18. august 2025

Så lett å hamna inn i og så vanskeleg å komma ut av

Det er Clas Brede Bråthen si oppsummering etter å ha vore pårørande til ein rusavhengig son. Den tidlegare skihopparen meiner erfaringa har gjort han til eit betre menneske.

Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

– Eg tok nok litt lett på det med det å vera rusavhengig før sonen min blei det. Tenkte at det bare var å skjerpe seg litt og komme seg ut av det. Eg skammar meg litt over dette no. Synet mitt på russjukdom var omtrent heilt motsett av det eg har nå. Før trudde eg det var vanskeleg å bli avhengig av rus, men lett å komma ut av det igjen. Dei negative effektane russjukdom har på menneske, undervurderte eg kraftig. Eg vil ikkje seie eg såg ned på folk som var rusavhengige, men eg tenkte nok ikkje så veldig nøye over kva dei stod i. Eg er glad eg har blitt langt meir reflektert og nyansert, men det er jo forferdeleg trist at sonen min Sindre måtte bli rusavhengig, før eg kom dit, erkjenner 56-åringen frå Mjøndalen.

Burde eg oppdaga dette før?

Skuldkjensle, sorg og frykt er kjensler Clas Brede Bråthen verkeleg har fått kjenna på dei siste åra etter han i mars 2020 brått fekk beskjed om at sonen Sindre låg i koma etter ein overdose. Før denne sjokkbeskjeden ante ikkje faren at sonen hadde noko problem med rus i det heile tatt.

Sjølv etter overdosen tok det ei stund før eg tok alvoret inn over meg, eg kom med bortforklaringar og levde ganske lenge i fornekting før eg forstod at sonen min faktisk  var blitt avhengig av rus.

I altfor lang tid hadde faren stolt på sonen sine løgner. Det at han ikkje oppdaga problema til sonen før overdosa, har gitt han skuldkjensle og mange tunge stunder.

Kunne han ha oppdaga det før? Det spørsmålet har han stilt seg sjølv gong på gong.

Alle kan bli fanga av rus

– Etter ei stund kom eg fram til at etterpåklokskap og skuldkjensle ikkje kan endra fortida og difor ikkje fører noko godt med seg. Sonen min har også fortald kor mykje arbeid han la ned i at eg og mora ikkje skulle få vita noko, så det er jo ikkje sikkert me kunne ha oppdaga vanskane hans tidlegare. Eg trur ikkje pårørande skal undervurdera kor flink den som slit med rus blir til å gjera grep for å hindra at dei næraste får mistanke, påpeiker han.

Både foreldra og Sindre er samde om at han vaks opp i ein god heim i ein fin familie. I oppveksten blei sonen aldri mobba.

– Det har lært meg at denne dritten treff alle i alle samfunnslag og frå alle typar familar. Det har fått meg til å forstå at å bli avhengig av rus kan vera veldig enkelt, og det kan altså like gjerne skje barn utan store traume i bagasjen, minner han om.

– Var du nokon gong sint på sonen din fordi han fekk rusproblem?

– Nei, eg har aldri vore sint på han for det, berre fortvila, redd og veldig lei meg. Men eg har jo vore sint på meg sjølv fordi eg ikkje oppdaga dette tidlegare.

År fulle av frykt

Då det endeleg seig inn over Bråthen at sonen hadde tunge rusproblem, starta ei tid fylt av konstant frykt og redsel. Han beskriv to år med forferdeleg frykt. Denne frykta gjekk ut over svevn og livskvaliteten generelt. Å vera pårørande til ein som er avhengig av rus, er altoppslukande, og dette gjekk også ut over dei tre søskena til Sindre, vedgår han.

Denne dritten treff alle i alle samfunnslag og frå alle typar familar. Det har fått meg til å forstå at å bli avhengig av rus kan vera veldig enkelt, og det kan altså like gjerne skje barn utan store traume i bagasjen.

Mobilen var med Bråthen over alt natt og dag, og han såg mange gonger for seg at den fatale telefonen ville komma, med beskjed om at Sindre hadde døydd av ei overdose. Denne redsla slapp ikkje taket før ganske lenge etter at sonen kom ut av russjukdommen.

– Før han blei rusfri, hadde me også ein berg-og-dalbane med opp- og nedturar. I den mørkaste tida såg eg berre to moglege utfall av dette, begge mørke. Det eine var at me ville mista Sindre i ein overdose, det andre var eit liv som foreldre til ein tung rusmisbrukar. Men til tross for alle tilbakeslag og nedturar i prosessen mot eit liv fritt for rus, mista eg aldri håpet. Og det veit eg, for den som misbruker rus, er det utruleg viktig at dei næraste aldri gir opp, for kven har den sjuke då til å bera oppe håpet? Då er det ingen igjen. I tillegg er eg nok skrudd slik saman at eg aldri gir opp. Slik var eg som idrettsutøvar også. Som i idretten kunne han erkjenna eit tap, utan å gi opp.

Ei tøff tid både heime og på jobb

I Sindres sin kamp mot rusen var det mange håp som blei tende og deretter knuste. Heldegvis blei det meir siger enn tap til slutt.

– Det kan hende idrettsbakgrunnen eller personlegdommen min hjalp meg til å halda ut. Men ingen idrettsprestasjon kan måla seg med den bragda Sindre gjorde då han kom seg ut av rusen, seier han.

Åra då Sindre kjempa mot rus, blei svært turbulente for Clas Brede Bråthen, for på same tid fekk kona kreft, og han opplevde i tillegg  mykje bråk rundt jobben som sportssjef på hopplandslaget.

For den som misbruker rus, er det utruleg viktig at dei næraste aldri gir opp, for kven har den sjuke då til å bera oppe håpet? Då er det ingen igjen. I tillegg er eg nok skrudd slik saman at eg aldri gir opp.

– Til tider kunne eg kjenna jobben som ein fristad, for der kunne eg forsvinna litt inn i spenninga i hoppsporten, men så blei også jobben til tider ganske tøff. Men likevel visste eg jo kva som var viktigast, og kva som gnog mest. Helsa, livet og framtida til sonen og kona mi. Jobb var trass alt berre jobb, slår han fast om tida som dobbelt-pårørande.

Han var aldri sjukemeldt frå jobben i denne perioden, men han merka jo at han sov dårlegare og at gleda var mindre framtredande i livet hans, både heime og på jobb i denne fasen.

Tok tid å seinka skuldrene

Ifølge Bråthen forstår få frykta pårørande til menneske med rusutfordringar lever i, få forstår også den enorme gleda dei opplever, dei som får oppleva å få sine tilbake frå rusen.

– No gler eg meg over ting eg ikkje før tenkte særleg over. Det å sjå barna sine driva med ting og ha vanlege og gode kvardagar, det gjer meg glad på ein heilt annan måte enn før. Det å vera i lag heile familien set eg også mykje meir pris på enn før, fortel 56-åringen.

Sindre, kona mi og eg har heile tida ønskt å vera opne om rusutfordringane til Sindre. Gjennom Veiviserne får me eit høve til å fortelja om korleis det er å vera både pårørande og korleis det er å ha vore avhengig av rus.

Og han kan ennå kjenna på sorg og anger over at han ikkje gledde seg nok over den livsglade og aktive guten Sindre var før han blei avhengig av rus. Sjølv om han endeleg har fått ro for at det går bra med Sindre no, ligg det ennå ei latent uro og dirrar i djupet, utan at ho plagar han noko spesielt i det daglege.

– Sindre bur i nærleiken og har sitt eige liv, men han er flink til å halda kontakten, det held uroa i sjakk, fortel faren.

Ei enorm glede

Som frykta er no gleda ubeskriveleg stor over at sonen har vore rusfri lenge og er i gong med eit godt og meiningsfullt liv. Både Sindre og Clas reiser rundt for Veiviserne og held føredrag.

– Sindre, kona mi og eg har heile tida ønskt å vera opne om rusutfordringane til Sindre. Gjennom Veiviserne får me eit høve til å fortelja om korleis det er å vera både pårørande og korleis det er å ha vore avhengig av rus. Målet vårt er at foredraga våre rundt om i landet skal hjelpa andre til å unngå å hamna i same situasjon. Me ønsker samstundes å gi mot til dei som står i kampen og visa at det går an å komma seg ut av dette.

Clas Brede Bråthen seier familien var raske med å snakka med familie og vener like etter Sindres russjukdom blei kjent.

– Nettverket vårt har vore veldig gode støttespelarar og har stilt opp mykje for oss, også Sindres behandlarar som han kom i kontakt med via Kirkens Bymisjon har betydd mykje for oss som pårørande, slår den takksame faren  fast.

Selvhjelpsverktøy og andre ressurser

Oppfordringen «husk å passe på deg selv» føles ikke alltid som omsorg. Snarere som en påminnelse om enda noe du ikke mestrer. Du vet du burde, men klarer det ikke. Den dårlige samvittigheten tar mange former hos pårørende som forsøker å holde hodet over vann.

Her kan du lese mer om dette: