Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
08. januar 2019

– Å snakka om det vonde har redda meg

Helle Stenehjem var pårørande frå den dagen ho blei født. Foreldra drakk altfor mykje alkohol, seinare skulle faren også misbruke dotter si seksuelt.
Helle Stenehjem
Austlandskvinna har opplevd meir motgang enn dei fleste og har store psykiske og fysiske helseplager på grunn av det ho har opplevd. Ho blei ufør alt 26 år gamal, og sleit lenge med at ho var bitter og tykte synd på seg sjølv.
 

La vekk det bitre

– Etter ei tid kom eg fram til at å gå rundt og vera bitter berre gjekk ut over meg sjølv.

Å teie stille om alt, gjorde også ting mykje verre, fann ho ut. Etter at Helle lærte seg å vera open, har livet igjen fått fargar og ho kan høyre fuglane synge og glede seg over naturen.

Nå prøver Helle å gjera det beste ut av kvar dag, sjølv om alle dagar langt i frå er gode. Å vera open og hjelpa andre som har opplevd liknande ting, hjelper henne gjennom kvardagane. Sonen og ei bestevenninne er også viktige haldepunkt i livet.

– For meg opna det seg ei ny dør då eg kom i kontakt med Frisklivssentralen for tre og eit halvt år sidan. Her får eg vera med og laga aktivitetar for andre menneske med ulike behov. I tillegg har eg vore med og etablert ei sjølvhjelpsgruppe i regi av Selvhjelp Norge. Bakgrunnen min har nok gjort at eg er god til å lese menneske og sense kva dei ber på, erkjenner ho.

Han var ikkje kjærleg, men eg sette pris på at eg var blitt den sterkaste av oss.

Ustabil far

Helle fekk aldri tatt noko oppgjer med far sin før han døydde, men ho er glad for at dei siste åra med faren blei fredelegare enn dei føregåande. Faren enda i rullestol og fekk alkoholdemens og levde den siste tida på sjukeheim.

– Slik fekk eg kontrollen, for han kunne ikkje lenger gjere meg noko frå rullestolen. Dessutan blei han veldig stille. Han var ikkje kjærleg, men eg sette pris på at eg var blitt den sterkaste av oss.

Lenge hata ho faren, men valde å legga hatet bort fordi ho kjende det tærte slik på henne.

– Eg byrja å leita i hans barndom og såg at far også hadde hatt det fælt.

Då ho var lita visste ho aldri kva lune faren var i då ho kom heim. Helle kunne bli slengd i veggen, og skjelt ut, men på ein god dag, kunne faren lage ostesmørbrød til henne.

Ho hugsar ikkje når det seksuelle misbruket starta.

– Mykje har eg nok fortrengt, men eg hugsar han stod og kikka på meg når eg dusja. Den dag i dag har eg angst for å dusja og eg må alltid sova med klede på, fortel 49-åringen.

 

Ho blei ikkje trudd
Mora ville ikkje tru henne då ho prøvde å ta opp misbruket med henne. Fleire år seinare då mora var svært sjuk og visste ho skulle døy, spurde ho dottera om det stemde det ho hadde fortald om faren.


Helle måtte svara ja til det.

– Eg skulle aldri vore mor, svara mora då.
– Eg var opplært til å alltid bry meg om andre og gi omsorg, så det enda opp med at eg trøysta mor mi med å seie at gjort var gjort, og at det ikkje var noko å gjere med det nå.

Helle blei tidleg den som tok ansvar i familien. Ho minnest at skulen tok kontakt med henne om det var noko med veslesøstera.

– I dag ville nok aldri dette ha skjedd, men eg var den skikkelege jenta, som var flink på skulen og hadde perfekt orden i sekken min. Eg ordna og fiksa heime, men storebroren min og veslesøster mi var langt meir utagerande. Likevel fatta få mistanke om kor ille det var fatt heime. Eg fortalde litt til nokre få venninner og eg trur eit par lærarar ante uråd, likevel greip ingen inn. Eg trur det også i dag kan vera vanskeleg for det offentlege å sjå at noko er gale i ein heim, viss barnet oppfører seg så eksemplarisk som eg gjorde, fortel ho.
 

Bestemor visste

Den einaste som såg og visste var bestemora. Til henne kunne Helle komma, og om nettene hende det ho overnatta ute på verandaen til bestemora om det var for mykje bråk mellom foreldra på nattetid.

– Heime blei eg aldri sett. Og eg har kjent mykje på kjensla av å bli avvist seinare.

Begge søskena byrja å rusa seg då dei var i 12-års alderen og begge døde av heroinoverdose for fleire år sidan.

– Eg trur dei valde å ta ein overdose fordi dei ikkje orka å leva lenger. Sjølv har eg aldri ligge under for rus, men eg gjekk ei tid til behandling som pårørande på ein klinikk.

Her lærte ho å setja grenser for seg sjølv, fordi det å ha så mange å vera pårørande til, blei altoppslukande.

21 år gamal blei Helle mor, kort tid etter blei ho deprimert. Alt blei svart. Den tøffe barndommen og oppveksten hadde slite henne ut og ho byrja i terapi. Her fekk ho knaggar til å henge opplevingane på, men ho var framleis ustabil. Då sonen gjekk i 2. klasse blei ho innlagt på psykiatrisk.

– Medan eg var på sjukehuset passa eg alltid på å ringe guten min kvar dag for å seie god natt. Gong på gong forsikra eg han om at ingenting av det som skjedde med meg var hans feil. Eg var veldig uroleg for at han skulle ta skade av det han sensa ved meg, så eg tok han seinare med til ein psykolog, som kunne roa meg med at guten min fungerte normalt. Og heldigvis har han klart seg bra også seinare, seier ho.
Infolapp%20med%20binders

Barn og unge som pårørende

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og finne tips og råd for hvordan barn og unge kan bli ivaretatt?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Å snakke godt sammen
Group%20947
Vanlige reaksjoner og belastninger
Group%20947
Vanlige reaksjoner hos barn som pårørende
Group%20947

Nok er nok

Helle bestemte seg ved eit visst punkt for at ho ikkje ville grava meir i si eiga fortid i lag med psykolog eller i gruppeterapi. Ho ville heller lære seg å leve best mogleg med plagene sine i kvardagen.

– Eg slit mellom anna med sosial angst og panikkangst, men eg har utvikla spesielle verktøy som får meg gjennom dagane. Musikk og turar i naturen er også god terapi. Eg elskar fotografering og kan gløyma tid og stad når eg driv med dette. Dei tre hundane mine er også til god trøyst.

For 49-åringen vedgår at ho kan kjenna seg einsam til tider. Nettverket hennar har krympa som følgje av angsten. Dessutan har ho ikkje lenger nær slekt sidan begge foreldra var einebarn.

Den siste tida foreldra levde fekk begge kreft. Då fann Helle ut at å vera pårørande til ein rusavhengig og ein kreftsjuk er nokså likt.
 

Meiningsfullt å hjelpa

– Du er like redd, makteslaus og usikker i begge tilfelle, påpeiker ho.

Nå gir det henne mykje å hjelpe andre som slit. Ho trekker spesielt fram prosjektet Tursnakk som spesielt meiningsfullt. Her møtest ei gruppe for å gå på tur, etterpå samlast dei for å snakka om eit tema.

– Folk seier eg stråler ut noko trygt. Eg får folk til å opne seg utan at eg fortel noko om meg sjølv først. Eg veit kor viktig eit smil er på ein dårleg dag, difor prøver eg alltid å smile til andre. Mange skjønar ikkje korleis eg har overlevd, men løyndomen er å dela historia mi, så det vil eg halde fram med, avsluttar ho.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut