1. desember 2025
Saknet etter familien aukar når det nærmar seg jul
Ein pårørande som ringer sjømannsprest Helle Maria Wolstad i Thailand får ikkje alltid ønsket sitt oppfylt, men for presten er det viktig at den pårørande blir tatt på alvor i dei kjenslene og den situasjonen han eller ho står i.

Tekst:
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Utover hausten og i adventstida aukar førespurnadene frå nærståande i Norge som ønsker å få vita nytt om sine i Thailand. Landet huser nemleg ein del av det som Wolstad kallar relasjonsflyktningar. Desse har av ulike årsaker gått under jorda for å starta eit nytt liv på andre sida av jorda.
Bare den dagen
Når Pårørendesenteret snakkar med henne, har fire personar tatt kontakt med ønske om hjelp til å finna nokon i Thailand.
– Eg føler at ekstra mange er på leit etter sine her i landet denne hausten. Dette heng truleg saman med at Thailand igjen er blitt eit populært reisemål etter pandemien.
Presten reknar med det til ei kvar tid bur rundt 12 000 nordmenn i landet.
Det finst mange fordommar om nordmenns liv i Thailand, men det er langt meir samansett enn det me kan få inntrykk av i dei meir sosialpornografiske presentasjonane.
Sjømannspresten trur den norske juletradisjonen gjer at folk kjem på at det er på tide å ta kontakt med nokon dei ikkje har snakka med på lenge, eller som dei av ulike årsaker har mista kontakten med.
Teieplikta
Men det er ikkje alltid like enkelt for sjømannspresten å setja den pårørande i kontakt med ein far, ei dotter eller son.
Teieplikta gjer at ho til dømes ikkje kan fortelja den som ringer at ho såg far hennar på ein bar nettopp. Ho må først forsikra seg om at han det blir søkt etter, ønsker å bli funnen og ønsker å ha kontakt med den som tok kontakt med Sjømannskyrkja.
Av og til vil ikkje dei det blir leita etter snakka med pårørande heime i Norge. Andre gonger viser det seg at personen dei søker er død eller umogleg å finna. Somme lever i tillegg kanskje også tøffe liv med rus og sjukdom. Det kjennest tøft også for presten, vedgår Helle Maria Wolstad.
Men heldigvis er det ikkje alltid at manglande kontakt skuldast djupe konfliktar. Av og til er det misforståingar og praktiske årsaker som ligg til grunn, gjerne at ein har bytta eller rota vekk eit telefonnummer, fortel sjømannspresten.
Å byggje bru
Heldigvis har ho også mange historier som endar lukkeleg, der pårørande får kontakt med sine kjære i Thailand, og somme får kanskje også den dei er glad i heim til jula.
Jobben som sjømannsprest er ikkje så reint sjeldan å vera litt etterforskar på vegner av pårørande.
Av og til vil ikkje dei det blir leita etter snakka med pårørande heime i Norge. Andre gonger viser det seg at personen dei søker er død eller umogleg å finna.
– Men når ein pårørande ringer, er det ikkje fakta rundt den sakna personen som er viktigast for meg å få notert ned. Vel så viktig er det å få vita korleis den pårørande opplever situasjonen med å ha ein nærståande i Thailand, som ein har mista kontakten med. Pårørande skal møtast med omsorg og respekt for sin eigen del, presiserer presten.
Ho kjenner det som eit privilegium og ei stor glede når ho får bygga bru mellom ein pårørande og ein sakna i Thailand.
Helle Maria Wolstad kan halda kontakten lenge med enkelte pårørande, spesielt dei som har fått dødsbodskap eller beskjed om at den dei leitar etter ikkje vil ha kontakt. For dei som har mista nokon, kan presten vera ei kjelde til kjærkomen informasjon om den siste tida personen levde.
Mange fordommar
Det finst mange fordommar om nordmenns liv i Thailand, men det er langt meir samansett enn det me kan få inntrykk av i dei meir sosialpornografiske presentasjonane. Mange lever gode liv her, truleg betre liv enn dei ville hatt i Norge, der alternativet kanskje var ein stussleg og kald hybel ein stad der ein var sosialt isolert, påpeiker ho.
Det kan vera einsamt å komma til eit nytt og framand land utan å ha så mykje anna å gjera enn å venta på at ektefellen skal komma heim frå jobb.
Mange menn er gift med thaikvinner, og i mange tilfelle er dette ekteskap som er velfungerande og verdige for begge partar, fortel presten. Wolstad møter ofte thaikvinner som er pårørande til eldre og sjuke nordmenn. Dei treng gjerne hjelp til å få kontakt med norske bankar eller helsevesen, og viser stor omsut for den sjuke ektemannen.
Ho er også på heimebesøk hjå sjuke. Då er nærværet hennar ofte vel så viktig for dei pårørande som for pasienten.
Men også norske turistar kan hamna inn i ei pårøranderolle under ferien i Thailand. Presten kan til dømes bli kontakta av ein som er uroa for at ektefellen drikk ekstra mykje i ferietida. Også ektefellar som har følgd med ein partnar som arbeider i landet, kan trenga nokon å snakka med.
– Det kan vera einsamt å komma til eit nytt og framand land utan å ha så mykje anna å gjera enn å venta på at ektefellen skal komma heim frå jobb. Då kan eg vera eit lyttande øyre og Sjømannskyrkja kan vera ein arena for sosial kontakt, fortel 62-åringen.
Stort spenn
Spennet i livssituasjonane til dei pårørande sjømannspresten møter er stort. Ho snakkar med alt frå direktørar til folk som søv på strendene.
– Bak ein førespurnad skjuler det seg ofte eit vell av spørsmål og mange former for uro. Difor er det viktig for meg å få høyra korleis livet er for den pårørande. Fleire held eg tak i over lang tid, somme råder eg også til å ta kontakt med hjelpetilbod i Norge.
Arbeidet har lært henne at det finst fellesmenneskelege kjensler som må validerast hjå den enkelte. Folk treng å oppleva at dei blir sett og høyrt i situasjonen dei står i, seier kvinna som sjølv har dyrekjøpt pårørandeerfaring. Ho mista begge foreldra i Scandinavian Star-ulukka i 1990 og i fjor miste ho ei dotter i sjølvmord.
Bak ein førespurnad skjuler det seg ofte eit vell av spørsmål og mange former for uro. Difor er det viktig for meg å få høyra korleis livet er for den pårørande.
– Eg brukar aldri eiga pårørandeerfaring direkte i samtalane, men bakgrunnen min gjer at eg ikkje er redd for å stilla direkte og nærgåande spørsmål til pårørande eg snakkar med. Er den pårørande svært fortvilt, kan eg spørja om smerta er så stor at personen vurderer å ta sitt eige liv. Det er ikkje eit farleg spørsmål å stilla, det kan derimot vera eit livreddande spørsmål å få, understrekar ho.
Sorg er sorg
Sjømannspresten lever etter prinsippet om at sorg er sorg, uavhengig om ho oppstår på grunn av dramatiske hendingar eller ikkje.
– Kjensla av katastrofe og tap for den enkelte pårørande kan vera like stor etter å ha mista nokon i eit hjarteinfarkt, etter mange år med kreft, eller brått i ei ulukke som Scandinavian Star. Det viktigaste er difor alltid å sjå personen bak spørsmålet og ikkje la seg forblinda av alle dei praktiske gjeremåla spørsmålet også inneber.