27. januar 2026
Viktig å finna ein god balanse mellom jobb og omsorg
– Det vil faktisk styrka arbeidsplassen si konkurranseevne om ein finn ein god balanse mellom jobb og omsorgsoppgåver, seier Abelia-sjef Øystein Eriksen Søreide.

Tekst:
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
– Både den enkelte tilsette, bedriftsleiarar og samfunnet kan ha mykje å tene på at arbeidslivet blir innretta slik at det går an å stå i arbeid sjølv om ein har pårørandeoppgåver privat, legg Søreide til.
Øystein Eriksen Søreide er administrerande direktør i Abelia, ein norsk arbeidsgivar- og interesseorganisasjon for kunnskaps- og teknologiverksemder, tilknytt Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).
Ein vinn-vinn situasjon
– Me som arbeidsgivarar bør legge til rette for å støtta tilsette som er pårørande, men det må naturlegvis skje innan rammer som kan handterast, slik at tilrettelegginga ikkje går altfor mykje ut over produktiviteten på jobb. Men erfaring viser at tilsette som opplever fleksibilitet, er lojale, nøgde og gode medarbeidarar. Dermed får bedrifter som er rause og fleksible, også arbeidstakarar som gir mykje tilbake, viser Søreide til.
Erfaring viser at tilsette som opplever fleksibilitet er lojale, nøgde og gode medarbeidarar. Dermed får bedrifter som er rause og fleksible også arbeidstakarar som gir mykje tilbake.
– I ei tid med stor konkurranse om arbeidskraft, er bedrifter med ein aktiv livsfasepolitikk spesielt attraktive, viser han til. Dette er dermed god omdømmebygging, ifølge Søreide.
Han meiner ein annan viktig grunn til å løfta fram pårørandevennlege arbeidsplassar er eldrebølga og signala frå staten om at velferdsstaten framover vil trenga endå fleire frivillige og pårørande i sving. I ei tid der fleire eldre skal bu heime lengst mogleg, vil fleire tilsette truleg oppleva å få meir ansvar for gamle foreldre og andre, samtidig som dei skal passa eigne jobbar.
Øystein Eriksen Søreide har til denne tid ikkje hatt tunge pårørandeoppgåver for eigen del, sjølv om foreldra er godt vaksne. Men han har også opplevd å måtta hjelpa foreldra med praktiske ting som til dømes digital-hjelp, midt i arbeidstida. Dermed har også han kjent noko av problemstillinga på kroppen.
Forståing og fleksibilitet
Søreide meiner det aller viktigaste er å behandle tilsette på ein imøtekomande måte. Ein bør også sjå etter rom for å vera fleksibel.
I ei tid med stor konkurranse om arbeidskraft, er bedrifter med ein aktiv livsfasepolitikk spesielt attraktive.
– Dermed må ein løfta blikket frå rein arbeidstid til å sjå meir på organiseringa av oppgåvene i jobben. Kva tid kallar ein inn til møte, for eksempel? Det er viktig å ha ei fleksibel tilnærming til både arbeidstid og –stad, og dessutan turnus. I somme tilfelle kan det også vera aktuelt å tilby kortare velferdspermisjonar, poengterer han.
Dette gagnar ikkje berre pårørande, men også småbarnsforeldre, som også er i ein livsfase der oppgåver heime, kan komma i konflikt med jobben, viser Abelia-sjefen til.
Han fortel at ein del tilsette ønsker å jobba kveldar dersom dei er veldig opptekne med omsorg på dagtid. Paradoksalt er det i dag Arbeidsmiljølova som set kjeppar i hjula for fleksibel arbeidstid.
Alle partane i arbeidslivet må ta sin del av ansvaret for at pårørande ikkje slit seg heilt ut i ei tid då deira innsats blir endå viktigare for samfunnet.
– Lova er naturlegvis innretta for å beskytta arbeidstakarar mot krav frå arbeidsgivar, men i tilfelle der det er den tilsette som sjølv ber om å få jobba kveld, bør det likevel vera rom for å få ordna dette, seier Søreide.
Pandemien endra arbeidslivet
Han meiner pandemien la eit godt grunnlag for å skapa eit meir pårørandevennleg arbeidsliv framover. Då fann ein ut at det gjekk an å få mykje gjort også via heimekontor og andre typar tilrettelegging.
– Alle partane i arbeidslivet må ta sin del av ansvaret for at pårørande ikkje slit seg heilt ut i ei tid då deira innsats blir endå viktigare for samfunnet. Greier ein ikkje det, vil me enda opp med endå fleire sjukmelde og folk som fell ut arbeidslivet. Det må difor vera i alle si interesse å ta vare på pårørande, understrekar Øystein Eriksen Søreide.
Eventuelle pårørandeoppgåver bør vera eit fast punkt i medarbeidar-samtalar. Slik vil bedrifta få god oversikt over ulike behov blant arbeidsstokken.
Han seier at i eigen organisasjon er dette noko ein jobbar medvite med. I Abelia skal ein vera lydhøyre for tilsette sine individuelle behov, og det skal gå an å kombinera jobb med det livet måtte krevja i ulike fasar. Søreides erfaring er at tilsette som føler seg tatt vare på, er lojale og meir kreative og produktive.
Eit punkt i medarbeidarsamtalen
For å lukkast med å bli ein pårørandevennleg arbeidsplass er det viktig at bedrifta har leiarar som er kjent med problemstillinga og har evne til å handtera tilsette med empati og forståing, Men tilsette må også vera villige å dela litt om kva dei står i privat, dersom dei ønsker tilrettelegging.
– Eventuelle pårørandeoppgåver bør vera eit fast punkt i medarbeidarsamtalar, slik vil bedrifta få god oversikt over ulike behov blant arbeidsstokken, meiner Øystein Eriksen Søreide.
– Totalgevinsten for arbeidsgivarar og samfunnet generelt ved å anerkjenne innsatsen dei pårørande står for med å legga til rette for denne gruppa, er langt større enn innsatsen ved dei ulike tiltaka som krevst for å skapa eit arbeidsliv med ein leveleg balanse mellom jobb og omsorg, avsluttar han.