camilla v  johansen2
Då Camilla V. Johansen var litt over eit år, gav mora henne frå seg til mormora. Det er ei avgjerd dottera er både takksam og stolt over.

Camilla (28) kunne ikkje bu med mamma

Mora hennar var psykisk sjuk, så Camilla vaks opp i nabohuset saman med mormor. 
Til tross for ein litt uvanleg oppvekst, meiner bodøkvinna at ho stort sett har hatt ein trygg og god oppvekst. Mora overlèt av fri vilje barnet sitt til si eiga mor då Camilla V. Johansen var berre 13 månadar.
 

Stolt av mora

Det låg mykje morskjærleik i å gjera noko slikt. Til tross for sjukdom, hadde mor mi nok innsikt til å skjøna at ho ikkje makta å ha det daglege ansvaret for meg, fortel Johansen. Med mamma i nabohuset kunne jenta vera saman med mora i dei periodane ho ikkje var så sjuk.

Som vaksen er ho djupt takknemleg for at dette skjedde, for elles ville ho kanskje ikkje ha takla sitt eige liv så godt. Mormor blei ein buffer i livet som skjerma barnebarnet mot det tyngste.

Som baby gav mor meg mat og stell, men ho koste truleg lite med meg, for i journalen min står det at eg bar preg av å vere understimulert. Eg var for det meste overlaten til meg sjølv då eg ikkje blei stelt og mata, forklarer ho.
 

Nært forhold

Camilla fortel at til tross for den tøffe starten, har ho så lenge ho kan hugsa hatt eit nært forhold til mor si. Ho har blitt fortald at ho ikkje var eit ønska barn då ho kom til verda, men eit barn som blei ønska etter kvart som tida gjekk.

For meg var psykisk sjukdom normalen, men eg veit jo at det blei snakka om der eg vaks opp, om familiesituasjonen min, fortel 28-åringen som i dag brukar sine eigne erfaringar i jobben som vernepleiar.

Eg er takksam for å arbeide med noko eg kan med heile meg, og har heile tida vore open om sin eigen oppvekst i møte med brukarane, forklarer ho.
 

Ligg i genane

Forutan mora er også tanta psykisk sjuk, morfaren fekk også psykiske plager som eldre mann. Me er tydelegvis disponerte for dette i mi slekt. Mor mi blei sjuk etter ho fødde meg. Ein fødselsdepresjon blei katalysatoren for sjukdommen. Eg var difor naturleg nok veldig spent på korleis eg ville takla å bli mor for nokre år sidan.

På grunn av bakgrunnen min fekk eg tett oppfølging under svangerskapet, og eg fekk ingen plager etter fødselen. I ettertid trur eg nok også mor kunne klart seg betre, men ho fekk inga oppfølging, påpeiker Camilla.

Mora har en psykoselidelse, men diagnosen er i desse dagar under revurdering, då den ifølge dottera, er lite dekkande for moras tilstand. Tanta har paranoid schizofreni.

I motsetning til tanta mi som er valdeleg og farleg, er mor mi stort sett roleg. Ho let i minst mogleg grad sjukdommen sin gå ut over andre, men lir i det stille. I periodar slit ho med humørsvingingar, ho kan også høyra stemmer, men ikkje slike som befaler henne til å gjera ting, meir stemmer som kommenterer livet hennar. Når ho er nede i ein bølgjedal søv og et ho nesten ikkje. Ho kan henge seg opp i ting som skjedde for lenge sidan. Når sjukdommen roar seg att, søv ho veldig mykje.

- For meg var psykisk sjukdom normalen, men eg veit jo at det blei snakka om der eg vaks opp

Barn og unge som pårørende.

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner hos barn og unge som pårørende og innspill til hvordan du kan snakke med dem om sykdom?

Her kan du finne nyttig informasjon.

Mora sine bølgjedalar

Camilla merka det når mora byrja å bli dårleg. Då endra ansiktsuttrykket hennar seg, blikkontakten blei borte og mora blei irritert og streng i stemma. Og då visste dottera at ho ikkje kunne besøka mora på ei stund.

Heldigvis har mor mi sin sjukdom vore veldig stabil dei siste åra, så ho har overskot til å vera ei super bestemor for dottera mi, fortel ho. Etter Camilla blei vaksen passar ho alltid på å følgja opp den medisinske behandlinga av mora.

I mange år var mor tungt medisinert, nå tek ho langt mindre tablettar og har jamt over eit betre liv. Ein gong eg var med henne til lege, forklarte ho legen om stemmane ho høyrde. Då reagerte legen straks med å vilja justera opp medisindosen. Dermed greip eg inn og fekk mor til å forklara at det ikkje var «farlege» stemmer mor mi høyrde, elles hadde mor risikert å få endå meir medisinar, forklarer Camilla.

Ein annan fare når det gjeld psykisk sjuke, fortel ho, er at diagnosen ofte blir limt til pasienten, dermed står han eller ho i fare, for å ikkje få rett oppfølging, om noko anna skulle støyta til.

Eg veit om ei kvinne som hadde diagnosen depresjon, så då kvinna brått berre ville liggja i senga, blei det forklart med denne diagnosen. Seinare viste det seg at ho hadde ein alvorleg urinvegsinfeksjon, eksemplifiserer ho.
 

Fekk hoppa i senga

Som lita blei mormora den trygge basen, men ho elska å vera hjå mora når helsa hennar tillèt det.

Hjå mamma fekk eg og venninnene lov til ting me ikkje fekk gjera hjå andre, mellom anna å hoppa i sengene. Eg fekk også lov til å teikna på veggane, for det gjorde mor stundom sjølv når ho var sjuk, fortel dottera.

Camilla hadde heldigvis venninner. Både ho og dei skjøna jo raskt at det var litt spesielt heime hjå henne, men det blei aldri snakka om. Av og til merka ho at somme vaksne var skeptiske til familiesituasjonen hennar. Ein gong vakna ho ei natt av at ein bygdemobb hadde stilt seg opp utanfor husværet til mora og kravde at ho flytte frå bygda.

Det er vel den mest negative opplevinga eg ber med meg, men heldigvis var det ikkje berre bygdedyr der eg vaks opp. Eg fekk og mykje omsorg av naboar og den utvida storfamilien. I tillegg hadde eg ei lærarinne i barneskulen eg knytte meg sterkt til, forklarer ho.

Har du spørsmål angående psykiske lidelser? 

Her er noen linker til informasjon.

Vondskapens hotell
Barndommen hennar var difor rimeleg god og trygg heilt fram til ho var 15 år i 2004. Då kom tanta hennar flyttande heim, og tilværet eksploderte i eit inferno av vald og frykt.

Tanta slo mormora heile tida, også mora blei slått nærast dagleg. Camilla skaffa seg ein jaktkniv og slapp difor direkte fysiske åtak, men redselen var vanskeleg å takla. Møte med kaos, vondskap og uhygge blei knalltøff. Mormor fekk så mange slag i hovudet at ho blei dement av det. Med jamne mellomrom måtte ho til sjukeheimen for å få kvila ut og stelt såra sine.

I eit år varte helvetet, då flytte Camilla for seg sjølv. Ho kjenner seg ikkje bitter over å ha ein familie med mykje sjukdom, men ho er bitter over at hjelpeapparatet ikkje tok tak då ho og mormora levde i frykt døgnet rundt.

Mormor prøvde å melde tante til politiet, men på politistasjonen blei ho spurt om ho verkeleg ville melde si eiga dotter? Dermed fisla alt ut i sanden. Barnevernet var også heilt fråverande, seier Camilla.


Mormor blei klippen

Til tross for påkjenningane har ikkje bodøkvinna fått traume etter oppveksten.

Men etter året med tante er eg nok blitt litt ekstra vár på dører som slamrar. Kroppslukter reagerer eg også sterkt på, for då tante flytta heim til oss, slutta ho å dusja og vaska seg, fortel ho.

28-åringen er svært takksam for at ho ikkje hamna i fosterheim. – Bestemor fylte mykje av tomrommet i meg og eg fekk ein rik barndom, kor både ho og andre slektningar gav meg opplevingar som kanskje ikkje alle andre får, avsluttar Camilla V. Johansen. 

– Bestemor fylte mykje av tomrommet i meg og eg fekk ein rik barndom, kor både ho og andre slektningar gav meg opplevingar som kanskje ikkje alle andre får

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
Utvikling: Destino / CMS: Destinet