12. juni 2025
Vil ha «FAU» på sjukeheimen
Wenche K. Malmedal meiner at pårørande ofte ser at både pasientane og dei tilsette er svikta og fanga av systemet. Ho ønsker at pårørande blir tatt med som ein reell samarbeidspartnar til sjukeheimen i «fredstid». Både tilsette og pårørande har jo pasientens beste som mål, seier ho.

Malmedal er professor ved Fakultet for medisin og helsevitenskap ved Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie på NTNU i Trondheim. Ho har forska lenge på vald og overgrep mot eldre og har mellom anna leia eit større forskingsprosjekt finansiert av Forskingsrådet, der kollegaer ved NTNU gjennomførte intervju med pårørande til personar på sjukeheim (sjå referanse nedst).
Pårørande ønsker nemleg å få spela ei rolle og få bidra positivt. Både tilsette og pårørande har jo pasientens beste som mål, det å få til mest mogleg individuell pleie kan vera eit mål ein saman finn ein strategi for å nå.
– Forsking viser at pårørande i Norge observerer alle former for vald, overgrep og forsømmelsar i eldreomsorga. Det skremmer dei og fører til at dei ofte går inn og overtek oppgåver og stell sjølve, med fare for å slita seg heilt ut, påpeiker Malmedal.
Redde og usikre
Typiske døme på omsorgssvikt kan ifølge Malmedal vera knytta til hygiene. Pårørande registrerer at det går lang tid mellom kvar dusj eller merkar at den gamle ser ustelt og uflidd ut. Neglene kan vera lange og tannstell og munnpleie dårleg. Fleire har også sett sine sitja i bleier som er fulle av urin og avføring – det er tydeleg at det har gått lang tid sidan sist bleieskift. Då kan den pårørande lura på kor ofte dette skjer? Og kva skjer når eg ikkje er der?
– Pårørande melder også om uro for at deira kjære får for lite tid til å eta, eller stadig blir servert mat dei ikkje likar. Ein pårørande fortalde at dei gong etter gong hadde varsla sjukeheimen om at mor deira ikkje likte raud saft. Likevel blei mora stadig vekk tilbydd raud saft, eit glas slik saft stod også på nattbordet den dagen mora døydde. Det var fortvilande for dei pårørande å ikkje bli høyrt, påpeiker Wenche K. Malmedal.
Kor ofte skjer dette?
Å finna mor eller far i seng veldig tidleg om ettermiddagen, er også noko pårørande tykkjer er opprørande, ifølge Malmedal. I intervjua kom det fram eit tilfelle der pårørande fann ut at personalet trekte føre gardinene så pasienten ikkje skulle forstå at hen blei lagt tidleg om ettermiddagen.
Det er ikkje noko som tyder på at det finst mange tilsette i eldreomsorga som utset gamle for vald og forsømmingar med vilje. Dei tilfella som er rapporterte handlar nok meir om ressursmangel og for lita tid, presiserer ho.
Somme pårørande har opplevd at bebuarar har blitt latterleggjort og har også blitt sjokkerte av personalet si brutale realitetsorientering. Ein dement person som spør etter mor si, vil då få til svar at mora er død. Konsekvensen er at bebuaren gjerne får dødsbodskapet om mor si fleire gonger til dagen, med påfølgande sorgreaksjon. Pårørande syns heller ikkje det er greitt om personalet går rett inn på rommet utan å banka på døra først.
– Dei opplever det også uverdig dersom dei ser at kleda på sjukeheimen er på vidvanke. Det er ikkje hyggeleg å sjå ei mor som alltid har vore oppteken av å sjå fin og velstelt ut i ein annan pasient sitt utvaska treningstøy, seier Malmedal.
Stellet kan også til tider vera hardhendt. Pårørande blir svært urolege om dei oppdagar skrammer eller blåmerke på sine gamle.
Wenche K. Malmedal legg til at det ikkje er noko som tyder på at det finst mange tilsette i eldreomsorga som utset gamle for vald og forsømmingar med vilje. Dei tilfella som er rapporterte handlar nok meir om ressursmangel og for lita tid, presiserer ho.
Saknar individuell pleie
Pårørande rapporterer frå tid til anna om at den gamle ser ut til å få vel mykje medisinar, truleg av den grunn at pasienten skal vera rolegare. Andre gonger kan det vera at bebuaren får for lite medisin for å dempa smerter. Fleire meiner at tilsette brukte for lang tid før smerter hjå sjukeheimspasientar blei tatt på alvor. Dermed måtte pasienten går mange dagar med store smerter før det blei bestilt ei røntgenundersøking.
Korleis pårørande sine innspel og klager blir møtt, varierer veldig. Nokre blir møtt med forståing og ser at sjukeheimen tek grep for å betra situasjonen. Andre blir møtt tause tilsette som ikkje skjønar problemet, eller som går tvert i forsvar. Ein annan variant er at sjukeheimen lovar bot og betring, men så skjer det likevel ingenting.
Det er også viktig å legga til at pårørande får med seg at mange i eldreomsorga gjer ein god jobb, og at dei gjer sitt beste ut i frå forholda, for ofte merkar dei pårørande at det er for få folk på jobb.
Dei bit seg spesielt merke i mangelen på individuell pleie. Den gamle blir i for liten grad sett på som ein unik person.
Korleis pårørande sine innspel og klager blir møtt, varierer veldig. Nokre blir møtt med forståing og ser at sjukeheimen tek grep for å betra situasjonen. Andre blir møtt tause tilsette som ikkje skjønar problemet, eller som går tvert i forsvar. Ein annan variant er at sjukeheimen lovar bot og betring, men så skjer det likevel ingenting.
Pårørande som opplever å bli lytta til, kan likevel kjenna uro for andre pasientar dei kjenner og som kanskje ikkje har eigne nære pårørande. Kva skjer med dei som ikkje har pårørande til å tala si sak?
FAU på sjukeheimen?
Wenche K. Malmedal meiner at pårørande er flinke til å sjå heile biletet. Dei ser at ofte er både pasientane og dei tilsette svikta og fanga av systemet. Mangelen på folk gjer at det blir for lita tid til godt leiarskap, god opplæring og refleksjon. Pårørande som ikkje føler seg sett og høyrt, blir ofte utrygge, ei kjensle av mistillit og maktesløyse kan fort oppstå. Eit resultat av det er gjerne at den pårørande går inn og gjer meir av oppgåvene og stell sjølv. Ulempa med dette er at pårørande blir endå meir slitne.
Wenche K. Malmedal ønsker at pårørande blir tatt med som ein reell samarbeidspartnar til sjukeheimen i «fredstid».
– Pårørande ønsker nemleg å få spela ei rolle og få bidra positivt. Både tilsette og pårørande har jo pasientens beste som mål, det å få til mest mogleg individuell pleie kan vera eit mål ein saman finn ein strategi for å nå, seier ho.
Eldreomsorga er inne i ei skjebnetid. Eg håpar staten vil bruka meir av pengane sine på dette feltet. Me treng til dømes fleire heildøgnsplassar. Når den gamle eller den pårørande ikkje klarer meir, må det vera tilgjengelege plasser. Pårørande må sleppa å stella sine kjære heime år etter år.
Professoren tek til orde for ein slags variant av FAU på sjukeheimane. Eit brukarutval der pårørande har sin plass, saman med tilsette og leiinga ved institusjonen. Dette bør faktisk bli lovpålagt, slik at ein sikrar seg at dette finst alle stader.
Ein fast kontaktperson
Ho meiner også at pårørande og pasient bør ha ein fast kontaktperson, og at desse har jamlege kontaktmøte, slik kan ein treffast også når det ikkje er noko gale som har skjedd. Møta i det felles brukarutvalet bør også skje regelmessig i løpet av eit år. Slik kan pårørande få vera med og påverka drifta og komma med innspel til aktivitetar og andre tiltak som dei meiner vil gjera kvardagen kjekkare for bebuarane.
– Heldigvis er det også mykje som fungerer og me har lese lesarinnlegg frå pårørande som er svært nøgde med oppfølginga av sine kjære. Likevel trur eg dei aller fleste kjenner til uheldige hendingar også i dei tilfella då det meste av eldreomsorga til personen er av god kvalitet, framheld ho.
Eldreforskaren meiner eldreomsorga mange stader er heilt på felgen, og at det er på overtid at eldreomsorga blir satsa på. Fleire tilsette med helsefagleg utdanning må på plass, meiner ho. Ei teneste som er underbemanna gjer at helsepersonell sluttar i jobbane sine.
– Eldreomsorga er inne i ei skjebnetid. Eg håpar staten vil bruka meir av pengane sine på dette feltet. Me treng til dømes fleire heildøgnsplassar. Når den gamle eller den pårørande ikkje klarer meir, må det vera tilgjengelege plasser. Pårørande må sleppa å stella sine kjære heime år etter år.
Referansar:
Blekken, L. E., Saga, S., Nakrem, S., & Sandmoe, A. (2022). «Vi kjemper en kamp» Pårørendes opplevelse av samarbeid med sykehjemstjenesten om vold, overgrep og forsømmelser. Tidsskrift for omsorgsforskning, (1), 1-20.
Saga, S., Blekken, L. E., Nakrem, S., & Sandmoe, A. (2021). Relatives’ experiences with abuse and neglect in Norwegian nursing homes. A qualitative study. BMC health services research, 21, 1-14.