kari lossius

Karis far var alkoholikar

Då Kari Lossius far låg for døden, gav dottera han whisky gjennom sugerøyr. Fagdirektør ved Stiftelsen Bergensklinikkene fortel at det var først for 15 år sidan ho våga å fortelje si eiga historie.

I dei beste familiar

- Eg forstod at det var det einaste rette å gjera. Det er så mykje skam forbunde med rusmiddelavhengighet. Dersom me skal få vekk denne skamma, ville det vera absurd om me i fagfeltet heller ikkje våga å fortelja, påpeiker ho.

Psykologen meiner det er viktig for brukarane å forstå at ingen er perfekte, heller ikkje behandlarane, og at rusmiddelavhengighet og andre prøvingar råkar alle type menneske.

- Eg har inga interesse av å vera saman med plastikkmenneske der alt fungerer hundre prosent. Det er frigjerande å vita at også andre har strevd. Difor elskar eg vanlege menneske med ruskete og levde liv, dei lærer meg utruleg mykje om meistring og overleving.

Og hugs, det finst noko i alle sine liv. Det er det viktig å vera klar over, skal ein komma skamma til livs, understrekar Kari Lossius.
 

Lært mykje av far

Sjølv trur ho farens alkoholavhengighet  kan vera ei indirekte årsak til at ho arbeider med det ho gjer. Menneskesynet hans, derimot, har nok påverka yrkesvalet hennar langt meir.

- Far min, som sjølv kom frå ein fin familie og hadde ei høg stilling i ein bank, lærte meg å verdsetja alle menneske. Han sa eg ikkje skulle bry meg om autoritetar. Vaskedama er like viktig som alle andre, blei eg innprenta.

Heile livet elska ho den vakre, festlege, emosjonelle, sosiale, energiske, tøysete og sjarmerande faren sin. Og ville ikkje bytt han ut med nokon.

Samstundes var ho lei og forbanna. Ho hata å aldri kunna vita korleis laurdagskvelden blei, ho var lei av å gå og grua seg til at ein hyggeleg feriedag alltid blei øydelagt etter klokka 14, og ho mislikte at venninnene fekk sjå faren full då dei kom på besøk.

- Det er frigjerande å vita at også andre har strevd. Difor elskar eg vanlege menneske med ruskete og levde liv.

Barn og unge som pårørende

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og finne tips og råd for hvordan barn og unge kan bli ivaretatt? Her kan du lese mer om dette.

Prega, men ikkje skada

- Du veit eg elskar deg, men eg kjem ikkje til å la vera og drikka, var svaret faren gav.

Og det var nok det, denne kjærleiken hans som ho aldri nokon gong tvilte på, og mora si ro og tryggleik i det heile, som bar henne gjennom.  Difor kan ho også med handa på hjarta seie at ho skulle gitt alt for å hatt han i livet sitt framleis-  full eller edru.

Faren byrja ikkje å få alvorlege alkoholproblem før Kari kom i tenåra. Dette trur ho gjorde henne i stand til å betre skjøne kva som skjedde med han.

- Eg fekk fort ei erkjenning av at dette var hans problem, ikkje mitt. Mor var også ein veldig stabiliserande faktor. Ho stod som ei klippe i familien, og skåna meg, viste gjennom handling at ho var den vaksne og eg var barnet.

Effekten av hans villskap blei redusert av hennar ro. Ofte måtte mor og eg få han til sengs når det blei for gale, etterpå sette me oss gjerne til med ein kopp te og prata om kvardagslege ting, fortel ho.

Kari minnest det kjendest godt då ho kunne flytta ut for å studera, likevel hadde ho vondt av korleis det ville gå med mora. Men mora var klar på at dottera skulle leve sitt liv, og ikkje uroe seg. Hadde det ikkje vore for mor, hadde han nok døydd ti år før, tippar Kari Lossius.
 

Alle må finna sin veg

Ennå kan ho kjenna sinne og sorg over at han på grunn av sine dårlege val kanskje røva frå henne 30 år saman med ein far.

- Er bakgrunnen din til hjelp når du behandlar pasientane dine?

- Nei, ikkje det at eg er dotter av eit menneske med en rusmiddelavhengighet. For eg veit uansett ikkje korleis andre har det, sidan kvar situasjon er så ulik. Det som er til hjelp er utdanninga mi og menneskesynet mitt. For kvar pårørande og rusmiddelavhengig har sin eigen historie, difor gir eg aldri råd, for dei det gjeld må sjølv finna sin veg.

Sjølv er eg motstandar av tvang og er glad far min aldri opplevde det. Situasjonen rundt rusmiddelavhengighet er innfløkt. Tvang kan føra til at relasjonar mellom menneske kan bli skada. Det er nå ein gong slik at folk har rett til å drikka seg i hel, minner ho om.

Hennar beste råd til menneske som lever tett på menneske som er avhengige av rus , er å finna nokon å fortelja om korleis du opplever livet ditt.

- Snakk med gode vener eller nokon i hjelpeapparatet. Det er viktig å få hjelp til å sortera tankar, og så må du sjølv finna ut kva du ønskjer å gjera, og ikkje bry seg om kva andre meiner du bør gjera, framheld ho.

– Snakk med gode vener eller nokon i hjelpeapparatet. Det er viktig å få hjelp til å sortera tankar, og så må du sjølv finna ut kva du ønskjer å gjera.

Joggar i staden for å drikke

Sjølv har ho tenkt mykje over kva som gjorde at faren bikka over i avhengigheit  og angrar på at ho ikkje fekk snakka med han om det. Ho har også blitt svært medviten sin eigen personlegdom, og veit at ho er genetisk disponert til å kunna bli rusmiddelavhengig.

- Som ung var eg den som gjekk seinast heim frå fest. Men eg hadde ei anna psykisk ballast og eit anna liv med andre mogelegheiter, og enda difor ikkje opp som han. Difor har eg eit avslappa forhold til alkohol, men i krisesituasjonar, så joggar eg i staden for å drikke, poengterer ho.

Medan livet tok faren hennar, som ho uttrykker det, har ho altså prøvd å ta kontroll på sitt ved å vere medviten på kva mekanismar som kan utløyse rusmisbruk.

- Basert på slektningar sin rusmiddelavhengighet og psykiske lidingar kan alle gjere eit overslag over kor sårbare dei er for å hamne i liknande situasjonar, påpeiker ho.

Lossius arbeider kvar dag for at skamma ved rusmiddelavhengighet skal forsvinna. Sjølv kjende ho aldri skam over far sin. - Eg visste jo at han blei snakka om, men eg var heldig og hadde nære venner som eg opplevde mykje kjekt i lag med. Dessutan visste eg jo at heller ikkje dei hadde perfekte foreldre, seier ho.
 

Berre kaffi?

Det gjekk også ei tid før ho forstod kor mykje faren eigentleg drakk.

- Eg hugsar spesielt godt ein episode då eg skulle møta foreldra til min første ektemann for første gong. Det var kvelden før nyttårsaftan, og svigerfar sat og drakk kaffi. Alle i stova var edru og eg trudde nokon hadde døydd, seier ho.

Å ha hatt ein far med alkoholmiddelavhengighet  har samstundes gjort henne meir avslappa i møte med uvanleg framferd. - Det venner av meg kan meiner er galskap, er ikkje noko eg reagerer spesielt på, forklarer ho.

– Eg visste jo at han blei snakka om, men eg var heldig og hadde nære venner som eg opplevde mykje kjekt i lag med.

Har du spørsmål angående rus og avhengighet? 

​Her kan du finne informasjon.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


For 19 år sidan blei Andreas Wiese og Line Lindsetmo foreldre til Frida og det meste blei annleis.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten
Epost
Chat
Telefon

TILBAKEMELDINGSSKJEMA

Fyller du ut skjemaet hjelper du oss
med utvikling av denne nettsiden!
norgeskart web

FINN HJELP OG FELLESSKAP DER DU BOR

I vår landsdekkende karttjeneste finner du
gode hjelpetiltak lokalt og nasjonalt.
Utvikling: Destino / CMS: Destinet