde i starten han var dum, eg forstod ikkje kva som skjedde. Så blei han lagt inn på sjukehus i samband med ein infeksjon. Då gjekk han også inn i ein forvirringstilstand. Etterpå då Otto blei sendt heim, skulle han trene seg opp att, men det var heilt umogleg for meg å få han i gong med dette opplegget, fortel 74-åringen.

Besøk kvar dag

Sommaren 2016 fekk Otto undersøkt hjernen og demensdiagnosen blei sett same haust. Anne-Brit blei også pensjonist og stelte mannen sin sjølv dei vekene han ikkje var på avlastning. Ho følte det gjekk greitt, sjølv om nettene kunne vera strie, for då ville han av og til opp.

Otto budde heime i seks veker, så var han på avlasting i tre veker, slik at Anne-Brit fekk henta seg inn att. Men ho gjorde det til fast rutine å besøka mannen sin kvar dag. Kvar søndag tok ho han med på biltur, noko han sette svært stor pris på.

– Det er eg veldig glad for at eg gjorde, spesielt nå etter han er død. Mannen min kjende meg igjen heilt til det siste. Hadde han ikkje kjent meg igjen frå gong til gong, hadde eg kanskje ikkje besøkt han like ofte, fortel ho.Otto blei glad kva gong kona kom og skreiv opp i ei bok kva tid ho skulle komme neste gong. Sjølv om ektemannen kunne spørje om det same ofte, hadde han og Anne-Brit også vanlege samtalar. Og han endra ikkje personlegdom.
 

Otto var den same

– Han var snill og tålmodig heile livet, det endra seg ikkje med demensdiagnosen. Det sta vesenet sitt beheldt han også. Heldegvis verka han ikkje redd for det som skjedde.

Dei to fekk feira gullbryllaup i 2018, og då var Otto i strålande og spøkefullt humør, men helsetilstanden forverra seg i løpet av dette året.
Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Vanlige reaksjoner og belastninger
Group%20947
Avlastning og assistanse
Group%20947
Påfyll for egen del
Group%20947
Søsken
Etter kvart blei Otto så dårleg til beins at han ikkje kunne bu heime med Anne-Brit lenger.

Otto døydde kort tid etter 88 års-dagen sin i mars i fjor. Anne-Brit var blitt vant med å vere åleine i huset det siste året før han døydde, men ho sakna dei daglege turane til sjukeheimen, og såg at ho no fekk ledig tid som ho måtte fylle.

74-åringen går regelmessig og trenar, ho har også fått mange nye vener ved sjukeheimen i perioden Otto budde der. Desse held ho framleis kontakten med. Ho går både på kino og konsert. Dessutan har ho engasjert seg i frivillig arbeid. I tillegg brukar ho ein del tid på å sy. Snart har alle dei seks jentene ho er bestemor til fått heimesydde bunadar.

– Eg har komme over dette nå, og lever eit fint og godt liv, seier Anne-Brit.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut