Åpnes i en ny fane

4. november 2026

– Bror min sin sjukdom inspirerte meg til å gründa Nyby 

Fredrik Gulowsen (45) sin kongstanke er å fordela oppgåvene i pleie- og omsorgssektoren på fleire hender, slik at ein får meir velferd med ressursane ein alt har.

Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Ideen til oppstartsselskapet Nyby blei sådd då han og familien skulle tilsetja brukarstyrte personlege assistentar til broren dei siste åra han levde. Då fann han ut at menneske slett ikkje treng ha ei utdanning innan helse for å kunna gjera ein god jobb i omsorgsbransjen.

– Assistentane til bror min var ei brokete samling menneske, men dei var alle til stor nytte og glede for både bror min og oss andre i familien, fortel Fredrik Gulowsen.

Sjukdommen til broren er hovudårsaka til at han er blitt velferdsgründer, og Nyby er i ferd med å finna fotfeste i ei rekke norske kommunar.

Resultat av nøgde pårørande

– Ofte er det jo misnøgde pårørande som kan setja i gang og starta noko for at ting skal bli betre for nye pårørande, men Nyby er faktisk resultat av det motsette. Me som var familie var svært nøgde med oppfølginga son og bror fekk i hjelpeapparatet. Det meste fungerte optimalt, og det gav meg lyst til å ta inspirasjonen frå privatlivet mitt vidare, for å gjera velferdsstaten betre i stort, seier han.

Gjennom Nyby har Fredrik Gulowsen gått systematisk til verks og knekt ned oppgåvene i sjukeheimar og heimesjukepleia i små bitar og deretter fordelt dei mellom kva helsepersonell må ta seg av og kva ufaglærte fint kan gjera.

Veslebror til Fredrik var sjuk i 10 år, frå han var 13 til han døydde som 23-åring i 2013. Då var Fredrik Gulowsen ein ung vaksen mann på 32 år. Sjukdommen han fekk heiter progressiv epilepsi. Det var sårt for storebror Fredrik å sjå broren svinna hen i ei tid då eit menneske vanlegvis er i blomstring. Han blei gradvis dårlegare og mot slutten kunne han korkje gå, snakka eller sitja sjølv. Familien forstod etter kvart at dette var ein dødeleg sjukdom.

Ofte er det jo misnøgde pårørande som kan setja i gang og starta noko for at ting skal bli betre for nye pårørande, men Nyby er faktisk resultat av det motsette.

Han fekk vera heime den siste tida

– Bror min levde ein del år på institusjon, men då me forstod at han ville døy av sjukdommen, ønskte foreldra mine og me brørne at han skulle få bu heime den siste tida av livet sitt. Takka vera ein god rigg med brukarstyrte personlege assistentar fekk me det til og det siste halvtanna året han levde, budde han heime med foreldra våre, fortel 45-åringen.

Han legg til at dette blei mykje billegare for samfunnet, og ikkje minst betre for han som var sjuk og resten av familien.

Om ein får til ei smartare oppgåvefordeling mellom faglærte og ufaglærte, kan krisa ein snakkar om i omsorgsektoren avblåsast, hevdar Gulowsen.

Hendene finst

– For me manglar ikkje hender som det stadig blir snakka om, tvert om me har masse hender, men me må bruka dei smartare. Folk med helseutdanning skal ikkje bruka tida på oppgåver som ufaglærte kan gjera like godt, eller endåtil betre, understrekar Fredrik Gulowsen.

Han fortel at i assistentlaget til broren som familien hadde handplukka, var det ingen med helsefagleg utdanning, men dei skapte liv og røre og varme rundt den sjuke.

– Me hadde til dømes ein psykologutdanna spanjol med på laget som på den tida ikkje hadde godkjenning til å jobba i yrket sitt i Norge, og ein annan assistent var veteran frå Forsvaret, og dessutan fleire som hadde stått utanfor arbeidslivet av ulike årsaker. Saman utgjorde desse menneska ein god gjeng rundt bror min, seier han.

Fredrik Gulowsen seier at både krava til norsk og utdanning må vurderast frå oppgåve til oppgåve.

– I somme oppgåver må ein heilt klart snakka svært godt norsk, og ha spesialisert helseutdanning, men i svært mange andre oppgåver kan ein gjera ein fin jobb utan at ein snakkar norsk perfekt eller har helserelatert utdanning.

Mykje kan gjerast av ufaglærte

Ved å laga ei detaljert oppgåvefordeling har ein brått høve til å inkludera nokon av dei 700.000 menneska i Norge som per i dag står utanfor arbeidslivet, minner han om.

– Det vil gjera at velferdsstaten får fleire oppgåver gjort, fleire menneske i utanforskapet får meiningsfulle oppgåver, helsepersonell får viktig avlasting og indirekte vil dette truleg også gi fleire nøgde pårørande, som Fredrik Gulowsen også sjølv var ein gong.

For me manglar ikkje hender som det stadig blir snakka om, tvert om me har masse hender, men me må bruka dei smartare.

Førebels konsentrerer Nyby seg om å jobba systematisk med sjukeheimar og heimesjukepleie, men på sikt ønsker dei å nytta same oppgåvefordelingsmetode på avlastingstilbod for pårørande, påpeiker han.

Kva oppgåver brukar helsepersonell tid på i dag? Kva oppgåver kan til dømes menneske i Intro-program, Nav-systemet eller ungdom utføra i staden?

– Utrekningar me har gjort viser at mellom 40 og 60 prosent av det som skal gjerast på ein sjukeheim og i heimetenesta kan utførast av ufaglærte. Dette gjeld oppgåver som handlar om praktisk hjelp, og dei såkalla hotelloppgåvene som matlaging og sengetøyskift, til dømes. I heimetenesta er mating og hjelp med støttestrømper typiske oppgåver ufaglærte kan gjera, viser han til.

Mykje ubrukt restarbeidsevne å ta av

– Når ein knekk oppgåvene ned, og ikkje samlar mange oppgåver i ei stilling, kan ein seinka krava til utdanning og språk. Er alt i ein jobb, er det den mest avanserte oppgåva som styrer språkkravet, men ei slik organisering utelukkar mange som har lyst til å gjera ein innsats, frå arbeidslivet. Ved å kategorisera oppgåvene meir, skaper me eit meir inkluderande arbeidsliv, seier han.

Gulowsen meiner det er viktig å sjå etter restarbeidsevne når det gjeld sjukmelde og uføre.

Han er elles klar over at mange pårørande i Norge strekker seg altfor langt, men legg samstundes til at det også er ein del pårørande som truleg kunne gjort ein god del meir. Gulowsen er veldig interessert i å bruka Nyby-metoden i eit pårørande-tilbod også, men prosjektet treng då ein kommune som ønsker å satsa på eit slikt tilbod.

– Kommunane kan spara mykje på å ha pårørande som føler seg sett og får avlasting når det trengst. For framover må oppgåvene fordelast på ein annan måte. Då kan ein dobla kapasiteten utan fleire helseutdanna tilsette, seier Gulowsen.

Ei god oppgåvefordeling er nøkkelen

Kommunane sin måte å jobba på er treg å endra, men Fredrik Gulowsen reknar med at så snart ein har greidd å brøyta ei god solid og standardisert lysløype, vil det vera enklare for andre kommunar å hengja seg på. Fem kommunar i austlandsområdet går i front og er leiestjerner for 30 andre.

Fredrik Gulowsen sine reknestykke gjer han svært begeistra og håpefull for framtida til velferdsstaten, så sant ein får til gode system på oppgåvefordeling.

– Dersom ein legg til grunn at 40 prosent av alle oppgåver innan helsesektoren kan gjerast av ufaglærte, treng ein berre nytta 7 prosent av dei 700 000 som står utanfor arbeidslivet, så her har ein mykje å gå på, men samstundes mykje å få sett i system.

– Me treng å mobilisere under 7 prosent av restkapasiteten. Me må tenke nytt rundt arbeidsmarknaden, folk må kunna stå i små stillingar, gjerne berre 10 prosent, likevel vil me kunna få mykje gjort sidan me har mange å ta av blant dei som står utanfor arbeidslivet i dag.

Me må venta på kommunane og at nokon tør å skalera opp, håpet vårt er at den første kommunen går fullskala innan 6 til 9 månadar.

Enorme summar kan sparast

Gulowsen kjenner ikkje til andre land i Europa som driv med liknande oppgåvesiling som Nyby gjer i Norge, men hans selskap er i gang i Danmark og Tyskland. Førebels er ingen kommunar i gong med fullskala drift etter Nyby-prinsippet, men ein har drive større og mindre framtidsforsøk.

– Me må venta på kommunane og at nokon tør å skalera opp, håpet vårt er at den første kommunen går fullskala innan 6 til 9 månadar, forklarer han.

Fredrik Gulowsen påpeiker at det er store pengar å spare for kommunen på å dele oppgåvene mellom faglærte og ufaglærte.

– Me har rekna ut at totalt kan Norge få 33 milliardar kroner per år i rein budsjettgevinst. Årsaka er at sosialhjelp går ned og at ein sparer pengar på å la ufaglærte gjera oppgåver som faglærte tidlegare gjorde. I tillegg kjem den gode effekten folk får av å komma inn i arbeidslivet igjen, og samstundes vil ein få redusert sjukefråvær blant helsepersonell, som også får ein meir overkomeleg kvardag, med færre oppgåver.

– Utan bror min hadde eg nok vore ein tradisjonell tech-gründer. Han er ofte i tankane mine, og eg trur han ville vore stolt over meg, avsluttar Fredrik Gulowsen.

Hva er Nyby?

Nyby er et norsk teknologi- og innovasjonsselskap etablert av Fredrik Gulowsen. Selskapet samarbeider med kommuner og organisasjoner om å utnytte ressursene i samfunnet bedre gjennom smartere oppgavefordeling.

Nyby har utviklet en digital plattform som gjør det enklere å koble mennesker som trenger hjelp, med mennesker som kan bidra. Plattformen brukes blant annet til å organisere samarbeid mellom helsepersonell, frivillige og andre ressurspersoner.

Målet er å frigjøre tid til oppgaver som krever fagkompetanse, samtidig som flere får mulighet til å bidra i arbeidslivet og lokalsamfunnet.

Les mer på nyby.no