Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
Kursportal_1440
Kursportal_1440_hover
Foreldra%20til%20Siv%20Hj%C3%B8rdis
Tilbake_pil
Tilbake

Som å leva i ei boble å få eit prematurt barn

Solveig og Christof Obrecht-Speth blei for sju år sidan foreldre til ei jente som blei fødd altfor tidleg. Det betydde tre månadar på sjukehus og mange dagar i spenning og uvisse om korleis det ville gå med veslejenta.
Siv Hjørdis blei fødd tre og ein halv månad før tida, i veke 26. Ho vog 1050 gram og var 38 centimeter lang.


Noko som ikkje stemte

I heile svangerskapet hadde Solveig følt seg uvel. Ho følte ho lakk fostervatn og ho hadde ofte kynnarar. Så gjekk slimproppen og Solveig hamna på sjukehus, men der opplevde ho ikkje å bli trudd på mistanken om at fødselen var i gong. Først etter ein prøve av utfloda og ei ultralydundersøking, forstod helsepersonell at ho hadde rett. Ho fekk medisinar som skulle mogna lungene til fosteret. Deretter måtte ho liggja mest mogleg i ro. Det gjekk likevel ikkje mange dagane før den vesle jenta i magen ville ut.

Eit stort team var med under fødselen, Solveig høyrde jenta si skrika, før ho blei pakka i ein brødpose og lagt i ei kuvøse i eit anna rom. Dei første timane etter fødselen var det Christof som var med dottera. Dei timane blei lange for den ferske tobarnsmora, men ho blei letta då ho fekk beskjed om at alt etter tilhøva stod bra til med den vesle babyen.

– Likevel kjende eg meg ganske åleine dei første timane utan barnet mitt, fortel ho.
 
Siv Hjørdis måtte ha pustehjelp i form av såkalla CPAP og High-Flow i to månadar, men blei ikkje intubert og låg aldri på respirator. I tre månadar blei nyfødtintensiven heimen for dottera, Solveig og Christof. Eldstejenta Ilia Susanne flytta inn til mormor og opa i denne perioden, men ho kom regelmessig på besøk til foreldra og veslesøstera på sjukehuset i helgane.
 
Kengurumetoden_JPG%5B43%5D%20copy
(Foto: Privat)

Kengurumetoden

Om dagane sat foreldra stort sett med Siv Hjørdis tett inntil kroppen. Dei sat slik på skift med henne, frå tidleg morgon til seine kvelden, berre avbrote av måltid. Dei budde på sjukehushotell, noko som gav dei små avbrekk frå dei mange timane inne på sjukehuset.

Solveig tykte det var godt å sjå andre folk når dei åt i kafeen, og ho minnest at ho av og til gjekk den utandørs vegen bort til avdelinga, berre for å få litt luft før ein lang dag inne på nyfødtintensiven.

Somme foreldre budde på pårøranderom inne på avdelinga, det gjorde også Solveig ein periode etter at ektemannen var reist heim, men ho bad om å få flytta tilbake til hotellet igjen, fordi ho ikkje treivst på det tronge rommet utan utsikt. Den korte vakne stunda på hotellet prøvde dei å kopla av med å sjå litt TV eller lese ei bok, men dei måtte tidleg i seng for å kunna møta ein ny dag, dessutan måtte mora opp ein gong på natta for å pumpa mjølk.

Om nettene hadde sjukehuset ansvaret for Siv Hjørdis som låg i kuvøsa. Men foreldra hadde naturlegvis alltid telefonane på, i tilfelle noko skulle skje om natta. Dei blei oppringte eit par gonger, og då minnest Solveig at hjarta fauk opp i halsen. Heldegvis var det aldri kritiske beskjedar.


Slapp dei store krisene

Når foreldra tenkjer tilbake på dei tre første månadane med Siv Hjørdis, er det vanskeleg å hugsa alt som skjedde, dagane berre glei inn i kvarandre, fortel dei. Paret sat i bobla si med jenta mot brystet og håpa at alt skulle gå bra. Siv Hjørdis slapp heldegvis unna dei store krisene, men uvissa gnog likevel, for ho fekk både feber og infeksjonar som måtte behandlast med antibiotika.

Barn og unge som pårørende
​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og finne tips og råd for hvordan barn og unge kan bli ivaretatt?

Her kan du lese mer om dette.

Ho fekk også fleire blodoverføringar. Helsepersonell fortalde dei at marginane var små med premature, ein liten auke i feberen kunne dermed fort bli farleg. Siv Hjørdis slapp akutte operasjonar, men etter nokre veker blei det oppdaga hjartefeil, men denne kunne venta. Først då ho var to blei hjartefeilen fiksa på Rikshospitalet.

Mora skreiv dagbok medan dei var på sjukehuset, og den er til god hjelp for hukommelsen i ettertid. Medan Solveig hadde dottera på magen sat ho ofte med beina på ein skammel, dermed kunne ho også lesa og hekla litt samstundes. Christof var der alltid også, den av dei som ikkje heldt barnet, småprata gjerne litt med dei andre foreldra på avdelinga. Det var helst dei som ikkje hadde kenguruvakt som prata saman, fordi lyden av  pusteutstyret til dei små gjorde det vanskeleg å snakka for dei som sat med barna på brystet. Ei prematuravdeling er full av utstyr som pip og lagar mykje lyd, fortel Solveig.

Men då visitten kom, fekk alle foreldra som ikkje skulle ha legebesøk utdelt høyretelefonar med radio i, slik at personvernet til den enkelte baby blei ivareteke.

Siv Hjørdis blei mata med morsmjølk i sonde dei første levevekene sine. Mora hadde enorme mengder mjølk, så mykje produserte ho at langt fleire premature barn enn hennar eige, fekk glede av det.

– Mjølkebanken snakka om å kjøpa ein ny fryseboks medan eg var der, sidan eg fylte opp den dei hadde, seier Solveig leande.

Etter ho drog heim med dottera fekk ho med seg pumpeutstyr og måtte gradvis prøva å få ned den enorme produksjonen. Totalt gav ho 85 liter mjølk til andre premature.

Tøft for storesøster

Nyfødtintensiven var delt inn tre område. Inst låg dei aller minste og sjukaste babyane, i det mellomste området låg barna som kunne liggja i opne senger med varmelampar. Ytst var området med dei friskaste babyane, der kunne også mødrene sitja og prata og amma.

Solveig byrja å amma først heilt på slutten av opphaldet, samstundes som dottera også fekk mjølk gjennom sonde. Først dagen før heimreise blei sonden fjerna.

Då Siv Hjørdis var åtte veker fjerna sjukehuset all pustehjelp. Dottera vog vel 2,9 kilo då foreldra endeleg fekk henne med seg heim 21. mars. For Solveig og  Christof var det ein lette å endeleg kunna fungera som ein heil familie. Begge veit at situasjonen var krevjande for den seks år gamle storesøstera. Då ho kom på besøk i helgane, tok dei fleire avbrekk frå nyfødtintensiven for å gå å på kino eller kafé med eldstejenta.


Hjartet dratt mellom to døtrer

Solveig seier samvitet hennar heile tida blei dratt mellom dei to døtrene. Av og til blei dei leie sjukehusmiddagen og stakk på restaurant berre dei to, men då slukte ho maten fort, for ho kjende heile tida på ei uro om ho var for lenge borte frå dottera på sjukehuset. Dei prøvde likevel å kopla av i små stunder, for dei såg at dei trong desse pustepausane. Det er eit råd ho vil gi til dei som hamnar i same situasjon som henne framover. Ein treng små pausar frå det intense livet på sjukehuset. Ho møtte alltid forståing fra personalet på sjukehuset når dei gjekk ut ein ekstra tur.

I løpet av dei tre månadane var Solveig borte frå sjukehuset på to turar som kvar varte to døgn. Ho hadde jo rikeleg med mjølk til dottera i fryseboksen og tok også med seg pumpa for å halde gang i mjølkeproduksjonen medan ho var heime med eldstejenta på Sand.

Heime kunne ho for første gong på lenge vera med på ei skuletilstelling saman med seksåringen. Eldstejenta klaga aldri over situasjonen, men mora såg at det til tider var vanskeleg for henne, sjølv om ho har gode og nære besteforeldre som stilte opp.
 

Trenger du noen
å snakke med?



Ring Pårørendelinjen på 

tlf. 90 90 48 48

eller trykk på ikonene for å starte en chat eller e-post.

Tjenesten er gratis og du trenger ikke å bestille tid i forveien.

God oppfølging på alle plan

Og heldegvis blei dette ei historie som enda godt for heile familien, som no tel tre døtrer, den yngste er fire år. Siv Hjørdis har ikkje fått alvorlege seinskadar av å vera fødd prematur. Det einaste er at ho er litt var for høge lydar og går til dømes inn på rommet sitt når det blir gjort husarbeid som bråkar.

Ho gjekk til faste kontrollar på SUS i fem år. På sjukehuset blei ho følgt opp av fysioterapeut, barnelege, øyelege, BUPA (avdeling for familie og spedbarn), samt kardiolog.

Solveig er nøgd med oppfølginga barnet hennar har fått, både på sjukehuset og frå det lokale helsevesenet. Ho var ikkje nervøs då ho kom heim med den vesle jenta si. Den lokale jordmora og helsesjukepleiaren hadde besøkt henne på SUS og lese seg opp på kva premature treng. Ho visste difor at det var god støtte å få av det lokale helsevesenet om noko skulle skje. Legevakta ligg også like ved der familien bur.

– Me hadde tatt så mange skritt på sjukehuset, me visste at lungekapasiteten hennar var god nok, difor følte eg meg trygg, seier Solveig.

Tida dei var på sjukehuset fekk begge foreldra pleiepengar, først når dottera kom heim starta den vanlege foreldrepermisjonen.

Siv Hjørdis kunne starta i barnehage då ho var eit år, men den første tida gjekk ho berre to dagar i veka. Solveig føler dei heile tida har hatt god dialog med barnehagen, og at dei tilsette la godt til rette.

Dottera deira er i dag nett som sine jamaldringar. Ho er blitt høg og tynn, og det går ikkje an å sjå på henne at ho blei fødd prematur, fortel mora.