Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
22. juni 2017

– Eg våga ikkje å knytta meg til bror min

I heile oppveksten frykta Mathias at den hjartesjuke veslebroren skulle døy frå han. I ettertid har han forstått at det gjorde at han heldt ein distanse til broren, for å skåna seg sjølv dersom dei skulle mista han.
andrew-seaman-ey5zZOkYL0Q-unsplash
Illustrasjonsfoto
Mathias var fem år då broren Halvard blei fødd. Etter kort tid blei det konstatert at Halvard hadde alvorleg medfødt hjartefeil og innvendig ganespalte.

Både hjartefeilen og ganeproblema medførte mykje dramatikk, komplikasjonar, langvarig behandling og ei rekke operasjonar og fråvær frå heimen for foreldra til Mathias.
 

Broren fekk ikkje pusta

Det gjekk ei stund før femåringen forstod at broren ikkje var eit heilt vanleg barn. Foreldra sa ikkje så mykje til Mathias, og seinare har han tenkt på at det kanskje var bra han var så liten då mykje av dramatikken rundt broren skjedde, slik at han ikkje fekk med seg alt.

– Men eg har mange minne etter helikopter, sjukebilar og sjukebåt som dreg av garde med litlebroren min i all hast. Eg var ganske liten første gong eg la merke til at veslebror strevde med pusten.

Ein gong fekk han eit kvelningsanfall medan han og eg leika på rommet hans. Halvard stod i senga, eg var like utanfor. Brått byrja han å rista, eg sprang ned i stova og fekk henta mamma og pappa. Dei styrta opp med meg i hælane.

Pappa prøvde å få Halvard til å puste att gjennom munn-til-munn-metoden. Det neste eg hugsar eg legehelikopteret som landa på parkeringsplassen like ved huset vårt og mamma som prøvde å trøysta meg, fortel Mathias.

Eg var ganske liten første gong eg la merke til at veslebror strevde med pusten.

Sjalusi og kjærleik

Storebroren har ikkje noko minne om at han var sjalu på litlebroren som kravde så mykje av foreldra si tid og merksemd.

– Men det er klart eg må ha vore det. Han blei jo ein slags rival. Og eg hugsar me krangla mykje, spesielt i baksetet under bilturar, for krangla hadde han krefter til, sjølv om han ikkje alltid var i så god form, seier Mathias tørrvittig.

Mathias tykte også synd på bror sin, men han har også til tider, spesielt då han var yngre, tykt synd på seg sjølv.

– Seinare skjøna eg jo at det var Halvard som hadde det vanskeleg, og at eg ikkje hadde nokon grunn til å vera lei meg.

Storebroren har heldigvis også minne om at han og Halvard kunne ha periodar med vanleg brødresamvær og fredeleg leik. Situasjonar der han som storebror hadde glede av å lære veslebroren ulike ting.
Infolapp%20med%20binders

Barn og unge som pårørende

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og finne tips og råd for hvordan barn og unge kan bli ivaretatt?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Søsken
Group%20947
Å snakke med barn og unge om sykdom
Group%20947
Vanlige reaksjoner hos barn som pårørende
Group%20947

Krangla for å få merksemd

– For eg var jo heile tida glad i han og redd for at han skulle døy. Samstundes visste eg å ta min plass i familien. Eg kunne vera kranglevoren og hissig og finna på fantestrekar for å få mamma og pappa til å gi meg merksemd. Eit par gonger hugsar eg at eg slengde fasttelefonen i golvet så den gjekk sundt. Heldigvis skjøna foreldra mine kva som låg bak sinnet mitt.

– For nokre år sidan gjekk mamma og eg til ein fagperson kor me fekk prata gjennom ting. Det var svært nyttig for meg og er noko eg kan råda andre som har sjuke søsken til å gjera, påpeiker 18-åringen.

Sjølv har Mathias også hatt mykje nytte av musikk.

– Å spela og lytta til musikk er ein fin måte å få ut kjensler på, seier guten spelar gitar.  

Halvard er trommis og Mathias håpar at dei framover vil kunna spela ein del i lag. Mathias fortel at foreldra til tross for alle utfordringane med veslebroren også har tatt seg tid til å vere saman berre med han.
 

– Eg har aldri vore usynleg

Han veit også at foreldra har hatt dårleg samvit fordi dei ikkje har klart å gjere alt det dei skulle ønskt for dei friske barna i søskenflokken. Konklusjonen til Mathias blir likevel at til tross for frustrasjonar og sinne, har han aldri nokon gong følt seg usynleg i familien.

– Situasjonen i familien vår har gjort at eg har blitt ekstra godt kjent med besteforeldre og andre slektningar som har passa på meg når foreldra mine har vore på sjukehus med Halvard. Dette har tilført mykje bra i livet mitt.

Desse slektningane har gjort at eg ikkje lengta så mykje etter foreldra mine når dei var på sjukehus med Halvard. Mathias understrekar at han ikkje ville vore erfaringa for utan.

 

Eit interessant liv

– Å ha ein bror som Halvard har gjort meg til den eg er. Å veksa opp slik har gjort meg flink til å ta omsyn til andre menneske, og til å setja meg inn i korleis andre har det. Alle har godt av å erfara noko som er utanom det vanlege. Eit heilt strømlinjeforma liv der alt er på stell tiltalar meg ikkje, understrekar han.

Like før Halvards siste store hjarteoperasjon på Rikshospitalet fortel Mathias at han gjekk på ein liten smell. Urolege tankar rundt broren si framtid gjorde at han brått mista all energi og måtte ta pause frå skulen nokre veker. Han blei liggjande på sofaen store deler av dagane.

– Eg hadde bestemt meg for å sova meg gjennom dei timane då Halvard låg på operasjonsbordet, men rundt den tida operasjonen skulle byrja, vakna og eg og det kjendest som om nokon sagde i min kropp også. Deretter sovna eg igjen og vakna ikkje før operasjonen var over, fortel han.

Å veksa opp slik har gjort meg flink til å ta omsyn til andre menneske, og til å setja meg inn i korleis andre har det.

Har seinka skuldrane

Åra i alarmberedskap har vore krevjande. Mathias er difor svært glad for at den vellukka operasjonen har ført til at ei ny ro har seinka seg over han og resten av familien.

Halvard er blitt mykje betre, og Mathias kjenner at angsten og uroa dei siste åra har begynt å sleppa taket. Nå ser han fram til eit meir normalt brødresamvær der dei finn på ting saman som dei ikkje har kunna gjere før på grunn av Halvard helsetilstand.

– Det kjennest tryggare å nærma meg han nå. Før tenkte eg at han kanskje ikkje var her neste dag, dermed var eg ikkje så flink til å gjere ting saman med han.

Heldigvis har Halvard alltid hatt mange vener, så eg har ikkje vore så viktig i livet hans som eg kunne ha vore dersom han var einsam. Men nå håpar eg at han snart kan komma på besøk til meg i Bergen kor eg går på skule.

– Eg ser fram til å kunna vera ein vanleg bror for han, avsluttar Mathias, som no ser fram til ein avslappande familieferie i Polen.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut