30. oktober 2026
Sjukeheimen kan måtta senda folk heim til pårørande om krisa råkar
– Både pårørande og pasientar må bu seg på at helsevesenet si prioritering kan bli annleis om ei stor krise oppstår, seier Håkon Kolden. Han er rådgjevar for helseberedskap i Lillehammer kommune. Han arbeider for tida mykje med å legga overordna planar for helseberedskap i kommunen. Byen huser mellom anna ein av dei største sjukeheimane i Norge, Lillehammer helsehus, med over 200 plasser.

– I arbeidet med helseberedskap har me utvikla ulike scenario. Me må ta høgde for både krig, pandemi, ekstremvær, straumbrot og brot i digital infrastruktur. Alle desse krisene vil kunna påvirka tilbodet me gir til brukarane, og dermed vil det også påverka deira pårørande, seier han.
Frå sjukehus til sjukeheim
Er krisa/ katastrofen alvorleg nok kan ein sjå føre seg ein situasjon der sjukehusa raskt må frigjera plass, desse pasientane vil då måtta raskt skrivast ut til sjukeheimar i kommunane, noko som i sin tur kan føra til at dei «friskaste» bebuarane på sjukeheimen, må flytta heim til pårørande. Dette er ekstrem-varianten, men ei kvar krise vil fort kunna påverka prioriteringa til helsetjenestene på eit eller anna nivå, og det kan vera nyttig for pårørande å vera budde på ei slik forskyving, forklarer Kolden.
– Omsynet til å oppretthalda liv og helse vil alltid vega tyngst. I ei krise vil lågterskeltilbud og førebygging fort kunna bli nedprioritert. Tenester og tilbod ved sjukeheimaer, fastlege og legevakt kan også bli råka. Og då er kommunane heilt avhengige av pårørande og andre frivillige som kan stilla opp, seier Håkon Kolden.
– Pårørande vil vera ein svært viktig ressurs for oss.Me i kommunane må syta for å laga så gode beredskapsplanar som råd og gi pårørande grundig informasjon om konsekvensane av krisa, både for den dei er pårørande til, og om kva som vil bli forventa frå deira side. Her har både kommunen og dei pårørande felles interesser, begge partar arbeider for at menneske med ekstra behov for tilsyn og pleie skal sikrast best mogleg under ei krise. For å få til dette må kommunane og pårørande saman finna dei beste løysingane og den beste arbeidsfordelinga.
På små stader er gjerne terskelen for å spørja om hjelp lågare enn på større stader, der det heller ikkje alltid er så enkelt å vita kven ein kan spørja om hjelp.
Pårørande er viktige
Han legg til at enkelte brukarar som har fast tilsyn av heimetenesta kan bli nedprioriterte i ein unntakstilstand. Då er tanken at pårørande og andre frivillige kan ta på seg slike tilsyn, når heimetenesta må bruka sine folk på andre oppgåver. Kolden viser til at eit slikt samarbeid var svært avgjerande då ekstremværet Amy ramma Innlandet, og slo ut straumforsyning. mobil- naudnett over lang tid.
Kolden trur at planlegging av kommunalt samarbeid med pårørande i små kommunar kan vera enklare.
– I bygdene kjenner folk ein annan betre, det kan såleis vera lettare å få oversikt over kven som kan hjelpa kven. I byar er gjerne situasjonen meir uoversiktleg og det kan kreva litt arbeid å finna ut kven ein kan få på banen. På små stader er gjerne terskelen for å spørja om hjelp lågare enn på større stader, der det heller ikkje alltid er så enkelt å vita kven ein kan spørja om hjelp.
Hjelp til å laga beredskapslager
– Det er også ei anna svært viktig oppgåve pårørande kan gjera, og den oppgåva bør ein ta fatt på så snart som råd, om ein ikkje alt har gjort det. Det er å syta for at heimebuande brukarar av kommunale helsetenester, får seg eit eigenberedskapslager. Mange av desse brukarane har helseutfordringar som gjer at dei ikkje alltid så enkelt kan få på plass eit slikt beredskapslager sjølv. Lageret bør vera så omfattande at brukaren skal kunna klara seg ein del dagar utan hjelp utanfrå, forklarer Kolden.
Å planlegga for ulike kriser er krevjande. Det er mykje å tenkja på og mange ting som skal setjast i system, seier Håkon Kolden. Ein øver regelmessig på ulike scenario og det skal øvast meir i framtida.
– Me har opplevd reelt ekstremver, og det er sannsynleg at me vil få slike også i framtida. Samstundes må me ta innover oss at ein meir uroleg verden aukar risikoen for ein væpna konflikt, noko me også må ta høgde for i våre planar for helseberedskap, framheld han.
Den urolege verda gjer at motivasjonen til å tenka beredskap aukar blant folk.
Ei kokebok for krisetider
Mat er sentralt i all kriseplanlegging. Lillehammer er med i eit prosjekt som skal utarbeide ei beredskapskokebok for kjøkkena ved institusjonane. Her skal kokkane ha oppskrifter til mat av god kvalitet, som dei kan laga til bebuarane, når det er problem med forsyingar av råvarer og straum.
– Me har jo aggregat som me kan bruka, men blir krisa langvarig, og tilgangen til diesel minkar, kan også dette bli ei utfordring. Me ser også ei utfordring med at heimetenesta i dag har eit stort antal tenestebiler som går på elektrisitet. Dette må vi også ha planer og alternative løysningar for.
Om eller når krisa kjem er det avgjerande at både pårørande og det kommunale hjelpeapparatet har klargjort kva ein forventar av den andre parten. Ein må sikra seg at dei små, konkrete og viktige oppgåvene framleis blir gjort, sjølv om det er nye menneske som går inn i rollene.
– Den urolege verda gjer at motivasjonen til å tenka beredskap aukar blant folk, og både Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap krev at kommunane set tyngde bak dette planarbeidet, avsluttar Håkon Kolden.