Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
15. januar 2019

Kari blei enke 55 år gammal

For to år sidan døydde ektemannen hennar gjennom 34 år. Sorga kan mildna, men saknet blir berre større, seier Kari Arnøy.
Kari Arnøy
Ho og ektemannen Lars Idar hadde trudd dei skulle bli gamle saman, bli besteforeldre i lag, og dei hadde ennå mange reiser dei ville dra på.

Då Lars Idar blei sjuk i 2014 budde to av dei tre barna heime. Den yngste var 16 år.

– Etter me fekk kreftdiagnosen samla me heile familien og snakka mykje om det som hadde skjedd. Det var godt å få vera mykje saman desse første dagane. Det blei naturlegvis også ein del googling, men me prøvde å finna fram til seriøse sider, fortel ho.


To høyrer meir enn ein

Ektemannen blei sendt til Haukeland sjukehus for å få cellegift og strålebehandling. Kari var med han så mykje som råd. Dei to heimebuande barna var heldigvis så gamle at dei greidde seg åleine i periodar.

Den yngste var på leir i regi av Kreftforeningen medan faren var sjuk, elles hadde dei eldste barna ikkje noko spesiell oppfølging av utanforståande i denne tida, fortel ho.

Det var godt å få vera mykje saman desse første dagane.

– For meg var det viktig å vera til stades for mannen min. Det er også noko med at to gjerne får med seg meir enn ein ved legekonsultasjonar og undersøkingar. Eg veit også at Lars Idar sette pris på at eg var med han store delar av tida.

Etter behandling og operasjon kom ektemannen omsider heim att, men i ei heilt anna fysisk form enn før. Likevel greidde han å byrje i jobb, men Kari såg at han ikkje hadde same kapasitet som før.
 

Det meste fall på meg 

– Me drog til hytta vår på fjellet. Då blei eg sitjande på taket og måke snø omtrent heile helga. Før delte me alltid på alle oppgåver i hus og heim, no fall det meste på meg. Og det blei veldig viktig for meg å få ting til å fungere. Eg brukte mykje krefter på å halda familien saman. Heile tida prøvde eg å gjera det beste for alle. Eg ordna og herja og tenkte lite på meg sjølv. Sjølv om eg var sliten, følte eg at eg måtte få alt til å virke. Eg dreiv som frilansar på den tida, men jobba mindre og mindre, for eg orka ikkje å selje meg i den livsfasen eg stod i.

Etter nokre månadar blei det funne ein ny svulst seinhausten 2015 og mannen måtte igjen operere. Så følgde nokre fredelegare månadar, før ektemannen byrja å klaga over magevondt. Kari ville han skulle til lege, men han ville venta til dei hadde gjennomført den avtalte hytteturen.

– Me drog på hytta, men eg registrerte at det stod dårleg til med Lars Idar. Søndagen ville han absolutt laga frokost, men eg såg at det kosta han enormt med krefter.

Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Akutte kriser
Group%20947
Det finnes mange typer sorg
Group%20947
Å snakke godt sammen
Group%20947
Ta vare på barna

Ektemannen hennar blei fort dårlegare. Likevel ville han absolutt feira 17. mai slik dei alltid hadde gjort med barnetog og deltaking på fellesarrangementet i bygda og besøk hjå svigermor. Då ettermiddagen kom, måtte Kari nærast kommandera han til å kvila.

Dagen etter skulle han til undersøking på sjukehuset. Der fann legane ut at kreften hadde spreidd seg til bukhola og at det ikkje var meir å gjere utanom å gi livsforlengande og lindrande behandling.

 

Fekk seg informasjonssjef

Kari og barna visste ikkje om han ville leva i dagar, veker eller månadar. Kona håpte han ville få ein siste sommar.

– Eg har ei venninne som er onkolog (spesialist på svulstar) og arbeider ved ein heim for døyande i Oslo. Ho kom på besøk og var til stor hjelp for meg og barna under heile sjukdomsperioden. Henne kunne me spørja om det som skjedde når det nærma seg slutten.

Ektemannen blei raskt verre. Nye bilete viste kraftig spreiing på få dagar og i midten av juni skjønte familien at det stod om dagar.

– I åra Lars Idar var sjuk har eg vore ein informasjonskanal til familie og vener. Det har til tider vore svært krevjande. På slutten valde eg å la bestekompisen til mannen min vera slekta og vennene sin informasjonskanal. Dermed slapp eg å forhalda meg til så mange, og då kunne eg også med godt samvit la vera å svara på alle telefonar som kom. For meg var det viktigast å vera der for mannen min og barna mine.

Etter mannen døde kjende Kari seg tom. Tida etterpå blei travel. Det handla om forsikringar, Nav og eit hav av andre praktikalitetar.

Før delte me alltid på alle oppgåver i hus og heim, no fall det meste på meg. Og det blei veldig viktig for meg å få ting til å fungere.

Mykje papirarbeid

Å førebu gravferda kjendest meiningsfullt, for Kari ville så gjerne gi ektemannen ein fin avskjed. Men alt papirarbeidet i etterkant av dødsfallet tok på. Ennå hender det at det dukkar opp brev i postkassen som har med dette å gjere.

Ho fortel at ho la eit brev frå Nav om enkjepensjon til sides. Til alt hell las ho det ikkje altfor lenge etter, for i brevet stod det at kravet om pensjon måtte setjast fram innan to månadar, elles ville ho for alltid mista retten til denne ytinga.

– Fleire av breva frå Nav hadde ein tone som om eg var ute etter å svindla dei for noko eg ikkje hadde rett på. Å vera sjølvstendig næringsdrivande førte også til utfylling av ei mengde kompliserte skjema då eg blei sjukmeldt då han var sjuk, fortel ho.

Kari fekk også råd om å skifte med barna fordi ho var så ung og det kunne hende ho etablerte seg med ein ny mann.

– Men eg valde å sitje i uskifta bu, for barna mine skal få det dei har krav på uavhengig av min livssituasjon, understrekar ho.

Økonomisk har ho klart seg bra mykje takka vera forsikringsordninga mannen hadde på arbeidsplassen. Ho har likevel vald å selje einebustaden dei to bygde for å få seg noko meir lettstelt. Også den eine hytta skal seljast.

– Eg er glad at eg ikkje MÅ selje. Hadde økonomien vore trong, ville det blitt ei tung bør å bera i tillegg til det andre. Sidan eg har sloppe å tenkja på pengar, har eg kunna bruka kreftene på å jobbe meg gjennom kjenslene og kvardagane, påpeiker ho. 


Snakk med fagfolk

Ho ga alle sønene råd om å oppsøka ein profesjonell etter faren døydde. Det rådet følgde alle, men det blei med ein samtale. Sjølv gjekk også Kari til samtale med ein profesjonell, men ho angrar no på at ho ikkje blei med i ei sorggruppe.

– Der ville eg ha møtt fleire likesinna, for andre som ikkje har opplevd dette, kan ikkje heilt skjøna korleis det er.
Ho råder alle som mistar nokon til å oppsøka fagfolk å snakka med.

– Faren er at du kan komme til å «ete opp» vener og familie. Sjølv var eg veldig tilbakehalden, for eg var redd for å vera til bry. Eg er normalt ein sosial og ekstrovert person, men når det kjem til det å snakka om det inste, blei det også vanskeleg for meg. Heldigvis hadde eg ein liten og trygg flokk rundt meg. Og gutane mine og eg har utvilsamt blitt endå tettare samansveiste, seier Kari.


Meir sjølvhjelpt

Samstundes er ho oppteken av at sønene skal kjenna seg frie til å leva sine eigne liv, ho vil vera minst mogleg til bry. Det kjennest likevel godt å samla flokken rundt seg til søndagsmiddagar i ny og ne.

– Me snakkar ikkje så ofte om det me har vore gjennom, men Lars Idar er ofte tema, men då i form av at me minnest ting han likte, sa eller gjorde.

Ho har også lært seg å utføre stadig fleire praktiske oppgåver fordi ho ikkje vil masa på sønene for det minste gjeremål.

Kari trur gutane som henne vil kjenne saknet ekstra ved milepælar i livet, som når dei ein gong sjølv blir fedre.

Song og musikk har vore til stor hjelp i dei tunge dagane, både før og etter Lars Idar døydde.

– Medlemmane i koret følgde meg gjennom heile prosessen, for eg var open om alt. Samstundes krev det å dirigera så mykje konsentrasjon at eg fekk tømd hovudet for andre tankar under øvingane, slik har dette blitt fristunder for meg, forklarer Kari.


Jobben gull verdt

Etter mannen døde byrja ho i fast jobb. I starten greidde ho berre jobba litt, men så har ho gradvis auka på og no jobbar ho fullt. Også det å gå på jobb kjennest befriande, det å ha nokon å ete lunsj med.

Lars Idar var aldri nokon del av arbeidsplassen min, eg har dermed ingen minne om han knytta til denne delen av livet mitt, det gjer det nok også lettare å vere på jobb, framheld ho.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut