28. oktober 2026
Pårørande må få rett til permisjon med løn
Steinar Barstad seier skiljelinene i velferdspolitikken overfor pårørande går mellom dei som vil bruke omsorgsstønad for å føre tilbake deler av omsorgsoppgåvene til familien, og dei som vil ta vare på rettane til dei mange pårørande som faktisk står i omfattande omsorgsoppgåver, slik at dei ikkje risikerer å miste jobben, få helsemessige eller økonomiske problem eller tape pensjonsrettane sine.

Tekst:
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Steinar Barstad har vore med i utvalet som har skrive NOU-en, Den nye velferdskommunen.
Utvalet vil innføre «betydelig utvidede lønnede permisjonsrettigheter for pårørende», og har som utgangspunkt at pårørande verken skal vinne eller tape inntekt eller pensjonsrettigheter når dei søker permisjon for å ta på seg langvarige og omfattande omsorgsoppgåver.
Arbeidsmiljølova gir i dag rett til å ta ut berre 10 dagars permisjon kvart kalenderår for å gi nødvendig omsorg til foreldre, ektefelle, sambuar eller registrert partnar. For mange er den ulønt. Utover dette har ein arbeidstakar som pleier nærståande i heimen i sluttfasen av livet, rett til permisjon i inntil 60 dagar.
– Å utvide desse permisjonsrettane og sikre kompensasjon for lønn, slik vi har ved foreldrepermisjon eller sjukdom, er vegen å gå om vi skal møte framtidsutfordringane både i arbeidslivet og på omsorgsfeltet. Følger vi opp arbeidslina i velferdspolitikken og tek likestillingspolitikk på alvor, er det her løysingane ligg, understrekar Steinar Barstad.
Vil mangle pårørande i framtida
I ei framtid der me vil mangle både arbeidskraft og pårørande vil det tvinga seg fram å gje pårørande ein slik rett, meiner han.
73 år gamle Steinar Barstad har arbeidd som helse- og sosialsjef, han er utdanna innan sosialt arbeid og samfunnsplanlegging og har vore over 20 år i Helse- og omsorgsdepartementet. Etterpå har han mellom anna vore aktiv i Pensjonistforbundet. Pårøranderolla har han også prøvd, først og fremst som son og svigerson.
– Opplevde det eg skreiv om
– Eg var med og skreiv landets første demensplan for regjeringa då mor mi var demenssjuk, og har i mange år engasjert meg spesielt i korleis det er å vera pårørande til menneske med demens.
Han viser til at demens er ei liding som ofte varer lenge, sjølv var mor hans sjuk i 13 år, og dermed blir dei næraste ståande i pårørandeoppgåver over tid, noko som kan tæra på kreftene. Barstad understrekar at for eigen del var pårørandelivet overkomeleg, han stod i full jobb heile tida. Dei var fleire i familien som delte på oppgåvene, fortel han.
Han meiner det er ei stor føremon å ha personleg erfaring når ein er med og meislar ut politikk, då veit ein kva det handlar om og kva detaljar som er viktige å få med. Han tykkjer det er spennande å ha fått vera med på å synleggjera demenssjukdom og deira pårørande i samfunnet. Barstad meiner at for pårørande som står i rolla over tid, treng ein ikkje berre kortsiktige tiltak, men meir langsiktig støtte.
Eg var med og skreiv landets første demensplan for regjeringa då mor mi var demenssjuk, og har i mange år engasjert meg spesielt i korleis det er å vera pårørande til menneske med demens.
Skal ikkje tape helse og pengar
Barstad er glad for at pårørande har fått langt fleire rettar dei siste tiåra, men saknar altså rett til permisjon med lønn for dei som er pårørande over lengre tid.
– Og då meiner eg lang permisjon, gjerne eit år, og ikkje to veker, presiserer han.
Utan ei slik ordning risikerer ein ifølge Barstad at pårørande mistar jobben, eller fell ut av yrkeslivet fordi dei blir sjuke sjølv.
– Pårørande skal sleppe å tape både helse og økonomi på å gjere ein viktig jobb for velferdsstaten. Dei skal ikkje tene pengar på å vera pårørande, men dei skal heller ikkje tapa pengar på å vera det, slår han fast.
Håpar retten kjem snart
Storting og regjering diskuterer denne retten no, og Barstad vel å håpa at ordninga kan komma på plass om ikkje altfor lenge.
– Det vil jo bli dyrt?
– Nei, eg ser ikkje slik på det. Pårørande gjer ein betydeleg innsats for samfunnet og for menneske som samfunnet vårt har det juridiske ansvaret for. I Norge har den moderne velferdsstaten heile tida vore eit samspel mellom offentlege tenester og familie og pårørande, i ei slags 50-50-ordning. Denne ordninga der det offentlege har hovudansvaret for velferdstenestene, har vist seg å vera samfunnsmessig lønsam, og skapt rom for økonomisk vekst og framgang. Slik har velferdstenestene vore «utgifter til eiga vinning», og vore ein del av verdiskapinga. Difor har Norge og Norden hatt mange besøk frå land der omsorga i hovudsak er overlaten til familiane, for å sjå korleis me har innretta oss, seier Steinar Barstad.
73-åringen minner om at ein heile tida må sjå på samanhengen og balansen mellom arbeid og omsorg i eit samfunn.
Pårørande skal sleppe å tape både helse og økonomi på å gjere ein viktig jobb for velferdsstaten.
Balansen mellom jobb og omsorg
– Den tida me går inn i nå blir det svært viktig å få til den rette balansen mellom omsorg og arbeid fordi me vil mangla både arbeidskraft og pårørande når demografien endrar seg. Difor må norsk arbeidsliv legga meir til rette for at arbeidstakarar lettare kan kombinera omsorg med jobb. Då må ein ha på plass ordningar som gjer det mogleg å få permisjon og kompensasjon.
Steinar Barstad legg til at fleire og fleire arbeidsgivarar også tek til orde for ei slik ordning, for å skapa ryddige og opne ordningar for fråvær grunna omsorgsoppgåver. Gjennom ein slik rett blir pårørande og deira innsats også meir synlege for samfunnet, viser han til.
– Det er godt å sjå at pårørande si rolle er meir anerkjent i dag. For nokre tiår sidan var det fleire som nærast nekta for at pårørande fanst. Men det stemmer ikkje, det offentlege har aldri kunna ta seg av alt, slik har det heller aldri vore i Norge på noko tidspunkt. Det offentlege og dei pårørande arbeider saman, og då må dei sistnemnde sin innsats også legitimerast og anerkjennast.
Uroa for dei unge pårørande
Barstad er opptatt av pårørande si helse og sosiale situasjon, og gjennom sitt arbeid på feltet, ser han med uro på unge pårørande sin situasjon.
– Forsking viser at blant dei unge som står utanfor arbeidslivet i dag, har mange bakgrunn som unge pårørande. Dette er ofte eit skjult problem. Desse menneska treng me også i samfunnet, som ressursar i arbeidsliv og samfunnslivet, og her må det offentlege på banen slik at unge pårørande får tilstrekkeleg avlastning og hjelp når foreldre eller søsken er alvorleg sjuke, påpeiker Steinar Barstad.
Utfordringa er ifølge Barstad at unge pårørande ofte blir oppdaga for seint, droppar ut av skule og sosiale samanhengar og får helseproblem fordi dei har stått i ei krevjande rolle åleine altfor lenge.