Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
04. desember 2018

Olaug si dotter har diabetes

Åtte år gamal fekk Karoline konstatert diabetes type 1. Mora Olaug Furnes som er vernepleiar visste godt kva sjukdommen kunne føra med seg, og blei av den grunn ekstra uroleg.
Olaug Furnes
Ho sørgde over at dottera hadde fått ei bør i sekken ho aldri kunne leggja frå seg. Ein sjukdom ho alltid måtte ha i bakhovudet, for nå ville dottera aldri kunne gå nokon stad utan nistepakke eller druesukkertablettar.

Samstundes kjende mora letta over at dottera hadde fått ein sjukdom det går an å leva godt med.

– Då diagnosen blei stilt fekk eg dårleg samvit for at det gjekk om lag ein månad før eg forstod alle teikna. Det var først ein morgon Karoline kom opp i senga til meg og eg kjende kor tynn ho var blitt, at alle brikkene fall på plass. Sengevætinga, drikkinga og det at ho trekte seg unna leiken fordi ho kjende seg slapp.


Den kloke sjukepleiaren

Dottera var lei seg for ho tenkte på alt snopet ho ikkje kunne eta.

– Sjukepleiaren som kom inn til henne dagen etter ho fekk diagnosen, visste kva ho gjorde. For det første ho sa var: Du kan eta alt du har ete før, berre ikkje alt på ein gong og ikkje kvar dag. Det fekk jenta mi til å lysa opp, og eg er glad for at ho skjønte kva som var viktig for ei så lita jente.

Heile familien fekk opplæring i korleis dei skulle setja insulin og måla blodsukker, men frå første dag har Karoline sett insulindosane sjølv, fortel mora.

Tida som kom skulle bli tøff for både Karoline og foreldra. Nye rutinar for regelmessig blodsukkermålingar måtte etablerast. Blodsukkeret skulle målast både før og etter måltida. Det var i starten også krevjande å finna rett mengde insulin til ei kvar tid. Dei vaksne stod i tillegg opp fleire gonger per natt for å måla blodsukkeret til dottera den første tida.

Etter eit halvt år blei dottera brått redd for å stikka seg sjølv.
 

Misunneleg bror

– Eg tolkar det som hennar sorgreaksjon over sjukdommen, men det er naturlegvis også krevjande å skulle stikka deg sjølv fleire gonger kvar dag.

Situasjonen blei noko enklare då Karoline fekk pumpe.

Tilsette frå sjukehuset informerte klassen om sjukdommen til Karoline. Lærarar og elevar fekk kunnskap om kjenneteikna på for høgt og for lågt blodsukker og blei forklart at personlegdomen endrar seg når blodsukkeret svingar.

Karoline målte blodsukker og tok insulin sjølv på skulen også. Fordi ho av og til måtte rådføra seg med foreldra om kor mykje insulin ho skulle ta, fekk ho mobil alt som åtteåring.

Du kan ikkje ta det for gitt at søsken forstår kvifor du må ta deg ekstra mykje av den eine.

– Det skapte ein del misunning hjå broren på ti, men me fekk han til å forstå at situasjonen til søstera var spesiell, og når det kom til stykket ville han ikkje bytta med henne. Me prøvde heile tida å snakka med brørne hennar, og fortelja at me var like glade i dei som i henne. Du kan nemleg ikkje ta det for gitt av søsken forstår kvifor du må ta deg ekstra mykje av den eine, påpeiker Olaug.

Puberteten var tøff
Puberteten blei ein stri tørn for Karoline og foreldra. Hormoner i fritt svev gjer det krevjande å handtera diabetes i denne alderen.

– Blodsukkeret blir påverka av det meste. Det blir påverka om du har vondt i halsen, er stressa, forelska, og av hormoner. Då Karoline blei tenåring ville ho ha mindre innblanding frå oss. Pumpa kvitta ho seg med i ein periode, for ho ville ikkje det skulla visa utanpå at ho hadde diabetes. Dermed brukte ho penn til å ta insulinet med, men det var ikkje alltid ho hugsa å ta alle dosane, med den følgje at blodsukkeret til tider blei altfor høgt.

Olaug var uroa for seinskadar, men ho og ektemannen hadde heile tida vore medvitne på å ikkje skremma dottera. Diabetesen skulle ikkje stoppa henne frå å leve eit normalt liv. Difor hadde ho nesten frå første stund etter diagnosen fått dra på overnattingsbesøk til venninner.

Mora melde seg endåtil som speidarleiar for at Karoline skulle få dra på speidartur. Men no då ho var komen i tenåra hende det foreldra måtte forklara Karoline kva som kunne skje om ho ikkje passa på å ha eit stabilt blodsukker. Ho kunne bli blind, mista ein fot, eller i verste fall døy.

 

Dotter på fest

– I tenåra ville ho som tenåringar flest også ut på fest. Eg sa til henne at ho aldri måtte lyge til meg om ho drakk alkohol. Alkohol får blodsukkeret til å falle, noko som gir fare for å få faretruande lågt blodsukker- føling- når du søv. I den tida var me ofte ute og henta henne, for eg ville danna meg eit bilete av korleis ho var i form før ho la seg.

Olaug fortel at folk med føling av og til blir tatt for å vera fulle, med den følgje at somme har døydd etter feilaktig å ha hamna i fyllearresten.

– Politiet bør få utstyr til å måla blodsukkeret på folk i fyllearresten. Slik slepp me at diabetikarar risikerer å døy av føling, seier ho.

Men så avbraut legen meg: Du må læra å sleppa taket. Det å høyra desse orda frå legen gjorde inntrykk.

– Du må gi slepp

Som 16-åring ga Karoline mora beskjed om at ho ikkje lenger ville ha henne med til legesjekk.

– Eg blei stressa og spurte om det var ok at eg ringte legen på førehand. Ho sa ja til det. Eg auste or meg til legen all mi uro over kor dårleg ho følgde opp sjukdommen sin. Men så avbraut legen meg: Du må læra å sleppa taket. Det å høyra desse orda frå legen gjorde inntrykk. Eg innsåg at ho hadde rett. Det var viktig at nokon andre gav meg denne beskjeden, for hadde eg på eiga hand slutta å blanda meg, ville eg følt meg ansvarslaus som mor, fortel ho.

Det at Karoline så gjerne ville læra å køyra bil, gjorde at ho igjen blei motivert til å ta grep om diabetesen. Ungjenta merka raskt at feil blodsukker gjorde henne ukonsentrert som sjåfør, dermed la ho ned ein innsats for å få optimalt blodsukker til bilkøyringa.

– Karoline elska å køyra bil og visste at om langtids-blodsukkeret hennar var for høgt, ville ho ikkje kunna få sertifikat. Det blei eit viktig vendepunkt for henne i tenåra. Diverre opplevde ho ein ny nedtur då det viste seg at ho på grunn av diabetesen ikkje kan bli sjåførlærar eller ambulansesjåfør sjølv om ho er svært flink til å køyre, fortel mora.

Då Karoline flytta bort for å studere var ho uroleg for at dottera skulle få føling nattetid.

– Eg trur ho kjende på det sjølv også for eg veit ho gav dei andre i bukollektivet beskjed om diabetesen. Før blei eg alltid veldig stressa viss ho ikkje svarte på telefonen om morgonen. Då fekk eg høg puls og frykta det verste. Føling kan nemleg vera dødeleg, seier ho.


Har ei anna ro nå

Nå er dottera snart 24 år og har nettopp sjølv blitt mor. Olaug kjenner ho har sleppt taket og seinka skuldrene.

Svangerskapet gjekk som ein draum, mykje takka vera ein CGM-sensor Karoline fekk. Sensoren har ei nål som blir festa under huda og les av blodsukkeret heile døgnet. Dette gjorde den tidkrevjande jobben med å halde eit stabilt blodsukker lettare for Karoline. Sensoren blir stilt inn på kva verdi ein ønske å ha blodsukkeret innanfor, og gir melding om det blir for høgt eller for lågt.

Denne sensoren får svært få i Norge, men i resten av Skandinavia får alle med diabetes 1 tilbod om ein permanent sensor.

– Eg skulle ønska at Norge også kunne gitt diabetikarane dette tilbodet. Det er langt billegare enn å handtera alle seinskadane diabetesen kan føra til, poengterer Olaug.

Olaug er glad dottera har funne seg ein mann som viser interesse  for sjukdommen til kjærasten.

– Då dei nettopp var blitt kjente spurte han meg om mange ting rundt sjukdommen. Det sette eg pris på.

Samstundes har det vore viktig for Olaug at dottera ikkje berre skulle vera ho med diabetes. Nå er diabetes sjeldan eit tema når mor og dotter møtes.
Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Din helse
Group%20947
Endrede roller og hverdagsliv
Group%20947
Tips og råd
Group%20947
Søsken

Alt er ikkje blodsukker

– Då Karoline var lita og nettopp var blitt sjuk, hende det eg møtte henne etter skuletid med spørsmålet: Korleis har blodsukkeret vore? I staden burde eg jo spurt: Korleis har du hatt det? Men eg lærte etter kvart. Å vera med i Diabetesforbundet si foreldregruppe var til stor hjelp for her møtte me likesinna som kunne gi oss verdifulle råd, fortel ho.

Heller ikkje for søskena var det så enkelt.

«Gå og mål deg» var beskjeden frå søskena om Karoline var sur og sint.

– Slik blei ho jo berre endå surare. Det er viktig å ikkje kople absolutt alt med ein diabetikar til blodsukker. Dei har jo sjølvstendige kjensler også, minner ho om.

– Til tross for at eg arbeidde i helsevesenet sjølv, kjende eg ei veldig hjelpeløyse då dotter mi fekk diabetes. Du kan vera proff på jobb, men det klarer du ikkje med dine eigne. Det å få ein sjukdom i familien er eit sjokk som får deg inn i ei boble, framheld Olaug.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut