1. mars 2026

Døden kan gi både sorg og glede hjå dei etterletne

Å jobba med døden sto ikkje på lista over det den unge Tor-Håkon Gabrielsen ønskte å bli, men då han mista ein god kompis i slutten av tenåra, møtte han ein gravferdsagent som med varme og humør makta å ta brodden av dødens sure stikk.

Foto: Ascheoug

Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Dermed var Tor-Håkon Gabriel Håvardsen (40) sin yrkesveg bestemt. Han vil også bli ein som støtta og trøysta pårørande og etterlatne i møte med døden.

Eit halvt liv med døden

40-åringen har no brukt halve livet på denne gjerninga og har i løpet av året møtt tusenvis av pårørande, kvinner og menn, barn, unge, vaksne, middelaldrande og gamle, frå alle samfunnslag og frå ulike land.

Han har møtt menneske segneferdige av sorg og etterlatte som frydar seg over at døden kom og tok bort eit menneske som har gitt dei mykje smerte. Då kjem døden som ein frigjerar og dei etterlatte gler seg over å endeleg kunna begynna å leva.

Tor-Håkon Gabriel Håvardsen forstod fort at det kan vera like mykje smerte i å mista ein gammal far som eit lite barn.

– Det er naturlegvis veldig trist å mista foster, spedbarn og barn, men kjenslene kan vera like smertefulle for ei kvinne som må seia farvel til mannen ho har levd med i 50 år, og må finna ut korleis ho skal gjere alt ho gjorde saman med ektefellen, åleine heretter, utdjupar han.

Yrket gravferdsagent er for mange synonymt med ein gravalvorleg mann kledd i dress, eller som Håvardsen sjølv seier det “ein krokrygga kar som går med ei lanterne ned i ei krypt”, men gravferdsagentane og yrket er langt meir mangfaldig. Humor er også eit verktøy i kassen der det passar seg.

– Og for meg som nordlending er det nok ekstra lett å komma unna med litt humor i jobben, det verste har jo alt skjedd, seier han lunt.

Håvardsen er gjennom åra også blitt ein kjent musikar og forfattar. Gjennom boka “En seksti under” forklarer han lesaren alt om dødsfall, likhenting, forråtnelse og ein gravferdsagents liv. Han held også foredrag rundt i heile landet og er aktiv i sosiale medium.

Sorgprosessen er svært ulike frå menneske til menneske, somme fell ut av normal aktivitet for alltid, mens andre gradvis let seg bygga opp att ved hjelp av vener og naboar.

Han slepp ikkje taket

40-åringen fortel at han har ein vennekrets som veks kvart år, for han held nemleg kontakten med mange av dei etterlatne han møter i jobben. Ei enke har han til dømes møtt over ein kaffikopp regelmessig i over ti år.

Tor-Håkon Gabriel Håvardsen fortel at jobben hans er ein livsstil, han kan nesten ikkje gå nokon stader utan at han møter folk han har møtt i samband med dødsfall. Og synet av han kan få etterlatte på gråten, fordi minnet om døden blir vekt til live ved synet av Håvardsen. Han deler difor ut klemmar på omtrent alle handleturane sine, fortel han.

– Og eg har lært meg til å leva med at somme kan få triste minne aktivert gjennom synet av meg på festdagar som 17. mai, men då er det viktig for meg å visa at eg framleis har omtanke for dei etterlatte, påpeiker han.

Menneske taklar sorg svært ulikt, fortel Håvardsen. Døden er ein livsomveltar på godt og vondt, og mange kjenner på fortviling, motløyse og sorg. Rituala rundt ei gravferd kan opplevast som støttande, forklarer han. For somme pårørande kjem også døden som ei lette, dei som lever igjen er glade for at den dei var glade i slapp å li meir.

Der døden gir glede

– I dei tilfella der dei etterlatte ikkje er leie seg over at ein person er død, fordi denne personen har gjort dei vondt, må eg navigera varsamt. Eg skal korkje vera dommar for dei som lever att eller for personen som er død. Når ein slem person er død, må eg visa forståing for at dei etterletne kjenner på lette og glede, men samstundes må eg beskytta den døde. Eg må prøva å dempa sinne og føreslå mellomløysingar, om sinnet er stort og somme ikkje unner ein hard far ei verdig gravferd. Då må eg seie at alle menneske har rett på ei verdig gravferd, og om ikkje andre møter opp, er eg der.

I tilfelle der ein heller ikkje ønsker dødsannonse, kan han gjerne foreslå at ein set inn ei lita annonse på nett, slik at til dømes kameratane til avdøde på puben, får dødsfallet med seg. I slike tilfelle balanserer gravferdsagenten på ei hårfin linje, mellom omsynet til dei etterlatte og den avdøde.

Han legg til at hans rolle då først og fremst er å vera rådgivar og lyttar, for det å ikkje sørga kan for mange kjennast som eit tabu, sjølv om det eigentleg er ein naturleg og forståeleg reaksjon om personen som er død har gjort dei mykje vondt.

– Men i min jobb tek me ikkje parti. Alle døde blir stelte på same måten, uavhengig av kva gjerningar dei gjorde mens dei levde, understrekar han.

Me er opnare om døden no

Ifølge Håvardsen lærer han heile tida noko nytt i sine møte med pårørande, noko som gir han mange nye tankar, erfaringar og inntrykk.

– Menneska er ein finurleg rase, stadfester han.

Han møter menneske som har overraska han i kor frie dei er i sorga si og kor leikne somme gravferder kan vera.

Samfunnet sin omgang med døden har endra seg mykje dei siste åra, er hans erfaring. Han er glad for denne fornyinga i måten å ta farvel med dei døde på.

– Med nettet får me mange nye inntrykk og idear til kva ei gravferd kan vera, og det viser også att i korleis pårørande ønsker at den døde skal vera kledd og pynta i kista. Det er blitt rom for å laga meir personlege gravferder.

Han er også glad for at menneske tør å vera meir opne om døden no. Dette meiner han heng saman med utviklinga av digitale minnesider, der det er rom for å skriva ei nokre varme ord til dei etterlatte, ord ein blyg eldre mann aldri ville våga å seia på Rema.

I tida etter 2. verdskrig blei døden i større grad gøymt bort i Norge, fortel han. Folk hadde opplevd meir enn nok død, men Håvardsen er glad for at døden gradvis igjen har blitt ein del av liva våre igjen i tiåra som har gått.

Då far døydde var eg ikkje gravferdsagent, då blei eg brått ein liten gut att. For meg som jobbar med dette dagleg var det nyttig å få perspektivet til den pårørande, og det å mista ein foreldre gir deg kjensla av å rykka framover i køen.

Eg blei ein liten gut att

Tor-Håkon Gabriel Håvardsen seier interessa rundt døden er stor blant folk. Det har vore lite faglitteratur om emnet, døden er oftare tema i litteratur og religionar, og han verkar difor mystisk og mektig på mange. Han merkar suget etter kunnskap når han held føredrag. Blant publikum finn ein fleire pårørande, men også generelt nyfikne og menneske som sjølv har fått vita at dei snart skal døy.

I fjor haust mista gravferdsagent Håvardsen sin eigen far. Kjenslene han sat att med då var ganske annleis enn då han mista kompisen i ung alder.

– Då eg var ung såg eg nok ikkje skogen for bare tre, men då far døydde skulle ein jo tru at dette kunne eg, men det kunne eg ikkje. Då far døydde var eg ikkje gravferdsagent, då blei eg brått ein liten gut att. For meg som jobbar med dette dagleg var det nyttig å få perspektivet til den pårørande, og det å mista ein foreldre gir deg kjensla av å rykka framover i køen.

Hans inntrykk er at det er vanskeleg å vera klar for døden, både for dei pårørande eller den som skal døy. Døden er mektig og uregjerlig og mange gruar seg til det skal skje, også dei som skal leva vidare etter døden har henta ein kjær.

Folk sørger ulikt

For somme etterlatte er det vanskeleg å gi slepp på sorga og saknet og gå vidare, andre kjem i gang med det vanlege livet att ganske fort.

– Sorgprosessen er svært ulike frå menneske til menneske, somme fell ut av normal aktivitet for alltid, mens andre gradvis let seg bygga opp att ved hjelp av vener og naboar. Ei enke eg har hatt kontakt med sat lenge fast i djup sorg, men ein dag slapp lyset inn att, for mannen var tilbake i livet hennar, denne gong som spøkelse, kunne ho fortelja. Trøysta kan komma i så mange ulike former, konkluderer Tor-Håkon Gabriel Håvardsen.

Ikkje alltid er eit dødsfall naturleg, somme gonger er døden sjølvvald, andre gonger skuldast døden ulukker, andre gonger blir menneske drepne.

– Død under dramatiske omstende kan naturlegvis ofte vera ekstra krevjande for pårørande, arbeidet vårt kan også bli påverka av det, for då er gjerne både politi og eller kriseteamet inne i bildet. Spesielt ved sjølvmord kan pårørande slita med spørsmål rundt kvifor det skjedde og om dei kunne gjort noko for å unngå dette? Då er det viktig at folk i mitt yrke set av rikeleg med tid til desse menneska, slik at dei har nokon å lufta alle tankane med. For meg er det viktig at alle etterlatne skal kjenna seg velkomne og få ei kjensle av at nokon ser dei, seier han.

Pårørande ønsker av og til å vera med og pynta den døde, men det skjer ikkje så ofte, ifølge Håvardsen. Men ganske mange ønsker å sjå den døde ferdig pynta i kista. I somme tilfelle er det ikkje alltid gravferdsagenten tilrår dette.

Barnet song for den døde bestefaren

– Me kan ikkje nekta dei etterlatte å sjå den døde, men dersom me råder nokon ifrå det, har me gode grunnar for det. Men då kan me ofte få til ein mellomting, og la dei næraste berre få sjå og stryka handa til avdøde til dømes, eller berre få stå ganske nær kista, utan å sjå den døde. Eg har nemleg opplevd at pårørande kan angra å ha sett ein død i tilfelle der ansiktet og kroppen var svært forandra eller skadd, fortel Håvardsen.

Barn toler også godt å høyra om døden, er hans erfaring. Dei treng ikkje alltid sjå den døde, men å få ei god forklaring på kva som har skjedd tek brodden av barns fantasiar som i mange tilfelle kan vera meir dramatiske enn det som verkeleg skjedde. Små barn kan også innlemmast i rituala rundt gravferda, for eksempel ved å få teikna på kista.

– Eit av dei vakraste minna eg har var då me kom heim til ein gamal mann som nett hadde døydd. Då me gjekk inn i rommet såg me at den døde mannen sat i ein stol, på fanget sat eit barnebarn og song for bestefaren.