26. september 2025

– Kampen for dei som ennå ikkje har mista, er drivkrafta mi

Karina Hopland Johansen si søster tok sitt eige liv i sommar. Noko så vondt har Karina (t.v.) aldri vore gjennom før. No vil ho jobbe for sjølvmordsførebygging, slik at andre kan sleppa smerta ho og familien opplever.

Karina (t.v.) og søstera Marita.

Tekst:

Bethi Dirdal Jåtun

Journalist

For å ikkje la det triste ta overhand har Karina bestemt seg for å gjera kampen mot sjølvmord til ein viktig aktivitet i livet sitt.

– Søster mi, Marita, var ei oppegåande kvinne, ho døydde berre 33 år gammal. 707 personar døydde i sjølvmord i Norge i fjor. Denne epidemien må stoppast, og eg vil vera med og gjera mitt, fortel Karina.

Du kan aldri bu deg på eit slikt tap

Marita hadde levd eit liv med opp- og nedturar, men det var først etter ei akutt livshending i sommar, at søstera forandra seg. Før det var ho ei engasjert kvinne som stilte opp for alle, og tok seg av barna sine på beste vis.

707 personar døydde i sjølvmord i Norge i fjor. Denne epidemien må stoppast, og eg vil vera med og gjera mitt.

– Ho gjekk på eit vis inn i ei boble, der ho mista kontakten med sitt vanlege eg. Ho blei lagt inn etter eit sjølvmordsforsøk, og me frykta heile tida eit nytt. Få dagar etter at ho blei utskriven, tok ho sitt eige liv, seier Karina.

Ho har mista både ei søster og si beste venninne. Tapet er ufatteleg tungt og dagane etterpå har vore mørke, prega av skuldkjensle og enormt mange spørsmål om kva ho kunne ha gjort for at dette ikkje skulle skje.

– Den dagen eg fekk vita av mor mi at ho ikkje svarte på telefonen, sytte eg for å dusja og eta for på eit vis å vera klar til å få det triste bodskapet. Eg trudde eg hadde stålsett meg, men då mor ringde og hadde funne henne død, forstod eg at det ikkje går an å førebu seg på beskjeden om at søster di har tatt sitt eige liv.

Alle spørsmåla etterpå

Tre barn lever etter Marita. Dei to søstrene sine liv var tett samanvovne.

– Ho og eg kunne snakka om det meste, både gode og vanskelege kjensler, men mot slutten lukka ho seg meir om det ho stod i, og det har plaga meg veldig i ettertid, for eg blir ikkje kvitt tanken på at eg burde ha gjort meir og spurt meir etter.

Me har i etterkant fått høyra frå helsevesenet at me pårørande visste meir om søster mi enn behandlarane. Men kvifor sa ingen dette til oss då søster mi levde?

Ho legg til at mange i familien ber på ei slik skuldkjensle. – Når me har prøvd å få hjelp i hjelpeapparatet, føler me at ballen blir spelt tilbake til oss. Me har i etterkant fått høyra frå helsevesenet at me pårørande visste meir om søster mi enn behandlarane. Men kvifor sa ingen dette til oss då søster mi levde, for då kunne me jo ha gitt dei meir informasjon, påpeiker Karina, som angrar på at ho ikkje pusha meir på behandlarane og delte informasjon, då det framleis var tid.

Etter Marita sin død, kontakta familien til Karina kriseteamet i kommunen der dei bur, fordi dei ønskte å ha støtte frå fagpersonar då barna til Marita skulle få vita at mora var død.

På grunn av ferie var det ikkje kriseteam til stades då barna fekk bodskapen, men dei kom til like etter. I eit intervju i lokalavisa blir dette forklart med at kriseteamet ikkje har noko vaktordning, men at kravet er at folk får hjelp i næraste framtid.

Meir system i oppfølginga

Karina seier at familiemedlemmane får ulike former for oppfølging no.

– Mitt inntrykk er likevel at hjelpa er lite systematisert og at det er opp til den enkelte å finna fram til denne hjelpa. Sjølv har ho fått god hjelp via fastlegen og kriseteamet i sin heimkommune. Tantebarna hennar har tilbod om å snakka med helsesjukepleiaren på skulen, ved behov.

Heldigvis har me eit godt samhald i familien og me støttar kvarandre så godt me kan. Men me skulle jo gjerne ha visst korleis me skal snakka med barna til Marita om dette. Ingen av oss har jo fagkunnskap om barn som pårørande.

– Eg skulle ønskt at det blei sett inn meir ressursar på å hjelpa pårørande. Spesielt for barn som ikkje alltid veit kva kva dei har behov for, påpeiker ho.

Når familiar får si livs største krise i fanget, er det ikkje alltid så godt å vita kva reaksjonar ein kan venta seg og kva den enkelte vil kunna få behov for framover, poengterer ho og vedgår at ho trudde at hjelpa kom straks, spesielt til dei yngste. Men ho har opplevd at det ikkje er nokon automatikk i dette. Kvar og ein må navigera seg fram som best ein kan.

– Heldigvis har me eit godt samhald i familien og me støttar kvarandre så godt me kan. Men me skulle jo gjerne ha visst korleis me skal snakka med barna til Marita om dette. Ingen av oss har jo fagkunnskap om barn som pårørande. Me skulle gjerne visst meir om kva dei treng og ikkje treng i denne tida etter mora deira sin død, seier ho.

Ikkje alle får forvarsel

Tanten kjenner på ei stor uro rundt barna og prøver å følge opp så godt ho kan. På barns vis går dei meir ut og inn av sorga, enn vaksne.

– Å mista nokon til sjølvmord var ei større påkjenning enn eg hadde trudd. For det første trudde eg aldri det skulle ramma vår familie, dessutan hadde eg inntrykk av at det først og fremst var menneske som hadde slite tungt og lenge som valde å ta sjølvmord, ikkje folk som søster mi. Etterpå har eg jo fått vita at det slett ikkje er tilfelle. Sjølvmord kan komma heilt ut av det blå, eller berre vera ein fare dei siste vekene i livet til eit menneske.

For det første trudde eg aldri det skulle ramma vår familie, dessutan hadde eg inntrykk av at det først og fremst var menneske som hadde slite tungt og lenge som valde å ta sjølvmord, ikkje folk som søster mi.

I motsetnad til mange pårørande til sjølvmord, veit Karina grunnen til at søstera valde å ta sitt eige liv. – Det er greitt å ha eit mindre kvifor i hovudet, for der er det mange nok spørsmål allereie. Men sjølv om eg kjenner søster mi sin grunn, vil eg aldri forstå valet ho gjorde, presiserer ho.

Eit sinne mot søster si har ho aldri kjent på, men ho greier ikkje fri seg frå tanken på at dette kunne enda annleis om hjelpa hadde kome til rett tid.

– Eg er heilt sikker på at søstera mi kunne ha kome gjennom dette, understrekar ho. Etter hennar syn var søstera ikkje seg sjølv dei siste vekene ho levde. Ho var ikkje tilrekneleg, hevdar Karina.

Samlar inn pengar til Mental Helse

– Søster mi og eg hadde begynt å jogga saman ei stund før ho tok livet sitt. Eg har halde fram med dette, og i haust arrangerte eg eit løp til inntekt for Mental Helse. Me må ta grep, for det er enormt høge sjølvmordstal i Norge. Det betyr at me må styrka førebygginga av sjølvmord.

Ho har også samla inn pengar til Mental Helse via ein Spleis. Rett etter at søstera døydde la ho ut ein lang tekst på si eiga Facebook-side der ho forklarte kva som hadde skjedd.

Eg treng å ha noko å kjempa for, difor skal førebygging av sjølvmord vera mi sak framover. Eg vil at andre skal sleppa ei slik smerte som eg og min familie har opplevd.

– I denne teksten var det viktig for meg å få fram kvifor Marita døydde, men ikkje minst å skriva om alt ho gjorde og var mens ho levde. For ho var jo så mykje meir enn ei som tok livet sitt. Innlegget fekk stor merksemd og eg fekk kontakt med mange menneske som også var pårørande etter sjølvmord. Mange tør heller ikkje fortelja kva som har skjedd. For meg har det utelukkande vore posivit å vera open om søster mi sitt sjølvmord. Berre ved å vera opne kan me auka forståinga for temaet, meiner Karina.

Å vera open gjer det også lettare for folk å ta kontakt med deg i sorga.

Førebygginga må bli betre

– Eg treng å ha noko å kjempa for, difor skal førebygging av sjølvmord vera mi sak framover. Eg vil at andre skal sleppa ei slik smerte som eg og min familie har opplevd. For oss er det for seint, men kampen for dei som ennå ikkje har mista sine, er drivkrafta mi. Me må nå ut til dei som ennå er her og lever blant oss.

Folk som ikkje har mista i sjølvmord kan vanskeleg forstå sorga vår.

Enno kjenner eg ikkje glede, sjølv om eg kan le. Det beste eg kan gjera er å vera med familien, gå turar og trena. På ein god dag kan eg få ei kjensle av at eg kan overleva, at det vil gå fint med meg, likevel. På sikt håpar eg jo at eg skal kunna oppleva glede igjen.

– Å samanlikna sorga over ein død bestefar med mi, gjer meg provosert. Å mista ei på 33 år som enno skulle vore her lenge, er noko heilt anna. Det å snakka med andre som ber på same sorga som meg, gjer godt. Eg ønsker difor også å arbeida for at det blir laga til fleire støttegrupper for oss som er pårørande etter sjølvmord.

– Me må heile tida snakka om sjølvmord og sjølvmordsførebygging, for sjølvmorda er som ein epidemi i landet vårt.

– Eg blir nok aldri heilt den same

Karina arbeider til vanleg som lærar, men er no berre i halv jobb. Det er alt ho maktar for tida.

– Det er berre gått nokre månadar sidan eg miste søster mi. For folk som ikkje står så tett på, kan det verka som ganske lang tid. For meg kjennest det ut som berre ein liten augneblink. Eg kjenner at somme ber på eit ønske om at eg har komme vidare no. Det går vel betre no, kan dei spørje, i beste meining. Men eg kan ikkje innfri ønska deira, for det går ikkje betre. Ofte går det heller endå dårlegare enn i starten, når sanninga om at den du er glad i er borte for godt, går opp for deg med full tyngde.

Karina trur at ho aldri vil blir heilt som ho var før søstera tok livet sitt.

– Enno kjenner eg ikkje glede, sjølv om eg kan le. Det beste eg kan gjera er å vera med familien, gå turar og trena. På ein god dag kan eg få ei kjensle av at eg kan overleva, at det vil gå fint med meg, likevel. På sikt håpar eg jo at eg skal kunna oppleva glede igjen. Å dvela ved gode minne om søstera gjer godt, det gjer henne også godt å driva med ting som søstera hennar også likte, og ikkje minst å vera saman med barna hennar, for ho ser søster si gjennom tantebarna sine.

Kunnskap gir trygghet

Hvis du ønsker å øke din kunnskap om selvmord og selvmordsforebygging, finnes det mye informasjon, ressurser, kurs og lignende på nettet.

Her ser du noen eksempler: