Audun Ingvaldsen
(Foto: Fredrik Refvem)

– Mitt eige tap har gjort meg til ein betre bedemann

Eit yrke her i landet har utelukkande pårørande som målgruppe. Gravferdskonsulentane eller bedemennene som dei også blir kalla.
Kona til Audun Ingvaldstad var berre 45 år då ho døydde frå ektefelle og fire barn. Dette har gitt gravferdskonsulenten i Hviding/ Ryfylke begravelsesbyrå ei ekstra djupne i møte med andre menneske i sorg.

– Men i jobben er det naturlegvis ikkje mi eiga sorg som skal løftast fram, då er det dei pårørande til den som nettopp er død som står i sentrum, understrekar Ingvaldstad.

Likevel meiner Ingvaldstad at han har fått betre innsikt for andre menneske si sorg ved sjølv å ha opplevd eit stort tap.

– Det er ei dyrekjøpt erfaring som eg skulle vore forutan, men når det blei slik som det blei, vel eg å bruka det til noko positivt i arbeidet mitt.


Di sorg, ikkje mi sorg

Han snakkar aldri om tapet av kona under det første møtet med pårørande.

– Sidan eg arbeider ein stad der mange kjenner meg og historia mi, hender det ofte at dei sørgjande seier: «Men du har jo opplevd dette sjølv, du.» Då svarar eg. Ja, det har eg, men no er det dykkar sorg og dykkar tap me skal snakka om. Då er min jobb først og fremst å lytta og deretter forsiktig pensa samtala inn på meir praktiske ting knytt til gravferda.

Påvirkning på deg og familien. 

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen? Her kan du lese mer om dette.
– Dersom eg møter dei pårørande ei stund etter gravferda og ting har fått roa seg litt, kan eg bli meir personleg viss høvet byr seg, for mange set pris på å snakka med nokon som veit kva dei sjølv går gjennom, legg han til.

Ingvaldstad er også oppteken av at eit dødsfall kan kjennast like tungt om ein mistar nokon som ung, eller etter mange år saman, sjølv om omverda kanskje trur at eit tap er lettare å bera om døden kjem når ein er blitt gamal.

Han minnest godt ei kvinne som hadde mista mannen sin etter 60 år i lag. Under samtalen kor fleire generasjonar var til stades, la bedemannen merke til at det var enka som var mest tynga av sorg. Medan livet gjekk vidare for dei andre, såg Audun at enka hadde det forferdeleg vondt. Han sa han såg sorga hennar. Då sa enka at det måtte ha vore mykje verre for han som miste ektefellen i ung alder.

– Då svara eg at det kan ho nok tenka, men likevel for henne så vil tapet av ein ektemann gjennom 60 år vera det verste som kan skje, og slik var ikkje hennar tap mindre vondt enn mitt.

Opplever sorga på nytt
Små barn som må følgja ein mor eller ein far til grava opnar eigne sår, vedgår Audun Ingvaldstad.

– Eg har nok eit spesielt blikk for desse, sidan mine barn sjølv har stått ved ei grav på same måten.

Ved slike høve prøver han ofte å innlemma dei små i førebuingane til gravferda. Han spør gjerne om eit av barna vil bera korset som skal stå på grava, eit anna barn får kanskje tenna eit lys, eller ringja med klokka.

– Det er viktig å sjå barna og la dei få vera med på det som skjer.

 

– Eg har nok eit spesielt blikk for desse, sidan mine barn sjølv
har stått ved ei grav på same måten.

Blant det tyngste han gjer er å møta menneske som har mista små barn, ektefellar eller andre dei er veldig glade i. Desse treng mykje hjelp og støtte.

– Då er det jo ingen ord som strekk til og eg kan bli sterkt kjenslemessig engasjert. Det er likevel viktig at eg greier å halde meg samla og ikkje byrjar å gråte, men eg føler ikkje det gjer noko om dei pårørande ser eg blir litt blank i auga. Tvert om trur eg det hadde vore verre om eg sat der utan å visa kjensler.

Ofte er dei pårørande etter slike tragiske dødsfall også like tomme for ord. Då er det ikkje enkelt å samla seg om å laga tekst til ei dødsannonse og andre vansk ting sløyfehelsingar vikt tekstar for per Ingvaldstad har difor gjort det til ein vane å ha med seg ein ordbank med ulike dikt, ord og vendingar som kan brukast.

Ikkje alltid er sorga lite lammande og tung etter eit dødsfall. For somme er døden etterlengta både av den som er sjuk og dei som står rundt.


Når den døde ikkje var snill

Av og til sensar bedemannen eit ubehag blant dei etterletne. Livet kan ha vore vanskeleg for enkelte, og ikkje alle pårørande hadde eit lite enkelt forhold til den som er død.

– For meg er det då viktig å prøva å få dei pårørande til å tenkja på dei gode sidene ved den avdøde, for det finst noko godt i alle menneske. Eg trur det er viktig å prøva å halda fast ved lyspunkta i slike stunder.

Audun Ingvaldstad møter alt frå to til ti–tjue pårørande når han kjem inn i ein heim etter eit dødsfall. Ofte har folk høge skuldrer i starten, då er det viktig for Audun Ingvaldstad å få folk til å slappa av. Det skjer best ved at han ber folk om å fortelja korleis dei har hatt det. Etter å ha fått fortald om gode og vonde opplevingar, fell dei pårørande meir til ro.

Somme kan også bli veldig personlege under dette første møtet, og han hindrar dei ikkje, for bedemannen har naturlegvis teieplikt. Likevel må Audun Ingvaldstad på eit viss punkt forsiktig snøre dei heile saman og spørje korleis ein saman skal laga ei fin gravferd for den døde.

– Eg føler ikkje det gjer noko om dei pårørande ser eg blir litt blank i auga. Tvert om trur eg det hadde vore verre om eg sat der utan å visa kjensler.

Dersom dei pårørande ønsker gravferd i kyrkja kan det av og til nokre utfordringar når det gjeld musikk. Sjølv om reglane er blitt mjuka opp, er det ikkje alle songar og all type musikk som kan brukast i kyrkja.

– Det er viktig at eg som bedemann ikkje lovar pårørande for mykje. For det er dumt for alle partar om ein song eg har gått god for, likevel ikkje blir akseptert av organisten eller presten. Difor er det viktig at eg har god og ærleg dialog med både prest og pårørande i forkant om desse tinga, seier han.

For Audun er det viktig at dei pårørande får setje sitt personlege preg på minnedelen av gravferda slik at ho speglar avdøde, og han meiner det er viktig at kyrkja strekker seg litt for å oppfylle ulike musikkønske. Dersom dei føler at dei blir tekne på alvor, vil dei også vera meir mottakelege for den åndelege bodskapen som presten ber fram, meiner Ingvaldstad.

Å la pårørande få vera med og kunna påverka det som skjer etter eit dødsfall er særs viktig. Bedemann Ingvaldstad er nøye med å opplysa dei etterletne om kva val dei har. Vil dei vere med og hente kista, vil dei ha kista heime?


Ingen tabbekvote

Dersom ein person døyr heime, er det Audun Ingvaldstad sin jobb å klargjere den døde og legge han i kista. Å få personen i kista treng han hjelp til av pårørande.

Ingvaldstad er uhyre nøye på å behandle den døde med største respekt.

– Ein tommelfingerregel i vår bransje at du skal behandla den døde endå betre enn du hadde gjort om han var i live. Dette handlar om respekt for den som er død, men i høgste grad også om dei som lever att. For pårørande er det viktig å sjå at den døde blir behandla med verdigheit også etter livets slutt.

Audun Ingvaldstad seier menneske i sorg er endå meir vare på alt som skjer og som bedemann kjenner han på eit veldig ansvar for alt som skjer.

– I min jobb har me dermed eigentleg ingen tabbekvote, og det kan til tider tyngja meg. Heldigvis har eg til denne dag ikkje gjort nokon store feil, men så snart det oppstår misforståingar og noko har blitt feil anten det gjeld blomar eller songhefte, tek eg ansvar og  går dei sørg i møte. Har det skjedd feil, så må du ta i mot kritikk og aldri prøva å argumentera i mot, påpeiker han.

Sjølv kjende han seg mykje åleine i tida etter kona døydde. Som så mange andre pårørande opplevde han at livet fort går vidare for dei rundt.

– For den som sit att går sorga over i eit langsiktig sakn. Og det går opp for deg at det er eit heilt nytt liv som startar.

– Folk i sorg er alltid ærlege, så om det ikkje passar å snakka, så seier dei det, men dei aller fleste vil setje pris på ein telefon. 

Den gode samtalen

– Slik kjennest det også for mange av dei eg møter gjennom jobben. Spør eg korleis dei har det, kjem tårene. Mange føler seg gløymt. Og er det nokon som spør korleis det går, er det gjerne i kassen på butikken, kor det ikkje er korkje tid eller rom for tårer og triste ord. Difor råder eg folk til å ringja, eller aller helst besøka, ein som sørger. Det varma meg då eg mista kona mi.

– Folk i sorg er alltid ærlege, så om det ikkje passar å snakka, så seier dei det, men dei aller fleste vil setje pris på ein telefon. Me er for usikre når det kjem til sorg, men aldri spør nokon korleis det går, om du ikkje har tid til å få med deg svaret, er rådet hans.

Av og til kjenner Audun Ingvaldstad seg tom og sliten, for ein jobb som dette krev at han heile tida er til stades med alle kjensler. Men mest av alt kjennest det meiningsfullt.

Mange møte med pårørande brenn seg inn i han for livet.  Og han har eit yrke som opnar opp for mange gode samtalar med menneske han møter langs sin veg.

– Du får gjerne spesielle band til enkelte pårørande. Og når me møtest etterpå blir det gjerne til at me klemmer kvarandre eller gir einannan eit handtrykk og nokre gode ord.

Han har og hatt samtalar med personar med døyande ektefellar.

Dette er noko han gjer som privatperson. For vedkomande er det godt å snakka med nokon som har opplevd det same. For du kan ikkje skjøna korleis der er, om du ikkje har vore der sjølv, erkjenner Audun.

62-åringen slår fast at jobben er ein livsstil. Han er bedemann døgnet rundt.

Og bedemannen har lova seg sjølv at om han ein dag skulle merka at folk si sorg ikkje lenger går inn på han etter eit dødsfall, då har han ikkje meir å gi i jobben, og må slutta.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Eit yrke her i landet har utelukkande pårørande som målgruppe. Gravferdskonsulentane eller bedemennene som dei også blir kalla.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten

FILMARKIVET

Her finner du korte undervisningsfilmer laget av praktikere, pårørende og forskere. De fleste filmene avslutter med drøftingsoppgaver.

HJELP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Vipps: 523 001
Epost
Chat
Telefon
Ris eller ros?
Utvikling: Destino / CMS: Destinet