Viktig at ambulansearbeidarane ser dei pårørande
Når ambulansen rykkar ut på oppdrag, er det ofte fleire pårørande som er direkte involverte. Å bli sett av ambulansefolka, er særs viktig for pårørande, slår Frode Bremseth fast. Han er rådgjevar innan psykisk helse ved ambulanseavdelinga ved Stavanger Universitetssykehus, SUS.

Tekst:
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Om det berre er eit blikk og nokre få ord, så er alt svært mykje betre enn ingenting og kan gjera ein stor forskjell for dei eller den som står att når ambulansen kjører bort med pasienten, påpeiker han.
Ulike reaksjonsmønster
Bremseth underviser ambulansepersonell og arbeider i tillegg regelmessig på Psykiatriambulansen i Stavanger. Hans erfaring er at alle pårørande treng å bli sett, anten det er fysiske eller psykiske årsaker til at ambulansen dukkar opp.
Uavhengig av om det er pårørande til menneske med fysisk eller psykisk sjukdom, reagerer folk veldig ulikt på ein akutt ambulansesituasjon.
Frode Bremseth, rådgjevar innan psykisk helse ved ambulanseavdelinga ved Stavanger Universitetssykehus, SUS
– Pårørande til menneske med psykiske vanskar står gjerne i rolla over lengre tid, mens det for fysiske tilstandar kan vera ein kortare periode. Uavhengig av om det er pårørande til menneske med fysisk eller psykisk sjukdom, reagerer folk veldig ulikt på ein akutt ambulansesituasjon. Somme blir veldig redde og stressa, andre er meir rolege og upåverka. Det siste gjeld nok spesielt for erfarne pårørande som er vande med at pasienten ofte blir henta med ambulanse. Då blir denne situasjon ein slags rutine som ikkje gjer like stort inntrykk kvar gong, ifølge Bremseth.
Frode Bremseth legg stor vekt på pårørande i si undervisning til ambulansepersonell.
– Pårørande er som oftast ein stor ressurs for dei som kjem og skal henta pasienten. Ofte kan dei gi nyttig, viktig og utfyllande informasjon om situasjonen til helsepersonellet. Å involvera pårørande, gir alltid ein meirverdi og aukar kvaliteten på oppdraget, seier Bremseth.
Pårørande svært viktige
Han legg til at pårørande kan vera med på å motivera og trygga pasienten. I fleire tilfelle følger også ein pårørande pasienten inn på sjukehus, og i mange tilfelle fungerer det som ei avlasting dersom pasienten må venta på vidare oppfølging på sjukehuset.
Informasjon frå pårørande kan bli tatt med til samtalen med pasienten og kan gi ambulansepersonell viktig bakgrunn slik at dei vel den beste løysinga for kvar enkelt pasient.
I framtida vil vi også møta på fleire pasientar med kognitiv svikt som ikkje er samtykkekompetente. Dette vil nok ofte føra til meir utrygge pasientar.
– I framtida vil vi også møta på fleire pasientar med kognitiv svikt som ikkje er samtykkekompetente. Dette vil nok ofte føra til meir utrygge pasientar og då vil pårørande spela ei ekstra viktig rolle, framheld rådgjevaren.
Bremseth viser til at fordi samfunnet framover må lena seg meir mot pårørande, er det også ekstra viktig å ta vare på dei.
Litt er betre enn ingenting
Blikket på pårørande er ikkje minst viktig når det er barn som er i rolla.
– Me satsar på å alltid gi pårørande litt merksemd, sjølv om tida kan vera veldig knapp. Eg er glad for at Pårørendesenteret er med i opplæringa av ambulansepersonell, dei bringer med seg viktige perspektiv.
Frode Bremseth meiner pårørande gradvis har blitt ei meir sett gruppe med åra. Dei er no også inne i lovverk og lærebøker.
– Eg trur ofte pårørande trer fram for ambulansepersonell etter kvart som dei får meir erfaring i yrket, seier han.
Frode Bremseth fortel at det ikkje er godt å føla at ein har fått for lite tid til nokon på eit oppdrag, men ofte er det jo slik at ein står i ein spagat, der pasient og liv og helse må trumfa alt. Det er likevel viktig å ha pårørande i medvitet og minna nyutdanna om at ein må prøva og møta pårørande så godt det let seg gjera i omstenda.
Eg trur ofte pårørande trer fram for ambulansepersonell etter kvart som dei får meir erfaring i yrket.
– Eit lite blikk og ein setning er så mykje meir enn ingenting. Men av og til er det dessverre ikkje alltid praktisk mogleg å ta seg av pårørande om tida er særs knapp.
Ein ventil
I oppdraga som ikkje er så tidskritiske på tid kan ambulansepersonell vera nokon pårørande kan søka tryggleik hjå eller få ventilert litt frustrasjon, fortviling eller sorg med. Då kan ambulansearbeidaren vera den som lytter, anerkjenner og gir rom for at dei får snakka om den tøffe situasjonen dei står i.
– Me prøver også å gi pårørande tips om stader dei kan få hjelp og støtte, som til dømes Pårørendesenteret. Me kan også bruka AMK i etterkant om me føler at det er behov for meir hjelp til pårørande. Både kriseteam, barnevernsvakt, politi eller lege kan involverast i pårørandearbeid. Det gjeld å finna løysingar tilpassa situasjonen.
I dette yrket er det viktig å spørja seg om ein som pårørande ville vore nøgd med å ha møtt seg sjølv på jobb.
Tid er ifølge Frode Bremseth det mest effektive verktøyet ein har i pårørandearbeid, difor er det så viktig at ein tek seg tid, så sant det let seg gjera.
Har eiga erfaring som pårørande
Bremseth har også sjølv stått på andre sida som son til ei mor som har blitt henta av ambulanse nokre gonger. Då har han vore nøgd med oppfølginga han blei gitt som pårørande.
– I dette yrket er det viktig å spørja seg om ein som pårørande ville vore nøgd med å ha møtt seg sjølv på jobb.
Han meiner at dersom pårørandeperspektivet kjem fram i utdanninga og alltid ligg langt framme i hovudet på ambulansearbeidarane, vil kvaliteten på hjelpa til både pasient og pårørande auka.