Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
30. oktober 2018

– Eg er meir enn mor til Tina

Etter Tina Jørgensen forsvann og deretter blei funne drepen hausten 2000 gjekk det fleire månadar før nokon i hjelpeapparatet tok kontakt med familien, fortel Torunn Austdal Rasmussen.
Torunn Austdal Rasmussen
– Før det hadde ingen tatt kontakt, korkje prest, politi eller kommune. Det fanst ikkje system i heimkommunen min for å følgja opp pårørande etter slike hendingar for 18 år sidan, slår mora fast.

Omsider tok ein kommunalt tilsett i Hinna bydel kontakt og Torunn fekk fleire samtalar med henne. Ho og Tina budde nemleg på Hinna i Stavanger, før mora flytta til Klepp og dottera til Hundvåg.


Mange å ta vare på

– Ei drapssak betyr at svært mange menneske blir pårørande. Hjelpeapparatet må straks finna fram til desse og gi dei langvarig hjelp. Etter ei slik dramatisk hending er alt berre kaos blant dei etterlatte. Du er i sjokk og veit ikkje kva ein pluss ein er. Heldigvis veit eg frå samtalar med andre pårørande at mykje er blitt betre dei siste åra.

– For vår del var det også den tilsette i bydelen som måtte ta tak på skulen der nevøen til Tina var elev. Der viste det seg at læraren i sin misforståtte iver etter å snakka om saka, hadde site og lese høgt for klassen frå avisartiklar om forsvinninga og drapet.

Heller ikkje bror til Tina fekk noko tilbod om hjelp og støtte etter drapet, kan ho fortelja.

Torunn kjenner til at pårørande-oppfølginga etter Varhaug-drapet i sommar har vore svært bra, og at begge familiar har fått hjelp.

– Det er viktig å hugse at også gjerningspersonen sin familie treng hjelp og støtte, understrekar Torunn.


Kjendis mot sin vilje

Å vera pårørande etter drap er ei rolle ho må bera med seg resten av livet. Å hamna i medias søkelys medfører at ho som pårørande blir ein slags kjendis. Av og til kjennest det ubehageleg når folk glor der ho ferdast, innrømmer Torunn. Det er ikkje så ofte folk kjem bort og snakkar, men gjer dei det, kan Torunn godt snakka om saka, så sant settinga er rett.

Men Torunn er oppteken av at rolla ikkje skal ta over heile livet hennar, og skjula kven ho sjølv er.

Det er viktig å hugse at også gjerningspersonen sin familie treng hjelp og støtte.

– Nyleg var eg på konsert. Då kom ein bort og spurte om eg er mor til Tina Jørgensen. Då svara eg han; nei eg er Torunn Austdal Rasmussen, men ja, eg er det også. Men det er ikkje namnet mitt.

For Torunn er det viktig å få ting i rett rekkefølge. Ho ønsker å bli sett for den ho er og ikkje berre gjennom dottera sin skjebne.


Sårande kommentarar

Dei som hjelpte Torunn gjennom dagane då ho var sakna og etter ho blei funnen drepen, var i hovudsak ektemannen og andre i den næraste familien. Fastlegen var også til god hjelp og gjennom han fekk ho tilgang til ein psykolog.

Til han gjekk Torunn i eit år, då følte ho seg klar til å gi slepp, og etterpå har ho ikkje fått noko hjelp frå helseapparatet.

– Av psykologen lærte eg meg å gi beskjed når eg følte meg trakka på. For eg fekk mange uvettige kommentarar frå folk. Somme påpeika kor godt eg såg ut, og rekna difor med at eg var komme over det heile. Men dei venta aldri på svaret frå meg. Andre gjekk i rette med meg fordi eg ikkje stolte på politiet og tok parti med kjærasten. Heldigvis lærte eg meg å seie frå om kva eg meiner om slike utsegner.

Samtalar med andre pårørande i same situasjon viser at mange opplever det same.

– Det overraskar oss eigentleg kor lite folk tenkjer før dei snakkar. På grunn av det har eg blitt mykje forsiktigare med å snakka om Tina.

Etter ei slik dramatisk hending er alt berre kaos blant dei etterlatte. Du er i sjokk og veit ikkje kva ein pluss ein er.

Ryddige journalistar

Når det gjeld media, derimot, har Torunn, med eitt unntak, berre godt å seie.

– I alle desse åra har eg opplevd respekt frå journalistar. Dei har høyrt på mine innvendingar, vore forsiktige og aldri trødd over grenser. Eg snakka med media ganske tidleg, men har heile tida vore medviten på å få sitatsjekk, seier ho.

For henne er det viktig å stille opp for media. Slik held ho saka varm og syter for at ingen gløymer Tina før saka er oppklart.

Andre pårørande etter drap sit med ganske andre oppfatningar av media, kan ho fortelja.

– Somme fortel om journalistar som ligg på lur i buskane. Ei mor fortalde meg at ein journalist passa henne opp då ho kom ut frå butikken. Journalisten ville absolutt ha svar på nokre spørsmål og kvinne følte seg fanga i situasjonen. For meg har det aldri vore noko problem å få journalistar til å godta eit nei, presiserer ho.

Sjølv snakka ho med media nesten med det same dottera blei meldt sakna, sjølv om ho var i sjokk.

– Eg trur kvar enkelt pårørande må kjenna på seg sjølv kva som kjennest rett, for meg var det utvilsamt rett å ha kontakt med journalistar tidleg.

Overtrampet opplevde ho når eit vekeblad publiserte feilaktige opplysningar om kva som hadde skjedd med Tina før ho blei drepen. Det bladet gir ho dermed aldri intervju til.


Pårørandetreff på Sørlandet

Å vera pårørande i ei drapssak har eksponert Torunn for både det beste og det verste i menneska, erkjenner ho.

– Det beste i menneska kom til syne då hundrevis var med og leita etter Tina. Då brydde folk seg på ein positiv måte. Det var fantastisk å sjå korleis folk stilte opp for oss då.

Pårørande etter drap er ei gruppe som stadig aukar her i landet. Dei som er pårørande til drepne barn under 20 år har ei eiga samling i regi av Stine Sofies Stiftelse på Sørlandet kvart år.

– Grunnleggarane av stiftinga har gjort svært mykje for oss som er pårørande etter drap. Ein av grunnleggarane Ada Sofie Austegard mista si dotter same året som eg mista mi og eg hugsar ho raskt tok kontakt med meg. Eg var med og planla den første samlinga. Det betyr mykje for meg å møta andre i same situasjon, og eg har vore med på alle treffa så nær som eit dei siste åra.

Torunn fortel at når ho møter andre som er har mista barna i drap kan ho fullt og heilt vera seg sjølv, blant andre som veit kva det handlar om.

– På samlingane gret me og ler om ein annan, alt etter kva me føler for. Ofte får dei andre sine forteljingar meg til å føle at andre har det endå verre, for det blir liksom noko anna med di eiga forteljing som du ber med deg kvar dag, påpeiker ho.

Mista søvnen

I dag 18 år etter drapet kan Torunn seia at ho for det meste har gode dagar. Ho legg vekt på å gi seg sjølv gode dagar, gjennom å halda seg i meiningsfull aktivitet. Men sorga går aldri over og om nettene kjem ofte tankane om kva som skjedde tilbake med full tyngde.

Å mista nattesøvnen er noko mange pårørande etter drap har felles, fortel ho.

– Før Tina døydde sov eg godt. I alle år etterpå har eg slite med å sova. Søv eg fire timar ei natt, må eg rekne med å ikkje sove meir enn ein til to timar dei to neste. Då hender det stundom eg sit og chattar med andre pårørande for å få natta til å gå.

Hundrevis av gonger har mora følgd dottera over Bybrua i Stavanger. Om att og om att har ho tenkt: Kunne Tina levd om eg hadde gjort slik eller slik?

Torunn trur livet hennar som pårørande kunne blitt noko enklare om det blei funne ein gjerningsperson.

– Det er ein klump inni meg som eg ikkje blir kvitt. Eg kan ikkje setje meg ned og gråte. Det bitre blir ikkje løyst opp. Eg trur denne klumpen kunne ha forsvunne om eg hadde hatt nokon å retta sinnet mitt mot.

Kvar gong det skjer nye drap i Norge, kjenner Torunn det i kroppen. Nå er det nye familiar som vil få det vondt, tenkjer ho.

– Tankane mine går straks til dei pårørande, for eg veit kva dei skal igjennom. Ingen veit korleis det er, utan å ha opplevd det sjølv. Eg plar ikkje ta kontakt, men ved eit høve sende eg blomar til nokre pårørande etter eit drap.

Tankane mine går straks til dei pårørande, for eg veit kva dei skal igjennom. Ingen veit korleis det er, utan å ha opplevd det sjølv.

Uventa død

Ho meiner at det å vera pårørande etter eit drap er ganske annleis enn å vera pårørande til ein som er sjuk og så døyr.

– Med den sjuke veit du at døden kjem. Eit drap kjem som lyn frå klar himmel. Det blir smerte på to ulike måtar.

Torunn meiner det burde vera fleire tilbod for pårørande etter drap. I dag er det berre kyrkjene som tilbyr sorggrupper. Torunn meiner andre instansar også kunne tilbydd dette, fordi kyrkja kan kjennast heilt feil for mange som har mista nokon kjære.

Psykisk har Torunn ingen plager etter det som har skjedd, men ho er overtydd om at den revmatiske sjukdommen Bekhterevs som braut ut året etter Tina blei drepen, heng saman med dei store påkjenningane.


– Har endra meg

Ho trur også ho har endra seg som menneske, i måten ho tek ting på. Då broren hennar døydde tre år etter Tina, kjende Torunn at systemet hennar var overbelasta, ho greidde difor ikkje gå inn i sorga og tapet.

Ho er også blitt meir medviten på å skilja på viktig og uviktig. Folk som klagar på bagatellar, har ho ikkje sans for.

– Livet merker jo alle på ulikt vis, og gjer oss til dei me er, men eg er oppteken av å ikkje gå rundt og gruble og synast synd på meg sjølv. Såra vil eg alltid bere med meg, likevel har eg lært meg å leve med det som har skjedd. Livet mitt er difor for det meste godt nå, understrekar Torunn Austdal Rasmussen.
Infolapp%20med%20binders

Ta vare på deg selv

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan du kan håndtere situasjonen?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Akutte kriser
Group%20947
Påfyll for egen del
Group%20947
Det finnes mange typer sorg
Group%20947
Selvhjelpsverktøy
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut