Illustrasjonsfoto

← Gå tilbake

– Min kreft har kasta skugge over heile familien

Kristin har vore kreftsjuk to gonger. Det har vore beintøft både for henne og dei rundt. Kvinna i 50-åra er no i ferd med å ta tilbake livet sitt bit for bit etter å ha vore gjennom tøffe behandlingar for to ulike krefttypar.
(Av omsyn til familien er kvinna anonymisert.)

– Men den same som før, blir eg aldri, seier ho.
– Seinskadane etter kreftbehandlinga gjer at eg er utmatta og slit med smerter.

No er førsteprioritet å konsentrere meg om familien. Spesielt barna fekk for lite merksemd i dei åra eg var sjuk, påpeiker ho.


Barna blei ikkje sett

Kristin er langt i frå nøgd med oppfølginga barna fekk, korkje av spesialisthelsetenesta eller i heimkommunen. Det gjekk lang tid før nokon i helsevesenet kom på at ho hadde mindreårige barn.
Barn som pårørande har ein lovfesta rett til informasjon, men i Kristins tilfelle kom den svært seint i forløpet.

– Barna mine blei faktisk traumatisert då dei såg meg på sjukehuset etter den eine kreftoperasjonen. Det oppstod komplikasjonar så eg såg svært medteken ut. Dette gjekk sterkt inn på dei. Først då eg var halvvegs i kreftbehandlinga fekk barna tilbod om samtale på sjukehuset, og den yngste fekk ei bok som handla om kreft. Barna fekk også vera med under strålebehandlinga. Sjølv hadde me foreldre ikkje overskot til å forklara så mykje til barna, så dei mangla den gode samtalen om kreft, slår Kristin fast.
 

Ein blei stille, den andre sint

Dei to sønene reagerte på ulikt vis på moras sjukdom. Mens den eine trekte seg inn i seg sjølv, blei den andre utagerande og sint. Felles for begge var at dei blei overbeskyttande overfor mora, dei  prøvde å gjera seg usynlege og vera flinke barn som gjorde mora til lags.
 

Påvirkning på deg og familien. 

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen? Her kan du lese mer om dette.
– Sjølv var eg ofte så elendig og sliten at eg kunne bli irritert på dei og vise at eg var skuffa. Medisinar gjorde også at eg endra oppførsel. Mykje av tida greidde eg ikkje gjere anna enn å ligge på sofaen. Eg spurde kommunen om det var hjelp å få, nokon som kunne komme inn i heimen eit par timar i veka og gje gutane mine eit lite avbrekk. Men det fanst ingen slike tilbod. Eg fekk ei heimehjelp, men ho kjefta på barna for å ikkje ha rydda godt nok til ho kom, og kjeft var vel  det siste dei trong, seier mora.

Klassane barna gjekk i fekk vite at mora hadde kreft. Det likte det eine barnet dårleg, for han ville ha fri frå kreft på skulen. Då ingen i klassen sa eit ord til han etter å ha fått beskjeden, kjendest det endå verre for guten, og mora ser i ettertid at for hans del hadde det fungert best om ingen visste.
 

– Lyg mor for oss?

Etter at Kristin blei friskmeldt, har ho hatt barna med til samtalar på helsestasjonen, men mora sitt inntrykk er at barna nå vil leggja det heile bak seg.

– Lenge levde dei i redsle for å miste meg, og dei stolte ikkje på at eg alltid sa sanninga. Frykta var at eg laug for å skåna dei. Og det er ikkje rart dei blei utrygge, for kort tid etter eg var blitt frisk frå ein type kreft, fekk eg ein annan kreftsjukdom.
 

– Eg spurde kommunen om det var hjelp å få, nokon som kunne komme inn i heimen eit par timar i veka og gje gutane mine eit lite avbrekk. Men det fanst ingen slike tilbod.
 

Kristins ønske er at sjukehusa informerer helsestasjonen i kommunen når ei mor eller ein far med mindreårige barn får kreft. Deretter kan stasjonen varsla skule og barnehage.

– Det bør vera ei overkommeleg oppgåve, for det er ikkje veldig mange småbarnsforeldre som får kreft i løpet av eit år, poengterer ho.

– På helsestasjonen kan barna få ei forklaring på kva som skjer. Elles vil dei sjølv leita på nettet for å prøve og finne ut kva som skjer med mamma eller pappa.
 

Ikkje kjeft på barn i krise

Skular og barnehagar må dessutan få betre kunnskap om korleis dei skal handtere barn i krise, meiner ho.

– Dei tilsette må lære om barns reaksjonsmønster i slike situasjonar. Elles endar dei fort opp med å kjefte på dei.

Kristin vedgår at ho har hatt dårleg samvit for at hennar sjukdom har øydelagt så mykje av familielivet dei siste åra. Nå håpar ho at ho og familien har lagt kreften bak seg for godt. Kristin  kjenner seg heldig for å ha overlevd, sjølv om ho veit at livet heretter blir annleis.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Veronica Torsdatter Jenssen (39) frå Jørpeland er mor til to sjuke barn. Rolla som mor og pårørande tek til tider dei fleste av døgnets vakne timar.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten