Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
13. november 2022

Martin vaks opp med ein valdeleg og alkoholisert far

I boka om sin eigen oppvekst, Å sette saman bitene, karakteriserer Martin Eia-Revheim faren som ein prest og ei plage.
Martin_Revheim_FotoHelgeBrekke_justert
Foto: Helge Brekke
Den unge Martin rakk ikkje å bli mange år før han forstod at faren ikkje var som dei fleste andre fedrar. Drikkinga starta faren med som tredveåring då han var sjømannsprest i Brasil. Sonen er likevel overtydd om at faren har hatt personlegdomsforstyrringar heile livet, men drikkinga gjorde det heile endå verre.

 

Alltid på vakt

Martin var einebarn. Han og mora måtte gå på tå hev heile tida for å ikkje vekka sinnet til far og ektemann. Han ropte og skreik og gjorde heimen utrygg under dei mange og lange fyllekulene sine. Likevel frykta sonen endå meir den utspekulerte vondskapen faren til tider viste i edru tilstand. Som då han drap Martins undulat og spylte fuglen i toalettet.

– Fram til eg var rundt seks år har eg ingen spesielle minne, og til tross for alt det vonde, ber eg også med meg nokre gode minne då far min var glad, impulsiv og rar. Han kasta meg opp i lufta, tok meg med på hockeykamp og me drog på Theatercafeen for å eta biff tartar. Ein gong tok me heisen til toppetasjen på eit hotell i Oslo, berre for å kjøpa oss brus. Han var ei blanding av kvitt og svart, og dessutan svært musikalsk. Han spela fleire instrument og snakka mange språk. Han var begåva og kunnskapsrik. Alt kom lett til far min, diverre kasta han bort alt det gode i livet sitt, påpeiker Martin som no er 49 år.

Den vesle familien flytta ofte, dei budde langt frå slekta og hadde lite nettverk. Faren drakk tett frå torsdag til og med søndag. Fordi faren var fengselsprest reagerte ingen på kor raudsprengt og alkoholdunstande han var, fordi publikummet, dei innsette i fengselet, truleg ikkje merka det, ifølge sonen.

 

Ein hustyrann

– Far styrte alt heime hjå oss. Alle fine ord om barns rettar blir berre det, fine fjerne ord, når du i praksis er innelåst i ein familie med ein valdeleg far, påpeiker Martin.
Faren var full 50 langhelger i året. Dei beste helgene var då utskeiingane fekk han til å sovna. Søndag ettermiddag pla familien samla seg for å høyra ein andakt og ete litt bakverk saman. Då var farens klare bodskap at dette måtte dei legga bak seg, men han orsaka seg aldri for all drikkinga, fortel sonen.

 

Livet mitt er mykje betre no, men eg har framleis mykje uro. 

Martin Eia-Revheim


Mora og Martin blei slått mykje, men for han er det ikkje verre om han hadde blitt slått endå meir. Det er det eine, første slaget frå ein som skal vera omsorgsperson, som øydelegg alt, påpeiker han.

– Det at valden blir utøvd av ein person du ikkje kan få vekk frå livet ditt og ikkje er tilfeldig blind vald, gjer han ekstra vanskeleg å leva med, forklarer han.
Han hundsa familien, Martin minnest mora ein gong fekk ei innpakka vaskefille til fødselsdagen, som eit signal på kor mykje ho var verd. Faren meinte ho var ei udugeleg prestefrue og kunne til tider spytta ut maten ho hadde laga.

Martin trur at somme utanforståande må ha hatt mistankar om kva faren gjorde mot han og mora. Helsesøstera på vidaregåande var i alle fall skeptiske til blåmerka som han bortforklarte med sykkelvelt.

Ville ikkje ha merksemd

– Tilhøva heime gjorde at eg blei svært god til å tilpassa meg på skulen også. Eg var ein meister i å pleasa alle rundt meg og skydde konfliktar, eg heldt meg i bakgrunnen og passa på å alltid tilfredsstilla omgjevnadane, slik gjekk eg under radaren.

Å ha besøk med heim var ikkje så vanleg på den tida, fortel Martin. Barn og unge møttest helst ute, dermed var det få som kom innafor huset og såg familielivet frå innsida.
Oppveksten har gjort at han kjenner seg bitter og trist til tider, og han har ofte undra seg over om ingen såg korleis han hadde det? Han har komme til at fleire nok har hatt sine mistankar, men at dei ikkje har hatt motet til å gjera noko aktivt med det.

 

Eg føler far min bur i meg på eit vis, for eg har mykje etter han, både fakter og interesser



Som vaksen seier han at han kan skjøna at det er krevjande å gripa inn. For kva om naboen seier babyskrika skuldast kolikk, skal du då påstå noko anna?
Mora gjekk frå faren då Martin prøvde å ta livet sitt det siste året på vidaregåande. Han har til tider klandra mora, men som vaksen mann ser han kor komplekst livet var for henne. Om ho ringte politiet og bad om hjelp, kunne ho ikkje vita heilt sikkert at dei ville bli tekne bort, for far til Martin hadde gode overtalingsevner.



Han tidde i mange år

Sjølv tidde Martin heilt stille om kva han hadde opplevd før han hadde hatt fleire år på institusjon etter sjølvmordsforsøket. I denne perioden blei han utsett for grov feilbehandling i psykiatrien. Han fekk ein alvorleg psykiatrisk diagnose og tunge medisiner. Det tok lang tid før han fekk den hjelpa og terapien han trong og fagfolk som såg at det var den grusomme barndommen som gav han forskjellige psykiske reaksjonar. Som vaksen har han fått diagnosen posttraumatisk stress, han slit mellom anna med angst og depresjon på grunn av alt det vonde han har opplevd.

– Livet mitt er mykje betre no, men eg har framleis mykje uro. Eg er heldig som har både familie, jobb og eit nettverk av venner. Sjølv om eg har folk rundt meg som er glade i meg, er eg alltid på vakt og tør aldri gleda meg til noko, men eg kan kjenna masse glede i øyeblikket.

Alle dei gode tinga i livet er med på å vatna ut det fæle han opplevde.

Menneske med ein slik oppvekst slit ofte med å kunna stola på andre, noko som fort kan føra til einsemd som vaksen. Martins råd er å vera open sjølv om det er vanskeleg, for slik å sleppa andre inn i livet.

 

Frykta for å bli som han

Dei tre barna hans har fått kvar si forteljing, tilpassa deira alder, om bestefaren som brukte vald. Martin har ofte kjent på frykta for å bli som far sin.

– Det er viktig å kjenna på den frykta. Eg føler far min bur i meg på eit vis, for eg har mykje etter han, både fakter og interesser. Så blir det for meg å finna ut kva som er mitt og kva som er hans?

Martin seier at det at han var pårørande som barn, har gjort at hans familie blir pårørande til han.

– Eg blir deprimert innimellom og depresjon er ei egosentrisk liding. Då får ein mykje sympati for dei rundt. Den som er deprimert ventar på at det skal gå over igjen, medan dei rundt heile tida går med frykta for når depresjonen slår til igjen. Etter mitt syn har pårørande det gjerne verre enn symptombæraren. Pårørande må leva i uvisse og får lite merksemd og få blomar frå omverda. Det er også få som tilbyr gode faglege pårørande-opplegg.

Martin Eia-Revheims inntrykk er at det ligg mykje godvilje i det frivillige pårørandearbeidet, men etter hans syn er det viktig at det faglege også blir styrka i tiltak som er retta mot dei som lever tett på menneske med psykiske og fysiske utfordingar.

 

PS:

Du kan også møta Martin i podcasten Pårørendepraten. Her fortel han meir frå sin historie og om korleis livet er i dag.
Infolapp%20med%20binders

Barn og unge som pårørende

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og finne tips og råd for hvordan barn og unge kan bli ivaretatt?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Ta vare på barna
Group%20947
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut