Åpnes i en ny fane

29. oktober 2026

Kva vil pårørande måtte gjera om krisa råkar?

– Når krisa rammar, er det ikkje sikkert du kan stola på kommunen, då er det kanskje naboen eller ein pårørande du først og fremst må få hjelpa frå.

Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Dette er bodskapen frå John Helland. Han er kommunalsjef i Alta, der har dei snakka om beredskap lenge, og kor planane for dette jamleg blir oppdaterte. 

– Kommunar og sjukehus i nord snakkar heilt klart om tryggleik på ein annan måte enn i sør, sjølv om me heller ikkje har tenkt på alt i Alta eller i Finnmark heller. Det er mykje arbeid som må gjerast av mange før ein kan seia at ein er godt nok førebudd, hevdar han. 

Planlegg for ulike typer kriser

Statsforvaltar, spesialisthelseteneste, kommunen ved ulike offentlege tenester, samt lag og organisasjonar er kobla på, for når noko alvorleg skjer, trengst alle frå stat, kommune og ned til enkeltmenneske, påpeiker han.

Trusselbildet kan variera i landet, seier Helland, men alle kommunar bør tenkja gjennom kva kriser som kan oppstå og leggja planar for dette, er hans klare råd.

Nærleiken til Russland har gjort at kommunane i nord har vore veldig medvitne på å tenkja beredskap lenge. Inntrykket hans er at beredskap ikkje har vore like langt framme i panna til folk i Sør-Norge.

– Men det bør det bli, for alle kan bli ramma av kriser, det treng ikkje vera krig, men store ras, avklipte fiberkablar eller klimaskapte utfordringar til dømes, påpeiker John Helland.

Å planlegge beredskap gjer at me får auga opp for verdien det ligg i å stole på andre, og kor meiningsfullt det er å bruke andre i eit samspel.

Kva kan kommunen vente av meg?

Han meiner det er viktig at kommunen stiller spørsmålet om kva innbyggarane kan forventa av kommunen i ei krise, og like viktig er det å få klarlagt kva kommunen vil forvente av dei som bur i kommunen. I Alta øver ein jamleg på ulike scenario, både dei svært alvorlege og langvarige og dei meir tidsavgrensa.

Vær nysgjerrig på naboen. Bygg gode relasjonar i fredstid, gjennom å vera snill og grei.

– Ha ein tanke om kven du kan få hjelp av eller kan hjelpa om noko uventa rammar, for ofte er det naboar som må fungera som pårørande, dersom ein person ikkje har nokon av sine næraste buande tett på. Så det kan vera lurt å tenkja over kva du kan bidra med for naboen, seier han.

Kommunalsjef Helland trur nabokjennskapen er større i bygdene enn i byane, men meiner at også byfolk som ikkje har overblikk over nabolaget, bør gjera seg litt kjent med dei som bur nærast, for å ha ei aning om kva han eller ho eventuelt kan bidra med om krisa oppstår.

Kven gjer kva i familien?

– Internt i familiar er det også lurt å ta ein prat om kva dei enkelte familiemedlemmane forventar eller ønsker å hjelpa til med. Kven gjer kva i familien når det dreg seg til.

John Helland meiner kommunane i ei krise ikkje berre må bruka ressursane ein veit ein har, men også dei ein trur ein har.

Nabohjelp er i Alta sett i system. Dersom det går eit ras slik at heimetenesten til dømes ikkje kjem inn til ein brukar, skal det stå i journalen kva pårørande eller eventuelt kva nabo som kan kontaktast for å stikka innom vedkomande. Ein kan også gjera liknande avtalar med medlemmer i ei lokal sanitetsforeining, ifølge Helland.

Naboar eller sanitetsforeningar kan ikkje yte medisinske hjelp, men Røde Kors kan ta seg av ein del, elles må kommunen setja opp ei prioriteringsliste over kven det hastar mest å nå ut med medisinsk hjelp til.

– Kommunen greier ikkje alt

– Det er viktig at kommunane før noko dramatisk skjer gjer avtalar om samarbeid med enkeltpersonar, lag og organisasjonar. Me må vera ærlege og audmjuke og seia at i visse tilfelle er det ikkje sikkert me som kommune kan komma fram med hjelp til alle. Det er det ikkje sikkert sjukehusa heller kan. Det stiller krav til innbyggarane, meg som nabo eller pårørande.

Dette er fornuft, ikkje krisemaksimering.

Han meiner dette ikkje er krisemaksimering, det er tvert om svært viktig å tenkja gjennom ein del potensielle krisesituasjonar, fordi det aukar sjansen for at krisa blir takla bra når ho først dukkar opp.

– Det må gå an å planlegge for katastrofar og kriser utan å skapa frykt, det er tvert om ein fornuftig ting å gjere, poengterer han.

Folk likar å stilla opp

Helland har god tru på at folks evne til å hjelpa og stilla opp for andre er stor i krisesituasjonar og viser til korleis pensjonerte sjukepleiarar raskt dukka opp for å ta ein tørn under pandemien. Slike skjulte ressursar blant innbyggarane er han viss på vil dukka opp på nytt, både i by og bygd, den dagen noko alvorleg skjer.

Eit sjukehus med 1000 tilsette kan ikkje rekne med at alle kan stille på jobb ved ei stor krise, kanskje har nokre av dei som jobbar ved sjukehuset store pårørandeoppgåver og må henta barn eller ein sjuk far, i staden for å gå på jobb. Helland meiner det er lurt at både sjukehus og kommunar går gjennom kven av arbeidsstokken som han tenkjast å få problem med å stilla på jobb, rett etter ei krise, og kartlegga om det finst ein reservestyrke som kan kallast inn. Spesielt i små samfunn kan ein komma oppi tilfelle at sentrale personar i ei krise, har mange ulike rollar. Helsepersonell kan vera pårørande og politikar, forklarer han.

Verdien og beredskapen i kvarandre

– Beredskap er noko meir enn nokre punkt på eit ark i ein skuff. Det må takast på alvor, både av deg og meg, lag, og organisasjonar, kommunar, fylke og stat, presiserer John Helland. 

Han føler ennå mange har ei litt for avslappa haldning til dette, til tross for at me er inne i Totalforsvarsåret, der ein mellom anna rettar merksemda mot kvardagsberedskapen.

– Me må venna oss til å tenkja kaldt og roleg om dette i fredstid, utan å få panikk. Me er rettnok betre budde enn for nokre år sidan, men enno kan mange bli endå betre på dette.

Å planlegge beredskap gjer at me får auga opp for verdien det ligg i å stole på andre, og kor meiningsfullt det er å bruke andre i eit samspel, avsluttar John Helland.