Stig Almenningen og Egil Hovda
Den eine sit i rullestol, den andre gjer det ikkje.

For Stig er Egil Egil, og ferdig med det

Den eine sit i rullestol, den andre gjer det ikkje. Den eine er 50 år, den andre 33. Men korkje alder eller funksjonsevne er tema når dei to møtest. 
Stig Almenningen og Egil Hovda frå Hjelmeland gjer vanlege kompisting saman. Dei går på hotellet for å drikka øl og kikkar på damer. Dei snakkar bil og konkurrerer om å ha det feitaste stereoanlegget.

– Eg stikk innom ein tur. Har du kaffien klar? Stig parkerer den kvite Mercedesen sin kloss i Egil sin store rullestoltilpassa Mercedes i Hjelmeland sentrum.
 

Brorskap for alltid

Med ein high five møtest dei to kameratane i husværet til Egil. Store fakter og høge røyster avslører gjensynsgleda begge føler.

– Det sa berre klikk mellom oss, seier dei to leande.

Begge understrekar at det berre er snakk om bromance, ikkje romance, altså. Nei, karane er begge interesserte i damer, får me opplyst. Så like er dei at dei ofte snur seg etter dei same kvinnfolka. Utan at det blir trøbbel, for dette venskapsbandet vil vara livet ut, forsikrar dei to. Egil og Stig er sant uansett kva andre menneske som skulle gli inn og ut av liva deira.

Det byrja i det små. Dei to karane slo gjerne av ein drøs når dei møttest langs vegen. Som drosjesjåfør kjører Stig ofte pasientar til behandling i Stavanger. Ein dag sat Egil i bilen hans. Og då var det gjort. Dei lo seg gjennom turen, for humoren sat som eit skot og ein stiv kropp kjendest med eit mindre smertefull for Egil.

– Eg hadde aldri følt meg så vel saman med nokon, så eg tenkte fort at meg skal Stig ikkje bli kvitt så fort. Han var den beste drosjesjåføren eg hadde hatt, så etterpå spurde eg alltid etter Stig når eg skulle ha drosje. Fordi eg er så stiv i kroppen, må eg regelmessig ha injeksjonar med Botox. Det kan vera ganske smertefullt å få ei sprøyte i nakken, då er det godt å vita at du har ein god mann som sit og ventar i drosjen, fortel Egil etter å ha servert journalisten kaffi og Stig småkaker.

– Det finst ikkje promillegrenser
for rullestolar.

Ville påfunn dukkar opp

Elles har dei to karane så smått planar om å stroppa Egil fast bakpå Stigs motorsykkel til sommaren. Kjenneteiknet for dei to er at dei er særs impulsive. Det tek vanlegvis ikkje lang tid før ein idé er lansert før han blir testa ut.

Låtten rungar under taket, men det er ikkje alltid slik. Stig og Egil fortel at vennskapet deira også har rom for alvor og djupe samtalar. Ingen har berre gode dagar.

– Me tullar og ler mykje, men begge veit kor grensene går. Det ligg alltid ein undertone der. Egil har CP, men det kan ikkje Egil noko for. Eg kan heller ikkje noko for at Egil har CP, så der stiller me likt. Handikappet hans er ingen sin feil, men for alle menneske gjeld det om å gjere det beste ut av ting. Me prøver å gjere det beste ut av dette i saman, forklarer Stig.

Han seier Egil har gjort livet hans rikare. Egil på si side kvitterer med at utan kameraten hadde livet hans vore mykje kjedelegare. Begge seier dei får energi av den andre og får alltid ei god kjensle av å vere saman. Dei utfyller einannan.

– Me tenkjer svært likt om mange ting og møtes på fleire nivå. Samstundes har me kvar våre liv, men me har funne ein stad på midten der me møtest og der er me enormt samkøyrte, forklarer Stig.
 

Ein å seie hei til

– Det er så viktig å ha nokon å ta ein røyk med og kunne seie hei til, påpeiker 33-åringen.

– Stundom kan eg kjenne at i dag var det viktig at eg snakka med Egil, og eg kan få dårleg samvit om det går for mange dagar mellom me har kontakt. Likevel kjenner eg meg ikkje som ein pårørande. Det er ikkje plikt eller tvang som fører meg saman med han. Eg har lyst til å vere i lag med han. Eg er ein kamerat. Han er min kamerat. Egil er Egil, for meg er han ikkje lam, han er bare Egil, ein mann som er seg sjølv fullt ut og som i tillegg er full av galskap. Då betyr det andre ingenting, framheld Stig.

Påvirkning på deg og familien. 

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen? Her kan du lese mer om dette.
Femtiåringen legg til at langt inni seg hender det jo at han kan tykkja synd på Egil som har ei funksjonshemming, men då prøver han å pensa tankane over på at Egil tross alt har eit ganske bra liv. Dei to er også bestemte på at Stig aldri skal gå inn i pleia av Egil, det skal fagfolka ta seg av. Stig er kompis, ikkje heimehjelp eller sjukepleiar.

Egil er dessutan ein kar som kan ordna opp for seg sjølv i møte med NAV og anna hjelpeapparat. Så kan heller Egil og Stig saman irritere seg over kor tungrodde, byråkratiske og trege mange av systema er etterpå.

Stig er ofte imponert av ståpåviljen til kameraten. Egil set seg aldri ned og syns synd på seg sjølv. Han er full av handlekraft og pågangsmot. Du må berre like Egil, så enkelt er det.

– I ein liten bil er det viktig at eg tenkjer
korleis mitt nærvær verkar på passasjeren.

Drosjesjåføren kjem tett på

Som drosjesjåfør får han også prøvd seg i rolla som psykolog, venn, medmenneske og sjelesørgar. Han er overtydd om at venskapet med Egil har gjort han til ein betre drosjesjåfør.

– Ikkje sjeldan møter eg passasjerar i krevjande livssituasjonar. I ein liten bil er det viktig at eg tenkjer korleis mitt nærvær verkar på passasjeren. Eg trengjer meg aldri på, men eg let passasjerane forstå at eg er der for dei om dei treng ein klem og nokon å prate litt med, seier Stig Almenningen.

For Stig er det viktig å gi passasjerane ein så behageleg og roleg tur som råd, og vera eit lite pusterom for folk på veg til noko dei kanskje gruar seg for.

Drøsen i stova til Egil går mot slutten. Vintermørket stangar mot ruta. Stig klappar kompisen på hovudet. Dei to tøysar og tullar litt.

– Du tek ein røyk med meg utanfor, før du går, spør Egil.

– Klart det, svarar Stig.

Har du spørsmål angående Cerebral Parese? 

​Her kan du finne informasjon.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Margaret og Håkon Helgøy frå Hjelmeland hadde 13 funksjonsfriske barnebarn då Synne blei fødd for fem år sidan. 

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
norgeskart web

FINN HJELP OG FELLESSKAP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du
gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Utvikling: Destino / CMS: Destinet