4. mai 2026
Du har lov å le sjølv om sonen din sit i fengsel
Då sonen hennar hamna i fengsel for snart sju år sidan, ante Cesilie Holsen ikkje kva ho skulle gjera.

Tekst:
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Den 52 år gamle bergenskvinna var ikkje budd på at noko slikt skulle skje med eit av barna, og blei svært uroleg då den 27 år gamle sonen hennar blei sitjande 100 dagar i varetekt. I ein lang periode visste ho svært lite om korleis han hadde det bak murane, og det var ei stor påkjenning for henne.
Dei tause pårørande
Til eikvar tid sit det rundt 3000 menneske i norske fengsel, men deira pårørande snakkar ofte ikkje om det dei står i med så mange andre.
– Heldigvis fekk eg kontakt med organisasjonen For Fangers Pårørende (FFP), dei rettleia meg og no er eg godt kjent med rutinane i fengselet, fortel Holsen.
Ho fekk ikkje ha kontakt med sonen mens han sat i varetekt, men fekk via FFP gode praktiske råd om rutinar i fengselet og korleis ho kunne søke for å få kome på besøk. Via advokaten hans fekk ho vite litt om tilstanden hans, elles var informasjonen svært avgrensa.
Etter kvart fekk ho vita litt meir og fengselet opna litt opp for besøk av nær slekt, men då han sat i varetekt var det berre dottera og sambuar som fekk besøka han.
Sonen til Cesilie starta soninga hausten 2023. Han blei dømt til åtte år i fengsel for grov kroppsskade med døden til følgje, og for å ha forlate ein mann i hjelpelaus tilstand.
Fleire fortalde om sine
Etter kvart som Cesilie fortalde folk rundt seg at sonen sat i fengsel, fekk ho vita om ganske mange andre som også hadde nokon familiemedlemmer eller vener i fengsel.
Men det slo meg jo at dette snakkar me vanlegvis ikkje om, men eg har heile tida vore open om at eg er pårørande til ein son som sit i fengsel, og det har eg ikkje angra på.
I samråd med sonen takka ho også ja til å stilla opp eit intervju i Bergens Tidende om det sonen hennar har hamna opp i. Etter det intervjuet fekk ho rundt 200 tilbakemeldingar, alle positive.
– Eg trong ikkje lang tid på å bestemma meg, men eg visste jo då at ved å gjera det, ville så og seia alle i Bergen by vita om det, frå kassadama til frisøren, men eg valde å la det stå til og det gjekk fint.
Cesilie Holsen fekk seinare vita at sonen hadde hatt det svært tøft den første tida i fengsel, no er situasjonen heldigvis heilt annleis og ho får dra regelmessig på besøk og sjå med eigne auge at sonen har det langt betre. Skulegang og meiningsfulle aktivitetar har tent ny livsgnist i guten hennar, og både han og ho gler seg til at ei ny framtid ventar når dommen er ferdig sona om ikkje så veldig lenge.
Kvar veke følger anten Cesilie eller dotter hennar barnebarnet på besøk i fengselet.
Besøket skjer i eit eige besøkshus der omgjevnadane minner meir om ein vanleg heim. I fem timar får han vera far for jenta si, og det er timar begge to set svært stor pris på, og her blir den vesle jenta møtt på ein verdig og fin måte av tilsette i fengselet, fortel farmora.
Sonen hennar har førebels takka nei til soning i eit fengsel med lågare tryggleik fordi han då ville mista tilgang til dette besøkshuset, legg ho til. Til hausten er han nøydd til å vera på eit lågare soningsnivå sidan han skal ha frigang til å gå på skule.
Min son lever
Fordi soninga går mot slutten er det mindre strengt rundt han i fengselet og snart vil han kunna få permisjon i periodar. Ho gler seg over at sonen har brukt tida i fengsel til å ta fatt i livet sitt og skaffa seg den utdanninga han ikkje tok seg tid til som fri mann. Sjølv har ho landa i rolla som pårørande til ein som sit i fengsel, men vedgår at det var tøft å godta at sonen hamna i fengsel for noko ho og andre i familien ikkje trur han har gjort.
Men no har eg forsona meg med at det er slik det blei, og eg er trass alt den heldige her. Offerets foreldre har mista ein son, min son lever, sjølv om han sit i fengsel.
I jobben som palliativ sjukepleiar lever ho tett nok på sorg og død til å gle seg over å ha eit barn som lever, i tillegg kan ho no snart begynna å sjå fram mot at sonen på nytt blir ein fri mann, og er viss på at dei har fine år i vente.
Til andre som opplever å få noko nær og kjær i fengsel, er rådet hennar klart:
– Ikkje skam deg over det, snakk det heller i hjel, men pass på balansen, så du ikkje pressar historia di på nokon. Fortel rett fram kva som har skjedd og ikkje skjedd, og stå i det. Hadde eg ikkje vore open heilt frå starten, ville det heile eksplodert i meg. Rett etter han blei pågripen var me på ferie i Syden og skulle på ein fest. Eg gav beskjed om kva eg stod i, og slik fekk dei rundt meg ei forklaring på kvifor eg kunna verka litt lei meg.
Vanlege folk i fengsel
Opplevinga har fått henne til å endra syn på kven det eigentleg er som sit i fengsel. Fordommar har falle.
– Før tenkte eg nok at dei som sit i fengsel fortener det, og eg hadde ei oppfatning av kva type menneske som sat der, men sanninga er at dei aller fleste er heilt vanlege menneske som oss.
Cesilie Holsen fortel at barnebarnet fekk faren sin primærkontakt med til klassen sin, slik at han kunne fortelja korleis faren hennar hadde det i fengsel.
– Dotter hans har fått ei forklaring tilpassa alderen sin om kvifor faren må sitja i fengsel ei stund. Me har forklart henne at det hender vanlege folk gjer ein feil som gjer at dei må i fengsel, men når dei kjem ut att, er dei igjen vanlege folk. Barnebarnet mitt har jo lurt på kvifor faren ikkje hjelpte den skadde mannen, då har sonen min svart at han ikkje visste at mannen trong hjelp.
Snakk om det!
Etter intervjuet i BT har ho blitt kontakta av mange andre pårørande til nokon i fengsel, felles for mange er at dei har tidd om det. Ho er difor svært glad for å slått eit slag for openheit.
– Du veit, slike ting kjem ut uansett, så det er betre å ta eigarskap til historien sjølv, for ofte er spekulasjonane og rykta gjerne endå verre enn det som faktisk skjedde. Og merkar barnet at ting blir prøvd halde hemmeleg, kan skamma lett slå rot. Barnebarnet mitt fortalde tidleg vennene som lurte på kvifor faren aldri henta henne etter skulen, at ho har ein far i fengsel. Og då skjøna ho jo at det ikkje er heilt vanleg å ha ein far i fengsel, difor var det så bra at faren og nokon frå fengselet kom og fortalde om det å sitja i fengsel for klassen hennar.
– Hendinga har ført oss i familien nærare saman, sonen min sette ikkje ord på kjærleiken før, det gjer han no. No skriv han brev til oss frå fengselet kvar dag og teksten sluttar alltid med kor takksam han er for at me er der for han og dottera, seier Cesilie Holsen.
Eg er stolt av han
– Prat med nokon om sorga over å ha nokon i fengsel, når du begynnar å syns synd på deg sjølv. Då har du prata nok. Ikkje overdriv eller underdriv. Hugs at du også må leva ditt eige liv og ikkje mist deg sjølv. Ikkje bli ho som heile tida snakkar om sonen i fengsel, då mistar vennene dine deg og du mistar deg sjølv. Du seier det som er nødvendig å seie, ikkje meir. Sei det du må sei, så held du fram med livet ditt etterpå.
– Når barnebarnet mitt seier at me må venta med å gjera noko kjekt, til faren kjem ut av fengsel, svarar eg, nei, me skal ikkje venta. Me skal gjera det no og så skal pappa få vita det og når pappa kjem ut av fengsel, kan me gjera det ein gong til. Og det er lov å le sjølv om ein har nokon i fengsel, for me kan ikkje grava oss heilt ned i dette, og i stunder kan eg gløyma at han er fengsla.
– No er eg stolt av kor gode karakterar han får på studiet sitt og på alt han tilfører dei andre fangane i fengselet gjennom veremåten sin. Dette skryt eg av i brev til sonen min, og kollegaene mine får også vita det. Det er nemleg også lov å vera stolt av ein i fengsel. Det triste kjem flytande, det gode må me leite etter og greier me det, blir livet så mykje betre, avsluttar ho.